Dei la ned grunnsteinen for Livsvitskapsbygget

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol la saman ned ein symbolsk grunnstein for Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen i går.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol
GJER SEG KLARE: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol gjer seg klare for å senda grunnsteinen ut på si siste ferd ned på tomta til Livsvitskapsbygget.
Publisert Sist oppdatert

Saka er tidligare publisert i Uniforum

Det er knytt store forventingar til Livsvitskapsbygget til UiO og Oslo universitetssykehus som no er i ferd med å reisa seg mellom Blindern og Gaustad.

Fakta

Dette er Livsvitskapsbygget

  • Livsvitskapsbygget blir landets største universitets- og sjukehusbygning med eit samla areal på 97 500 kvadratmeter og eit budsjett på 12,5 milliardar kroner.
  • Rundt 1000 tilsette og 1500 studentar ved UiO vil få sitt daglege verke her, i tillegg til rundt 620 tilsette ved Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus (OUS).
  • UiOs forskarar flyttar inn i 2026, medan OUS sine folk vil fylgja etter i 2026 og 2027.

    Grunnsteinen inneheld dette:

    • ein modell av heksan-molekylet, som representerer grunnlaget for Odd Hassels nobelpris i 1969
    • ein 3D-printa tablett, som peikar framover mot nye behandlingsformer
    • ein minnepinne med kvantekjemiprogrammet DALTON, som viser kva informatikk og beregningsorientert vitskap betyr.
    • Kilde: Uniforum og UiOs nettsider

Akkurat det var det ingen tvil om då både forskings- og høgare utdannningsminister Ola Borten Moe, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, UiO-rektor Svein Stølen, fungerande administrerande direktør for OUS, Morten Reymert og Statsbyggs direktør for byggherreavdelinga Marius Tunstad tok ordet då grunnsteinen for bygget til 12,5 milliiardar kroner skulle leggjast ned i går formiddag.

- Dette er ein stor dag

Sidan det er lenge sidan grunnarbeidet på bygget blei ferdig, blei grunnsteinen lagt i ei korg av dei to statsrådane Borten Moe og Kjerkol før den blei frakta vidare inn på tomta av ein av dei sju byggjekranane.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har store forventingar til det som kan skje av nye forskingsfunn i bygget når forskarane tar det i bruk.

- Dette er ein stor dag, og det er tilfredsstillande å sjå at bygget no reelt fysisk begynner å få sitt uttrykk. Det har jo tidvis vore eit svært stort hol og mange uavklarte spørsmål, men no ser me at det begynner å reisa seg her me står. Og det er bra, seier Ola Borten Moe, rett etter at han og Ingvild Kjerkhol har sendt grunnsteinen vidare med ein kran og ned til byggjeplassen.

Livsvitskapsbygget.
PÅ VEG TIL KVILESTADEN: I ei korg fører kranen midt på biletet grunnsteinen ned til den siste kvilestaden inne i Livsvitskapsbygget. (Foto: Martin Toft)

- Du synest det er ei god investering?

- Det er ei god investering. Og så er det avhengig av to variablar som eg ikkje heilt kjenner fasiten på. Den eine er om dei no klarer å halda seg til dei rammene som er sett. Det er uhyre viktig. Og det er ein av dei tinga som det er viktigast for departementet å fylgja med på i tida framover i samarbeid med Statsbygg som byggherre, universitetet og sjukehuset. Så er det å realisera dei gevinstane for samfunnet som bygget skal utløysa. Ein ting er å setja opp eit stort fysisk bygg, ein annan ting er å få alle dei kreftene og miljøa til å jobba godt saman, slik at me som samfunn, får realisert resultata av dette, understrekar han overfor Uniforum.

Og det er ikkje lite ambisiøse mål han ventar at forskinga i Livsvitskapsbygget kan bringa fram i åra framover.

- Eg håpar me skal få fram det som dei har sagt at me skal få til, altså at me i kombinasjon med ein stor infrastruktur frå både universitets- og sjukehussida i samarbeid med næringslivet klarer å bringa verda vidare, skaffa til vegs ting som kan gjera ditt og mitt liv betre og lengre og som gir moglegheiter for næringsutvikling og verdiskaping som gjer at samfunnet får igjen det som det har putta ned her, forventar Ola Borten Moe.

– Dette er eit unikt bygg med eit unikt samarbeid

Livsvitskapsbygget blir til saman på 97 500 kvadratmeter. Mesteparten av bygget vil bli reservert forskarar og fagmiljø frå Universitetetet i Oslo. Men ein ein tredel av arealet skal disponerast av Senter for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus. Derfor var også helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol med og la ned grunnsteinen for bygget saman med statsrådkollegaen sin Ola Borten Moe. Og det var ikkje første gong ho var i området.

- Nei, det er det ikkje, men den gongen var det berre eit stort hol her, ler ho.

Statsråden er nøgd med at utsynet er blitt heilt annleis.

- No reiser det seg eit bygg som skal fyllast med kompetanse, utstyr, teknologi, og det kjem våre pasientar til å nyta godt av i framtida. Dette er eit unikt bygg med eit unikt samarbeid der universitetet og Oslo universitetssykehus blir knytte endå tettare saman. Dette er ein glad dag, og eg er glad for at min statsrådskollega Ola Borten Moe er like entusiastisk som meg, for dette er eit samarbeid på sitt beste, understrekar Ingvild Kjerkol overfor Uniforum.

- Eg håpar det kjem nye terapiar

Også ho har store forventningar til kva som vil koma ut av forskingssatsinga i Livsvitskapsbygget i framtida.

- Eg håpar at her kjem det nye terapiar, nye teknologiar som gjer at me brukar ressurane rett, og at me får ei god og berekraftig helseteneste, sjølv om me no endrar oss veldig. som folk, med fleire som går ut av arbeidslivet enn dei som kjem inn. Då vil denne typen innovasjonar som eg er sikker på vil koma ut av dette bygget, vera kjempeviktige. Eg er optimist og har enorme forventingar, legg ho ikkje skjul på.

– Dette er veldig viktig

Ein av dei andre hovudrolleinnehavarane under grunnsteinsnedlegginga var UiO-rektor Svein Stølen. Han hadde tatt på seg ei kvit skjorte med ei sløyfe i halsen og han hadde også hengt rektorkjeda rundt halsen.

UiO-rektor Svein Stølen.
FINT: - Det er fint å koma hit når bygget har reist seg i så stor grad, synest UiO-rektor Svein Stølen.

- Dette er veldig viktig. Me har jo jobba med dette i mange år, og det kjem til å få mykje å seia for Universitetet i Oslo. Så dette er berre ein gledens dag, seier ein strålande Svein Stølen til Uniforum. Men han har ikkje svaret på kvifor grunnsteinsnedlegginga skjer etter at bygget allereie har reist seg.

- Nei, det må du spørja Statsbygg om, er oppfordringa han kjem med.

- Me får vera glade for at det er i dag. Det er fint å koma hit når bygget har reist seg i så stor grad, synest han.

- Så no går alt på skinner?

- Det er så mange skinner som ein kan ha i ei verd som er i stadig omvelting og med mange utfordringar. Eg tenkjer at dette går bra, og så får me jobba konstruktivt vidare. Me har drive på med dette i mange år i forskjellige samanhengar.

- Det blir ikkje behov for noko kriseberedskap slik det var før revidert budsjett i fjor?

- Nei, kriseberedskap har me aldri snakka om. Men me fylgjer me på alt, slår han fast.

- Blei endå meir komplisert

Marius Tunstad, direktør for byggherreavdelinga i Statsbygg, og Morten Reymert, fungerande administrerande direktør for Oslo universitetetssykehus, deltok også på markeringa av grunnsteinsnedlegginga.

- Me har handtert ein pandemi og ein krig i Europa. Lite visste me om det då me fekk oppdraget av Kunnskapsdepartementet med å prosjektera og utvikla dette viktige bygget, sa Marius Tunstad i Statsbygg.

- Her skal me samla dei klokaste hovuda innanfor livsvitskap og sikra internasjonal konkurransekraft på området, varsla han i talen sin.

- Den gongen skulle det berre husa Universitetet i Oslo, men det beste som kom ut av den kronglete vegen, er at me har fått ombord Oslo universitetssykehus som blei med i prosjektet i 2021. Dermed auka bygget frå å vera Noregs mest kompliserte bygg til noko som blei endå meir komplisert, slo han fast.

- Me skal jobba side ved side

Morten Reymert, fungerande administrerande direktør ved Oslo universitetssykehus, tykte det var stort å sjå at Livsvitskapsbygget no reiser seg og i framtida kan husa over 600 av dei tilsette ved sjukehuset.

– Med dette får me samla fagmiljø frå fem ulike stader under eitt tak i store og lyse kontor og med ein stor biobank. Me skal jobba side ved side med Universitetet i Oslo, og me gler oss til å kunna møta kvarandre i fagleg og sosial samanheng i kantine, i bibliotek og i andre fellesareal. Også på Rikshospitalet er me i gang med førebuing av utbygging. Der vil det også skje noko ganske snart, lova han.

– Livsvitskapsbygget og utbygginga på Rikshospitalet vil gjera det mogleg for oss å bli eit nasjonalt og internasjonalt tyngdepunkt i universitets- og sjukehusmiljø innan livsvitskap, sa Morten Reymert i talen sin under grunnsteinsnedlegginga i formiddag.

Ola Borten Moe og UiO-rektor Svein Stølen
BYGGET REISER SEG: Både helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og UiO-rektor Svein Stølen var glade for å sjå at Livsvitskapsbygget no reiser seg. (Foto: Martin Toft)