NTNU-professor utvald til internasjonalt naturpanel

Professor Francesca Verones skal vurdere korleis næringslivet verkar inn på naturen sin tilstand i globalt naturpanel.

Professor Francesca Verones har lang erfaring med natur- og klimarelatert forskning.
Publisert

- Det er ein ære må eg seie, for dette er ei internasjonal gruppe eg tykkjer gjer viktig arbeid.

NTNU-forskar Fransesca Verones er utvald til å vere ein av hovudforfattarane for ein rapport frå det internasjonale naturpanelet, The Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services (IPBES).

Næringsliv og biologisk mangfald

Til vanleg jobbar ho ved Program for industriell økologi (IndEcol). Ho skal ha ansvaret for eit kapittel i ein rapport frå det internasjonale naturpanelet om korleis næringsliv påverkar naturen sitt mangfald.

Verones skal sjå på korleis menneske påverkar biologisk mangfald og økosystem.

- Den handlar om korleis næringslivet påverkar biologisk mangfald. Det tykkjer eg er viktig tematikk.

Professoren har erfaring med natur- og klimarelatert forskning og fortel at det passar svært bra med arbeidet ho vanlegvis driv med ved NTNU.

- Eg utviklar modellar med input frå økologar og biologar som kan nyttast for å forstå korleis menneske påverkar biologisk mangfald og økosystem, for vi har nemleg mange verknadar på dette, forteller Verones og humrar.

IPBES-rapporten er tenkt å stå klar i slutten av 2025 eller i starten av 2026.