Margareth Hagen vert ny rektor ved Ui B

Team Hagen er valvinnar ved Universitetet i Bergen (UiB), og skal leie den største kunnskapsinstitusjonen på Vestlandet dei neste fire åra.

Margareth Hagen tek over som rektor ved UiB. Her i samtale med EUs Jean-Eric Paquet og prorektor Bjarne Foss under eit møte i Brussel.

Det skriv UiB i ei pressemelding.

– Dette er verkeleg ei stor ære og tillitserklæring for oss, seier ein strålande fornøgd vinnar av rektorvalet saman med prorektorkandidat Pinar Heggernes like etter at resultatet er gjort kjend.

Torsdag 25. mars klokka 12 stengde dei digitale «vallokala» og valstyret ved Universitetet har godkjend det endelege valresultatet.

Saman med resten av teamet, prorektorkandidat Heggernes og viserektorkandidatane Annelin Eriksen og Gottfried Greve, fekk dei 62,8 prosent av stemmene.

– Det har vore ein lang og intens valkamp. Eg vil takke alle studentar og tilsette som har stemt på oss, og eg vil også få takke motstandarane i Team Samdal for ein god valkamp, seier Hagen, som dermed held fram i rektorgjerninga med ny prorektor og nye viserektorar frå 1. august.

Oddrun Samdal, som ikkje nådde opp i valet, ønsker å gratulere valvinnaren.

– Eg gratulerer Margareth og teamet hennar, samtidig som eg vil takke for tilliten frå alle som stemde på oss. Det har vore ein intens og hyggeleg valkamp i møte med veljarane, og no ønsker eg vinnarteamet lukke til med oppgåvene som ligg framfor dei, seier Samdal.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.