Ytring:

Hopp i det! Still til NTNU-styret

«I diskusjonen om korleis NTNU skal finne ein ny normal etter korona, treng vi studentrepresetantar som veit kvar skoen trykkar, og kva som fungerer godt.» skriv Mathilde Sjøhelle Eiksund i denne ytringa.

Studentrepresentant Mathilde Sjøhelle Eiksund under et styremøte i fjor.
Publisert

For eitt år sidan bestemte eg meg for å ikkje stille til NTNU-styret. Då fristen kom tenkte eg rett og slett at eg ikkje visste nok til å gjere ein god jobb. Heldigvis for meg kom det ein sjanse til. Ei veke seinare opna valstyret igjen for at ein kunne stille – dei hadde ikkje nok kvinnelege kandidatar. No veit eg at erfaringane mine var tilstrekkelege. Eg veit også at mange av studentane eg kjenner er meir enn gode nok for NTNU-styret.

Koronaåret har vore ei berg-og-dal-bane av nedstenging og gjenopning. I styret har vi vore tett på vala om å gjere all eksamen digital før jul, opne for fysisk undervisning etter jul, stenge ned igjen etter råd frå Regjeringa, og opne igjen stegvis. Vi har vore kritiske i diskusjonen om juks, og problematisert korleis NTNU driv tradisjonell eksamen. Vi har stilt spørsmål om kven som tek ansvar for det psykososiale miljøet til studentane, og bedt NTNU ta eit tydelegare standpunkt til klimakrisa. Eg har sett kor viktig det er å ha studentar med i desse avgjerslene, og eg har stortrivst i jobben.

Som studentrepresentant i NTNU-styret har eg tatt eitt år betalt permisjon frå studiet for å jobbe fulltid i studentdemokratiet. Det har gitt meg rom til å samarbeide med studentar på tvers av studiebyar, realfagsstudentar, studentar i kreative fag og studentar med praksis.

Men sjølv om eg bruker mesteparten av tida mi på å tale studentane si sak, har eg ikkje eigentleg følt på kroppen korleis eitt år som koronastudent har vore. Ingen som sit i styret i dag veit korleis det er å vere koronastudent. Eg veit ikkje korleis det er å bli bedt om å skru på kamera i forelesing frå soverommet, eller skrive oppgåve med berre digital rettleiing. Sjølv har eg berre hatt éi digital forelesing, og eg har ikkje kjent på behovet for lokale på campus der ein kan delta aktivt i forelesing utan å forstyrre heile lesesalen, eller sitte midt i støyen frå kantina. Men det har kanskje du.

Du som har vore student under korona sit med unik kompetanse. Kanskje har du blitt kjent med klassa di over Zoom og Teams. Kanskje har du tatt på deg ansvar i ein frivillig organisasjon der det er vanskeleg å møtast fysisk. Kanskje har du motivert studentar til å lage festival, arrangere digitale korøvingar og stille til verv i under generalforsamlingar, med mange meters avstand og med meir sprit på hendene enn i glaset. Kanskje har du kjent deg einsam. Kanskje har du vore nær å droppe ut.

Erfaringane du sit på frå koronaåret er nødvendige for NTNU det komande året. Vi treng dei tunge opplevingane dine og vilja di til å vere kreativ og løysingsorientert. I diskusjonen om korleis NTNU skal finne ein ny normal etter korona, treng vi studentrepresetantar som veit kvar skoen trykkar, og kva som fungerer godt.

No er det igjen val til NTNU-styret. I dag veit eg at eg sjølv hadde nok erfaring til å stille, men også at andre kunne gjort jobben annleis enn meg. Og det er heilt fint. Det finnes ikkje noko fasitsvar på korleis studentane i NTNU-styret skal vere. Når kandidatane blir annonserte komande mandag, håper eg vi har ei mangfoldig gruppe med studentar, som har ulike erfaringar frå NTNU, studentfrivilligheita og koronaåret. Siste frist for å stille er på søndag, gå inn på studentvalget.no. Hopp i det.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.