Slik bruker studentane KI under eksamenstida

I følge studentar på Reddit er bruken av KI allereie utbreidd blant studentane på NTNU. På nettforumet diskuterer dei kor langt ein kan gå utan å bli tatt for juks.

Det var mange som delte sine meiningar om bruken av KI i studiesamanheng i reddit-tråden.
Publisert

- Det er umogleg å finne ut om ein har brukt Chat GPT om ein brukar det smart.

Dette er orda til ein med brukernamnet UnitEletrical på subredditen til NTNU, r/ntnu. Her blir bruken av KI diskutert ivrig blant studentar ved universitetet.

Universitetsavisa har vore i kontakt med fleire studentar på Reddit som fortel om korleis verktøyet blir brukt i deira studiemiljø. Dei fortel at fleire studentar nå testar grensene for kva ein kan sleppe unna med om ein overlate arbeidsoppgåver til et KI-verktøy. Samt korleis det kan bli brukt uten at det vert rekna som fusk.

Ettersom disse skilja er delvis uavklart og studentane er bekymra for eventuelle sanksjonar frå universitetet, eller å hamne under mistanke, har UA valt å anonymisere studentane og la dei uttale seg under brukarnamn frå nettforumet.

KI-generert heimeeksamen starta diskusjon

I ein tråd som starta ein lengre diskusjon lurte studenten No_Original7941 på kva som ville skjedd om hen leverte ein tekst generert nesten utelukkande av KI på heimeeksamen.

Studenten som starta diskusjonen nytta seg av Chat GPT til å lage utkast til innhaldet i eksamenen.

Dei fleste råda studenten til ikkje å levere ein eksamen skrive av Chat GPT, men fleire kom også med tips på korleis ein kunne bruke chatboten uten å bli tatt for plagiat.

Fleire meinte også at det å bruke KI var direkte lærerikt, om ein gjorde det riktig.

Umulig å finne ut om man har brukt chatgpt hvis man bruker det smart. Dette er fremtiden og man må godta at det blir brukt i hverdagen. Og man lærer mye av å sparre med en ai

(Fra Reddit/r/NTNU) UnitElectrical

Brukast aktivt i studiane

Ein student som på Reddit går under namnet GnT_Man deltok også i diskusjonen. Til Universitetsavisa fortel han at bruken av KI er utbreidd på studiet.

- Eg trur at bruken er mest utbreidd mellom ingeniørstudentane, men mange som studerer data brukar det også.

Sjølv brukar han KI-tjenestar som Chat GPT som eit hjelpemiddel når han studerer.

Fakta

Chat GPT

Chat GPT er ein chatbot, eit dataprogram som er laga for å simulere ein samtale med eit menneske. Chat GPT er utvikla av det amerikanske firmaet OpenAI, og har fått mye oppmerksemd det siste året for å kunne produsere tekster som verker naturtru og passer inn i ulike sjangrar.

(https://snl.no/chatbot)

- Eg går Elsys, og bruker det dersom det er noko eg ikkje forstår og vil ha det forklart på fleire måtar. Chat GPT er spesielt god til å gi forskjellige forklaringar, sidan du kan be han gi deg ei ny forklaring så mange gonger du vil, fortel studenten.

Han forklarer at mangelen på studentassistenter gjer at chatboten har vært spesielt nyttig.

- I fleire samanhengar har underviseren gitt oss oppgåver om noko før vi har hatt førelesing om det. Da kan eg spørje Chat GPT om å forklare ting, fortel GnT_Man.

Han er likevel open om at chatboten har svakheiter, og at han ikkje bruker den til alt.

- Den er ofte ganske dårleg på å gjere matematikk- eller programmeringsoppgåver. Den kan forklare riktig kva den gjer, men gjere heilt feil.

Chat GPT som «inspirasjon»

GnT_Man trur at dei fleste studentane har innsett at det er ein stor risiko å direkte bruke KI til heimeeksamen, men at dei heller bruker dem til «inspirasjon».

- Du kan til dømes få den til å skrive eit utkast for deg og så kan du ta inspirasjon i dette til å skrive oppgåva di, eller få den til å skrive eit avsnitt eller to og så skrive om.

Dette var noko som også blei anbefalt av fleire i tråden.

På eksamen min var det spesifikt advarsel mot å bruke gpt. Som i "automatisk stryk" tror fremdeles du kan bruke det til å få en go oversikt over hvordan og hva du kan skrive, men ville ikke brukt noe av det på siste utkastet

(Fra Reddit/r/NTNU) Somethingclever451

Ein under brukernamnet Krissed råda heller studenten å bruke Chat GPT til å finne fram til kjelder, og å bruke chatboten som ein ville brukt ein medstudent.

Jeg bad om bulletpoints på strengths, weaknesses, grammatical errors og citations, og fikk overraskende god hjelp til å gjennomgå teksten min avsnitt for avsnitt. Skriv en bestilling av hva du vil ha tilbakemelding på, og lim inn deler av teksten din, helst ikke så lange.

(Fra Reddit/r/NTNU) Krissed

Ikkje juks å få tips

Prorektor for utdanning Marit Reitan forklarer at det å få tips av ein KI som Chat GPT ikkje er juks.

- Det som er juks er om ein lar Chat GPT utarbeide oppgåva eller deler av den og ikkje viser til Chat GPT som kjelde, utdjupar ho.

Reitan vil ikkje anbefale studentane å be Chat GPT om å skrive eit utkast.

- Da kan det lett bli slik at ein ender opp med at Chat GPT har skrive oppgåva, seier ho.

Prorektor for utdanning, Marit Reitan forklarar at det å få tips av ein KI ikkje er juks.

Likevel poengterer ho at det ikkje er mulig å gi klare svar på alle tenkte tilfeller og kor grensa går.

- Et godt råd til studentane, om dei brukar Chat GPT, er at ein opplyser om kva ein har nytta verktøyet til.

Kan ikkje alltid oppdage KI-bruk

Ein student med brukernamnet Peacemark som UA har snakka med, hevder at han sjølv ikkje har brukt Chat GPT på eksamen eller i forbindelse med skolearbeid, men at det er mange som gjer det.

Han meiner at NTNU ikkje med god sikkerheit kan avsløre kva som er generert av KI og ikkje.

- Det finst mange verktøy på nettet som kan redigere på den KI-genererte teksten slik at det ikkje blir utslag hos detektorane. Om ein er litt smart med kva slags «prompts» ein brukar så kan ein få produsert ein tekst som framstår som mindre KI-generert.

Jeg leverte en hel eksamen skrevet av ChatGPT 3.0 i desember. Fikk C.

(Fra Reddit/r/NTNU) Noxzen

Reitan innrømer at dei ikkje har full moglegheit til å oppdage bruk av Chat GPT.

- Noko kan avdekkast gjennom det plagieringsverktøyet vi har, til dømes med likskapar mellom oppgåver der det ikkje er naturleg. Men mistanke kan også oppstå ved at ein del av oppgåva har ein anna språkføring enn resten, fortel Reitan.

Prorektoren meiner ein er nøydd til jobbe langsiktig i fagmiljøa med kva teknologien gjer med krava til kompetanse, kunnskap og ferdigheiter for studentane.

- Denne teknologien har komme for å bli, og det er grunn til å tru at den vil bli videreutvikla raskt. På kort sikt prøver vi å lage eksamensoppgåver som gjer det vanskeleg å bruke Chat GPT. På lengre sikt må vi finne ut kva dette inneber og korleis teknologien kan bli bruktS på ein god måte, seier ho.