Forskingsprosjektet Digi-water

Digital tvilling skal sikre reint drikkevatn i Ålesund

Kva tåler Brusdalsvatnet og kva tåler dei som skal drikke vatnet?

Brusdalsvatnet ligger både i Skodje- og Ålesund kommune. Her sett fra øst med Ålesund i bakgrunnen.
Publisert Sist oppdatert

Forskningsprosjektet Digiwater skal gi kunnskap om korleis ein skal ta vare på Brusdalsvatnet. Dette vatnet er drikkevasskjelde for rundt 70.000 innbyggjarar i Ålesund, Giske og Sula, og ligg sentralt plassert tett opptil E39.

Meir kunnskap viktig

Avdelingsleiar for vassforsyning i Ålesund kommune, Bjørn Skulstad, seier det er viktig å få meir kunnskap om kvaliteten på Brusdalsvatnet som råvasskjelde og ikkje minst korleis vannkvaliteten kan blir endra over tid.

- Vi kan ikkje gamble med drikkevatnet vårt. No må vi vite meir om kva til dømes mikroplast og tungmetall betyr for folk si helse. Vi treng meir kunnskap, spesielt no som vi kan stå framfor ei utviding av E39, seier Skulstad. 

Vegvesenet driv sitt eige prosjekt med planlegging av E39, og dei har lova at dei ikkje kjem til å velge ei løysing som kan så tvil om at Brusdalsvatnet blir ein trygg drikkevasskjelde også i framtida.

NTNU-forskarar skal finne svar

No skal forskarar ved NTNU samarbeide med Ålesund kommune og Regionalt forskingsfond for å finne ut korleis denne viktige drikkevasskjelda skal sikrast så godt som mogeleg. Prosjektet har ei kostnadsramme på vel åtte millionar kroner.

To av dei mest sentrale problemstillingane er kva Brusdalsvatnet tåler og kva dei tåler som skal drikke det.

Digital tvilling

Ein digital tvilling er ein digital etterlikning av eit fysisk objekt. Forskarane skal bruke den digitale tvillingen i arbeidet med behandling og vern av Brusdalsvatnet. Målet er å kunne gi tidleg varsel om forureining som kan føre til helseskadar.

Professor i vatn- og miljøteknikk ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund, Razak Seidu, seier dei no ser fram til å få vite meir om miljøgifter og helserisiko knytt til drikkevasskjelda i Ålesund.

- Den digitale tvillingen blir ein virtuell simulator som integrerer drikkevasskjelda og vassbehandlinga. Det kan gi effektiv drift og samstundes fungere som eit tidleg varslingssystem for forureining som påverkar folkehelsa.

Ferdig i 2026

Det omfattende arbeidet med å kartlegge vannkvaliteten i Brusdalsvatnet skal ta omlag tre år. Ein reknar med at resultatet av dette arbeidet blir viktig for den vidare planlegginga av traseen for E39.

Bjørn Skulstad er glad for at dei no kan ta fatt på dette prosjektet i tett samarbeid med NTNU. Han er trygg på at prosjektet vil gi solid og fagleg godt forankra kunnskap frå ein uavhengig, akademisk institusjon.

- Vi reknar med å få oppdatert kunnskapen vår både om kvaliteten på drikkevatnet, korleis den endrar seg og korleis vannkvaliteten påverkar oss som har Brusdalsvatnet som drikkevasskjelde.

Ålesund ser effekten av å vere universitetskommune

Assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag seier at Digiwater-prosjektet med bruken av digital teknologi i vassbehandling er med på gjere Ålesund kommune til ein leiande kommune på dette feltet. 

Liavaag seier også at Digiwater er eit godt eksempel på Smartcity-satsinga der akademia, offentlege styresmakter og næringslivet blir kopla saman for å løyse framtidas utfordringar. 

- Her ser vi den positive effekten av å vere ein universitetskommune. Samarbeidet med NTNU er viktig både for dei tilsette og innbyggjarane våre. Vi får auka innsikt og sikrar drikkevatnet vårt for framtida, seier Liavaag.

Retting: I den fyrste versjonen av artikkelen sto det at at Digiwater-prosjektet skulle være ferdig i 2024 og at det blir viktig for det vidare abeidet til Vegvesenet. Det er no retta til at prosjektet skal ta om lag tre år og at ein reknar med at resultatet av dette arbeidet blir viktig for den vidare planlegginga av traseen for E39.

Følg UA på Facebook og Instagram.