17. mai tar dei over ansvaret for dei største studenttilboda i Trondheim 

No har både Samfundet og UKA-25 vald sine leiarar og styre. Desse skal vidareføre dei største studenttilboda i Trondheim framover.

Det neste samfundetstyret er no satt. Frå venstre: temaansvarleg Borghild Rauø, nestleiar Mari Charlotte Soland, temaansvarleg Åsmund Hunderi Stemland, huskoordinator Lars Kval-Engstad, kommunikasjonsansvarleg Ella Johanne Devold, debattansvarleg Isak Kvandal, internarrangementsansvarleg Ingrid Vike og til slutt nyvalt leiar Rami Chumber.
Publisert

I februar og mars blei Rami Chumber og Selma Lindseth Lindeman vald inn som respektivt Samfundetleiar for 2024/25 og UKEsjef for UKA-25. No har dei to også rekruttert styret sitt. 

Sjå oversikta over dei nye styra nedst i saken. 

Alltid ein spesiell nasjonaldag for Samfundetleiaren

Chumber tek over som leiaren av Samfundet 17. mai på festmøtet i Storsalen, som er eit fast årleg arrangement på det runde raude. 

Den nye Samfundetleiaren fortel at han fram til dette festmøtet er i ein periode med opplæring med det sittande styret ved Astri Elgethun som leiar. Her får han mykje innsyn i dei ulike oppgåvene leiaren gjerne driv med, men er klar i talen på at han ikkje har noko myndigheit før 17. mai.

- Heile gjengen min har no vore med på å arrangere Samfundsmøtene på laurdagane. Vidare skal vi workshoppe og legge planen for året saman. Eg har så klart mange tankar som kom fram under valet, men det er viktig for meg at vi har eit felles prosjekt vi har kome fram til saman. 

Framover skal 23-åringen som studerer datateknologi samarbeide med styret han har vald ut for å finne ut nøyaktig kva dei skal satse på å få til i det komande året. 

Det nye Samfundet-styret skal ta over ansvaret for det runde raude den 17. mai.

- Eg ytra jo blant anna eit fokus på aktivisme mot auka studiestøtte under valet, det står eg ved, slår han fast. 

- Har absolutt trua

No for tida driv han med opplæring med det sittande styret, og gjer seg klar til fullt kjør frå og med 17. mai.

- Kva var viktig for deg i rekrutteringa av styret ditt? Er det personlege eigenskapar, erfaring i frivilligheita?

- Eg sikta på ein god heilheit. På nokre vis har eg forsøkt å fylle ut meg sjølv. Til dømes har nokre i styret lengre fartstid og erfaring med liknande arbeid på Samfundet som det vi skal gjere no. 

Chumber trur styrka hans som leiar er å vere ein person som engasjerer og motiverer dei han har rundt seg, og får dei til å bruke sine eigenskapar for det beste. 

- Eg ser jo fram til 17. mai med ein grei dose æresfrykt, men eg gler meg nok enda meir og har absolutt trua på gjengen eg har fått med meg! 

Ballen rullar straks for fullt mot UKA-25

Den nye UKEsjefen Selma Lindseth Lindeman er allereie godt i gong, og har vore gjennom fleire av dei seks opptaka som skal til for å rekruttere dei mellom 2000 og 3000 frivillige som trengs til UKA-25.

Ho fortel at styret er i full drift. No for tida er dei i ein prosess med å legge rammer for driften og etablere dei store linjene i festivalen, og driv så klart og blir kjend. 22-åringen legg til at ho møter styret sitt stort sett kvar dag.

UKE-styret 2024. Frå venstre: kultursjef Linus Klepp Vik, PR-sjef Signe Borg, driftsjef Thale Linnerud, økonomisjef Johanna Rebo, UKEsjef Selma Lindseth Lindeman, arenasjef Lars Bernhard Dahl og adminsjef Gabrielle Palm.

UKEsjefen fortel om mykje jobb kvar veke, men at det også er stor variasjon. Sjølv er ho litt ferdig med erfaringsoverføring med gjengen frå UKA-23, men styret hennar driv fortsatt mykje med det.

- Det viktigaste vi arbeider med no er at det skal bli kjekt å vere frivillig. Vi legg mykje på dei som stiller opp for festivalen. Målet er å lage ein arena for meistring og læring, seier Lindeman. 

Føler på ekstra ansvar med nybygg

Ved sidan av arbeidet om dei frivillige føler den nybakte sjefen på eit ansvar for korleis ein skal lage festivalen når ein vil ha nybygget ståande klart. Dette vil gjere at Samfundet kan huse omrking dobbelt så mange gjester om gongen.

Lindeman legg til at det er mange som kjem til byen for UKA. Det betyr mange nye studentar og andre i byen som gjerne får UKA som ein introduksjon til nybygg. Difor er det viktig for dei å levere eit godt tilbod der.

- Studentersamfundet har gjort to avstemmingar om ein skal fortsette med sponsorar som i hovudsak driv med kjøp og sal av fossilt brensel, men dette er til slutt opp til UKEstyret. Er det eit mål å unngå den kjende Equinoravtalen?

Selma Lindseth Lindeman er den øvste sjefen for UKA-25. Då skal UKA for første gang kunne ta i bruk Samfundets nybygg.

- Under valet sa eg at ein må sjå an avtalen i relasjon til andre moment. Vi er i eit samarbeid med Samfundet der vi håpar å levere eit overskot til Samfundet, svarar ho. 

UKEsjefen er tydeleg på at styret ikkje har gjort noko endeleg val om dette, men er på veg inn i denne prosessen for tida og at det er noko dei tenker å kome tilbake til. Ho minnar om at ein har eit hus og eit nybygg med meir som det kostar å drifte framover.

- Kva er draumebookinga til festivalen? 

- Eg er nok meir administrativ av meg enn ein musikkjennar, men eg må seie at eg er svært glad i Valkyrien Allstars. Det hadde vore fantastisk å få inn dei.

Til slutt legg den nye sjefen til at ho gler seg til å sjå kva ein får til med festivalen og kva slags arrangement ein får stelt i stand. 

UKEstyret for UKA-25

Arenasjef: Lars Bernhard Dahl (22)

Lars går andre året på studiet Industriell økonomi og teknologiledelse (Indøk). Han ønsker at UKA-25 skal sette Trondheim på kartet, og at festivalen skal skape minner for både frivillige og besøkende. 

Økonomisjef: Johanna Rebo (23)

Johanna går også det andre året på Indøk. Ho har vore frivillig i ei linjeforeining og i UKA-23 og UKA-21, som salssjef og salsmedarbeider.

Kultursjef: Linus Klepp Vik (22)

Går det fjerde året på Elektronisk systemdesign og innovasjon. Han har vore lysteknikar i gjengen Regi på Samfundet, arbeidsleiar i Kulisse i UKErevyen 2021 og økonomiansvarleg i revystyret for UKA-23. Til UKA-25 håper han å kunne tilby et variert kulturtilbud, slik at flest mogleg kan føle ei tilknytning til UKA.

PR-sjef: Signe Hvalgård Borg (21)

Signe går det tredje året på datateknologi. Ho har tidlegare vore med i UKA-21 og UKA-23 i gjengen Selskap, først som kokk og så som selskapssjef. 

Adminsjef: Gabrielle Palm (27)

Gabrielle er på det tredje året av ein femårig master i bioteknologi. I 2022 starta ho som spritbartender på Samfundet, før ho blei spritassistent i UKA-23. Ho vil skape ei UKE som set sitt gledespreg på byen, kor alle frivillige skal føle seg ivaretekne.

Driftssjef: Thale Linnerud (21)

Linnerud er på det tredje året av den femårige masteren Energi og miljø. Ho gler seg mykje til å spreie den gleda hun vart møtt med då ho vart teke opp i UKA-23. Ho ser fram til ei UKE der alle dei frivillige og publikummarane har det gøy.

Samfundetstyret det komande året

Nestleiar: Mari Charlotte Soland (23)

Mari Charlotte studerar sjukepleie. Ho har vore aktiv i dei arrangerande gjengane på Samfundet sidan 2022, som knausbookar og som husmann.

Debattansvarleg: Isak Kvandal (21)

Isak studerar statsvitskap. Han har vore i debattkomiteen det siste året, og har tidlegare vore aktiv i Operasjon Dagsverk og FN-sambandet.

Temaansvarleg: Åsmund Hunderi Stemland (26)

Åsmund har studert Digital infrastruktur og cybertryggleik, og jobbar for tida. Han har tidlegare vore gjengsjef i Studentmediene, samt sete som gjengane sin representant i Finansstyret på Samfundet det siste året.

Temaansvarleg: Borghild Rauø (21)

Borghild studerar også statsvitskap. Ho har tidlegare vore aktiv i studentradioen Radio Revolt, der ho har laga programmet Lytt på Nytt.

PR- og kommunikasjonsansvarleg: Ella Johanne Devold (24)

Ella studerar Nanoteknologi. Ho har tidlegare vore kafésjef i Edgar, samt driftsrepresentant i Gjengutvalet (tidlegare Gjengsekretariatet). Ho har også erfaring som pressesjef frå UKA-23.

Internarrangementsansvarleg: Ingrid Vike (24)

Ingrid studerar psykologi. Hun har tidlegare erfaring frå Klubbstyret, samt som eventbookar i UKA-23.

Huskoordinator: Lars Kval-Engstad (25)

Lars studerar fysikk og matematikk. Han har tidlegare erfaring som barsjef i Kafé og Serveringsgjengen på Samfundet, samt som logistikksouschef i UKA-23.

Følg UA på Facebook og Instagram.