Nybakt statsråd møtt med gratulasjoner på Slottsplassen

Klokka 12.15 torsdag kom Ola Borten Moe (45) ut frå statsråd hos Kongen saman med resten av Jonas Gahr Støres regjering.

Midtpunktet: Den nye forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe tok imot mange gratulasjonar då han stod på Slottsplassen.
Publisert Sist oppdatert

Dermed overtar Senterpartipolitikaren etter Høgremannen Henrik Asheim.

Ola Borten Moe har tidlegare vore olje- og energiminister i Jens Stoltenbergs andre og siste regjering. Den gongen var også SV med i regjeringskoalisjonen, men denne gongen er det berre Senterpartiet som er med på laget til Arbeidarpartiet.

Seinare i dag klokka 15.00 skal han få nøkkelen til statsrådskontoret frå avgått forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i lokala til Kunnskapsdepartementet. Av det som går fram av regjeringserklæringa, er truleg avgjerda om å skrota ABE-reforma det som vekkjer størst glede i universitets- og høgskulesektoren. Det slo Arbeidarpartiets nestleiar Hadja Tadik fast i ein epost til NTB tidlegare denne veka, skriv Uniforum.

– Den såkalla ABE-reforma er den mest ineffektive måten å drive effektivisering på. Når vi avbyråkratiserer, vil vi ikkje bruke reine ostehøvelkutt i heile offentleg forvaltning, slik Høgre har gjort, gjorde Hadja Tadik klart. No blir ho ny arbeids- og integreringsminister.

Talte til folket: Statsminister Jonas Gahr Støre talte til dei frammøtte på Slottsplassen etter sitt første statsråd hos Kongen som leiar av ei regjering.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.