Ytring:

Å sløkkja ei eldsjel: Tre trygge triks

Lat aldri eldsjela tru at ho veit sitt eige eller organisasjonens beste. Slikt er det alltid ­– alltid ­– best å få belyst frå eksternt hald.

Rektorar, dekanar og instituttleiarar: Her skal de få tre triks av meg, skriv Lars Lundheim.

Rektorar, dekanar og instituttleiarar: Her skal de få tre triks av meg, skriv Lars Lundheim.

Publisert

Eg var i eit møte for eit par veker sidan og diskuterte innovative læringstiltak. Eit av orda som gjekk att i samtalen var "eldsjel". Eg skal ikkje prøva meg på nokon formell definisjon av omgrepet, men konstaterer at det er snakk om enkeltpersonar som på ein spesiell måte brenn for ei eller fleire saker over eit kortare eller lengre tidsrom. Ingen er eldsjel på alle område heile tida, men dei fleste av oss har nok opplevd å vera det i ein eller fleire samanhengar.

Mange meiner at eldsjeler er bra for ein organisasjon, særleg når ein er i ferd med å utvikla organisasjonens innhald og arbeidsmåtar. Eller er det det? Kan det vera at desse eldsjelene mest er uromoment som skaper rot i maskineriet? Kan det vera at eldsjeler helst bør sløkkjast snarast råd før påfunna deira får uopprettelege konsekvensar? I so fall, rektorar, dekanar og instituttleiarar, skal de få tre triks av meg.

Triks 1: Kvantitet trumfar kvalitet

Sørg for å telja, måla og kvantifisera. Eldsjeler er ikkje so nøye med slikt. Dei er mest opptekne av å skapa noko av verdi, ikkje om denne "verdien" gjev seg konkrete utslag i overskot i rekneskapen, produserte studiepoeng eller auka h-indeks. Gjer det klårt for eldsjelene at det er dette du er interessert i. Eit døme på effektiviteten til verkemiddelet kan eg henta frå mit eige arbeidsliv. Eg var for 25 år sidan tilsett som fyrsteamanuensis ved dåverande Høgskulen i Sør-Trøndelag, og brann for undervisninga. Helg og yrke, morgon og kveld nytta eg for å prøva utvikla gode læringsopplegg. Studentane sette stor pris på det eg gjorde, men eg høyrde lite frå leiinga. Heilt til ein dag det kom pålegg om "tilstedeværelsesplikt".

Det skulle innførast stemplingsur (helst, men handskriven timeliste kunne til naud aksepterast). Men kva med alle dei timane eg arbeidde heime? Nei, dei skulle ikkje reknast med. Ja, men det var der eg verkeleg kunne skapa den kvaliteten som eg meinte studentane burde få. Men kvaliteten på arbeidet mitt var uinteressant. Det var talet på timar innanfor veggane på institusjonen som skulle teljast.

Trikset verka. Elden slokna, og eg kom meg snøgt over til ei forskarstilling ved SINTEF.

Triks 2: Eksternt trumfar internt

Dette er viktig og kan ikkje understrekast nok: Lat aldri eldsjela tru at ho veit sitt eige eller organisasjonens beste. Slikt er det alltid ­– alltid ­– best å få belyst frå eksternt hald. Heldigvis er den største kategorien av styremedlemer eksterne, og me har eit rikhaldig utval av konsulentfirma å leiga inn som kan fortelja oss kva me bør gjera. Men veit slike konsulentar nok om kva det vil seia å arbeida ved eit universitet? – Universitet? Eit universitet er del av offentleg sektor, og so lenge konsulentane kjenner offentleg sektor, er alt i orden, skal me tru ein avtroppande organisasjonsdirektør i eit intervju nyleg. So dersom, til dømes, ein instituttleiar viser eldsjeltendensar, er det viktig at ingen frå det aktuelle instituttet er til stades når det skal avgjerast om vedkomande skal få halda fram. Gje han ein smekk, og få han ut.

Om det er nok til å sløkkja elden i det aktuelle tilfellet, vil visa seg. Men sjansane burde vera gode.

Triks 3: Ordning trumfar ord

Du kan eigentleg seia det du vil til dei tilsette, so lenge ordningane seier noko anna. Ta til dømes dette med tillit. Du kan seia til ein medarbeidar at du har tillit til vedkomande ved medarbeidarsamtalar og jule-avslutning, og er det noko som verkeleg tenner eldsjela er det å verta gjeve ansvar og tiltru til at ein kan gjera jobben. Men pass då på å sløkkja elden med dei ordningane som vert vedtekne. Dette har NTNU nyleg demonstrert i dei nye "Retningslinjer for hjemmekontor". Dette dreier seg om kvar arbeidet skal gjerast. Det er viktig at den tilsette ikkje trur at han eller ho kan vurdera dette sjølv. Difor må bruk av heimekontor avtalast med ein leiar. Og leiaren skal gjera ei individuell vurdering i kvart tilfelle. Smak litt på dette uttrykket. Som tilsett skal ein skjøna at ein vert individuelt vurdert. Soleis sig mistilliten sakte men sikkert inn uavhengig av kva du kan ha ytra i ein oppstemt julebordtale. Og meir enn 40% av arbeidstida kan det ikkje vera tale om (jamfør Triks 1 ovanfor).

Det verkeleg geniale med dette tiltaket viser seg når det vert kombinert med det som mange tilsette no har fått oppleva som "aktivitetsbasert arbeidsplass", det som tidlegare vart kalla kontorlandskap. Her har bruk av heimekontor vore einaste utveg for den som vil oppretthalda kvalitet i arbeidet sitt. Med nyordninga kan kvar enkelt tvingast til å måtte arbeida under vilkår som er nærast garantert til å sløkkja ei kvar eldsjel. I militær taktikk kallast det ein knipetangsmanøver.

Eg må medgje at eg sjølv av og til får eldsjel-stempelet på meg, men eg kan ikkje hugsa personleg å ha vore utsett for eit einaste konkret sløkkjingstiltak i dei tjue åra eg har vore tilsett ved NTNU. So her er det forbetringspotensial!

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Powered by Labrador CMS