NTNU 108 plassar bak UiO i verdensrangering over synlighet på nett

I Norden er det berre Københavns Universitet og Helsingfors universitet som har betre og større tilgang til forskingsartiklar og andre akademiske skrifter på nett enn Universitetet i Oslo.

Universitetet i Oslo er framleis langt føre dei andre norske universiteta når det gjeld kor synleg og tilgjengeleg universitetet er på nett. Det viser ei ny rangering frå Webometrics.
Publisert Sist oppdatert

Det er julirangeringa frå Webometrics ved det spanske forskingsrådet som syner dette. Den måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Fakta

Best i verda:

1.Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts institute of Technology

4. University of Oxford

Best i Europa:

1,University of Oxford

2.University of Cambridge

3. University College London

4. ETH Zürich

Best i Norden:

1.Københavns Universitet

2. Universitetet i Helsingfors

3. Universitetet I Oslo

4. Aarhus Universitet

5. Lunds universitet

Best i Noreg

1.Universitetet i Oslo

2.Universitetet i Bergen

3.NTNU

4.Universitetet i Tromsø

5.Universitetet i Stavanger

6.NMBU

(Kjelde: Webometrics)

Målinga viser at nabouniversiteta i Oxford og Cambridge gjer det aller best på dette området i Europa, tett fylgde av University College London på tredjeplass. ETH Zürich (Erdgenössiche Technische Hochscule) er det beste ikkje-britiske universitetet, og tar fjerdeplassen.

Nummer 3 i Norden

Universitetet i Oslo er på nittandeplass i Europa, og i Norden må det sjå seg slått av Köbenhavns Universitet som kjem på ellevteplass og Helsingfors universitet på 17.plass i Europa. Det svenske universitetet som gjer det best på denne rangeringa er Lunds universitet som endar på 31. plass, ein plass over konkurrenten Uppsala universitet. Det nest beste danske universitet, Aarhus Universitet, slår likevel det beste svenske universitetet, og plasserer seg som nummer 23 i Europa.

NTNU 108 plassar bak UiO

Når det gjeld dei andre norske universiteta hamnar dei mange plassar under Universitetet i Oslo. NTNU ligg på ein 64. plass i Europa og som nummer 202 i verda. Dermed ligg det 108 plassar bak UiO på verdsrangeringa. Universitetet i Bergen finn me som nummer 71 i Europa og 214 i verda medan Universitetet i Tromsø landar på plass nummer 202 i Europa og 504 i verda. Universitetet i Stavanger endar som nummer 414 i Europa og plasserer seg mellom dei 1032 mest synlege universiteta på nett i verda. Det slår likevel NMBU på Ås som seglar inn som nummer 424 i Europa og 1058 i verda. OsloMet tar 455.-plassen i Europa medan Universitetet i Agder ligg rett under som nummer 458. På verdsrangeringa endar dei høvesvis som nummer 1147 og 1154.

Dette er andre resultat for norske universitet og høgskular: Høgskulen på Vestlandet, nummer 628 i Europa og nummer 1687 i verda. Nord Universitet nummer 720 i Europa og 1984 i verda, Noregs idrettshøgskule er nummer 812 i Europa og 2326 i verda, Universitetsstudia på Svalbard kjem også inn på denne rangeringa. Det legg seg som nummer 960 i Europa og 2921 i verda)

Harvard University toppar

På verdsrangeringa kjem Universitetet i Oslo på 94.-plass, 20 plassar bak Københavns Universitet. Det tangerer dermed resultatet frå januarrangeringa til Webometrics. Verdsrangeringa blir ikkje heilt uventa toppa av tre universitetet frå USA; Harvard University, Stanford University og Massachusetts Institute of Technology . Oxford University gjer det best av dei europeiske universiteta og kjem på fjerdeplass i den siste rangeringa frå Webometrics.

Kinesiske universitet på topp i Asia

Det er Tsinghua University i Kina som gjer det best av dei asiatiske universiteta på denne verdsrangeringa, der det tar 26.–plassen. Det nest beste er også kinesisk. Det er Peking University som kjem inn som nummer 38.

Sør-Afrika dominerer

I Afrika toppar University of Cape Town lista, fylgd av tre andre sørafrikanske universitet. Så kjem Cairo University på femteplass. Sjølv om Cape Town University gjer det best i Afrika, kjem det langt ned på verdrangeringa. Først som nummer 245 finn me igjen det universitetet. Det blir dermed slått av tre norske universitet.

Brasil gjer det best

I Latin-Amerika vert rangeringa toppa av São Paulo- universitetet som også gjer det betre enn UiO på verdsrangeringa, og tar plassen som nummer 72, altså to plassar lenger oppe enn UiO. På andreplass kjem Det autonome nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM), medan eit anna brasiliansk universitet, Universidade Estadual de Campinas (UNICAMP) legg beslag på tredjeplassen.

Australske universitet på topp

I Oceania er det australske universitet som dominerer rangeringa. På topp ligg University of Melbourne og University of New South Wales som også ligg som høvesvis nummer 40 og 45 på verdrangeringa. Først på niandeplass dukkar det beste newzealandske universitetet opp. Det er University of Auckland som er nummer 157 på verdsrangeringa.

Arabiske universitet langt bak på verdsrangeringa

I den arabiske verda er det tre saudiarabiske universitet som toppar lista. Det er King Saud University, King Abdulaziz University og King Abdullah Unversity of Science & Technology. På verdsrangeringa plasserer dei tre universiteta seg mellom plass nummer 331 og 401.

Metodologien bak målinga

Webometrics er ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2017–2021. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen.Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics. Sjølv meiner det spanske forskingsrådet som står bak rangeringa, at desse indikatorane også gir eit godt og rett bilete av kvaliteten til kvart av dei universiteta og kvar av dei høgskulane som målinga har vurdert.