Ytring

Nei til krav om opptak av førelesingar

Eg seier ja takk til å gje førelesarar rom til å utforske videobaserte supplement til fysisk undervising, men høgt og tydeleg nei til at alle tradisjonelle førelesingar skal takast opp.

Førelesarane er, så vidt eg veit, òg menneske. Dei kan jo òg verte anstrengde og engstelege, eller rett og slett ikkje ynskjer alt dei seier i ei førelesing lagra på video,
Publisert

Eg vil ikkje at Studenttinget NTNU, på vegne av oss NTNU-studentar, skal meine at det skal gjerast opptak av alle tradisjonelle førelesingar, og at desse så skal gjerast tilgjengelege for studentane i emnet fram til vurderingsgrunnlaget er innlevert, om ikkje lenger.

Når vi no byrjar å sjå enden av pandemien, er det viktig at vi ikkje gløymer han og alt han førte med seg. Mellom anna er det viktig at vi tek med oss det som faktisk har fungert godt. Det har òg arbeidsutvalet til Studenttinget NTNU tenkt, kjem det fram av sakspapira til førstkomande møte. Her tek dei opp opptak av førelesing og bruk av digitale verktøy, og det skal dei ha ros for. Her har det skjedd mykje, og det har skjedd fort, på grunn av pandemien, og det er absolutt mykje vi kan og bør ta med oss vidare. Likevel – kor langt er for langt?

Eg seier ja takk til å gje førelesarar rom til å utforske videobaserte supplement til fysisk undervising, men høgt og tydeleg nei til at alle tradisjonelle førelesingar skal takast opp. Ei enkel løysing kan uansett vere å endre noko lite, så det ikkje lenger går som «tradisjonell førelesing», men dette vert ein annan diskusjon.

Som sakspapira seier, er ikkje dette med opptak av førelesingar ein ny debatt, og heller ikkje ein debatt som kom med pandemien. Det finst, som med alt anna, både fordelar og ulemper knytt til dette. For meg er ulempene ved å skulle ta opp og gjere tilgjengeleg alle ordinære førelesingar heilt klårt større og viktigare enn fordelane. Når no arbeidsutvalet føreslår at Studenttinget skal meine at dette bør vere eit krav, må eg difor gjere eit forsøk på å setje ned foten.

Som sakshandsamaren skriv i sakspapira, er éi av bekymringane knytt til opptak at studentane får lågare læringsutbytte, blant anna på grunn av mindre kontakt mellom førelesar og student, og langt mindre og dårlegare diskusjon, både mellom førelesar og studentar, og mellom studentane. Eit anna viktig poeng er personvernet. Dette får mykje plass i sakspapira. Kan hende for mykje. Sjølv om sakshandsamar her kjem med grunnar til at ein kan gjere desse opptaka utan å bryte med GDPR, er det ikkje synonymt med at det er ein god idé med tanke på nettopp personvernet, og elles berre opplevinga av å filmast.

Eg skal ikkje leggje meg opp i det juridiske, men heller det personlege. Eg (og truleg fleire med meg) tykkjer det kan vere ukomfortabelt nok å rekkje opp handa i ei førelesing. Langt verre vert det om det potensielt kjem med i eit opptak.

Sjølvsagt er det ingen som tvinger nokon til å rekkje opp handa, men eg tykkjer det er synd om det skal øydeleggje for læringsutbyttet til dei det gjeld. I verste fall sit mange med same spørsmål, som dei tenkjer er dumt og difor ikkje vil ha filma, og så går alle frå førelesinga meir forvirra enn dei hadde trengt å vere. Når dette spørsmålet ikkje vart spurt, er det truleg heller ikkje særleg nyttig å sjå opptaket heime heller.

Når sakshandsamar skriv at ein fordel med ei slik opptaksordning er at studentane sjølv får moglegheit til å velje korleis dei lærer best, trur eg faktisk at vi som har vanskar med å ta ordet i ei førelesing generelt, er gløymde. Ikkje misforstå – eg meiner absolutt at vi har ein veg å gå for å gjere det lettare å kunne følgje eit emne frå hybelen, eller berre lære på ein annan måte, men eg trur ikkje dette er løysinga. Eg trur det vil hemme læringa til éi gruppe studentar, utan eigentleg å fremje læringa til ei anna nok til at det er verdt det.

Førelesarane er, så vidt eg veit, òg menneske. Dei kan jo òg verte anstrengde og engstelege, eller rett og slett ikkje ynskjer alt dei seier i ei førelesing lagra på video, og eg vil ikkje at vi skal miste gode undervisarar fordi vi tvingar dei til å ta opp førelesingane sine. Eg vil heller ikkje at dei skal undervise dårlegare fordi dei vert anstrengde av opptaket. Når sakshandsamar då skriv at moglegheitene opptak av undervising gjev, ikkje må gå ut over undervisinga, sit eg rett og slett att som eit stort spørjeteikn. Har de gløymd at både studentar og førelesarar er menneske?

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.