Store prisskilnader i flybilletter mellom leiarar og tilsette

Khrono har fått innsyn i reiserekningar ved NTNU i fjor som viser 42.559 kroner i prisforskjellar på ein reise til USA. Ein tidlegare versjon av saken inneheld feil, og er korrigert.

Store skilnader i priser på flybilletter når NTNU-leiarar og rådgjevarar var på tenestereiser i fjor.
Publisert Sist oppdatert

Endringslogg torsdag 15.10: Khrono skreiv i sin første versjon at Anne Borg reiste på første klasse. Dette er feil, den klassen finst ikkje på aktuelle flighter. Vidare skreiv Khrono at NTNU-leiarane si returreise fra Singapore til Trondheim var på pluss/business-billettar. Det er óg feil. Bare billettane frå København, via Oslo og opp til Trondheim, var pluss på returen. SAS tilbyr ikkje business på flyreiser mellom skandinaviske land.

UA beklagar og gjer naudsynte endringar i saken.

Onsdag morgon meldte Khrono at det på ein delegasjonstur til USA var store skilnadar mellom kva slags billettar dei ulike reisande tok seg råd til. 

I mars 2023 reiste dåverande rektor Anne Borg til den amerikanske nordkysten for 48.976 kroner. Ein prodekan for forsking gjorde same reise for berre 6.417 kroner. 

Det er altså snakk om ein forskjell på 42.559 kroner frå rektor sine flybillettar til prodekanen som var med på turen.

Avisa Khrono har bedd om innsyn i reiseregningane til leiinga ved alle universitet og høgskular som er underlagd staten samd institutt og tilhøyrande verksemder. 

Ikkje det einaste dømet

I følgje Khrono er ikkje denne turen til USA det einaste tilfellet med forskjellar av denne størrelsen for personar som har gjort reiser saman.

Då det nærma seg slutten på september var mellom anna dåverande rektor Anne Borg (55.900 kroner) på ein ny tur, denne gongen til Singapore. Med seg hadde Anne Borg blant anna dekan Ingrid Schjølberg (74.578 kroner). 

På denne turen var skiljet frå størst til minst prislapp på over 60.000 kroner.

NTNU sine retningslinjer for reiser seier at ein alltid skal velje det billigaste alternativet, men at ein nokre gonger kan kjøpe billettar som kan endrast om ein av jobbrelaterte årsaker må endre returtidspunkt. 

- Når NTNU lagar retningslinjer er det viktig at dei følgast av alle og at leiarane går framfor som eit godt døme, seier Lisbeth Aune, hovudtillitsvald for Forskarforbundet ved NTNU til Khrono.

Skuldar på kategori, ruter og tidspunkt

Anne Borg seier til Khrono at ho ikkje sjølv bestilte billettane, men avtalte kva type dei skulle vere. Knut Aspås som er stabssjef ved kontoret til rektoratet seier at årsaka til prislappen er ein kombinasjon av at Borg flaug på første klasse og at endringar i programmet undervegs gjorde at ho reiste heim ein dag tidlegare enn det som var den opprinnelege planen.

Stabssjef Knut Aspås

- Ettersom det ikkje var bestilt fleksible billettar til heimreisa kom det eit endringsgebyr på 4000 kroner. I tillegg var den nye billetten rundt 9000 kroner dyrare enn den ho hadde til å byrje med, sidan det på dette tidspunktet var få ledige billettar igjen, det seier Aspås til Khrono.

Kvitteringane som Khrono har fått innsyn i viser at turen opprinneleg vart bestilt med pluss-billettar til USA og business tilbake. Avisa har spurt Borg om kvifor det vart bestilt dyrare billettar om desse ikkje kunne endrast og korleis det har seg at ein seniorrådgivar, som endra billetten sin same dag som rektoren, klarte å finne økonomibillettar på alle fire flygningane mot Trondheim.

Borg ønska ikkje å svare på desse spørsmåla.

Følg UA på Facebook og Instagram.