gjesteskribenten

Berekraft som finansieringsmodell for finansiering av forsking

Ein god kollega sa at dersom samfunnet fekk ein kilowatt for kvar gong ein brukte ordet «berekraft», ville ein kunne avblåse energikrisa ein gong for alle.

Tog
Berekraft - den vanskelege praksisen: Den NTNU-tilsette som har prøvd å bestille togbillettar til konferanse, vil fort oppdage at den obligatorisk pålagde reiseavtalepartnaren ikkje vil ha noko som helst med togtrafikk utanlands å gjere, skriv gjesteskribenten.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Er dette nok eit døme på omgrep som vandrar inn i det offentlege ordskiftet med meining og presisjon, men som vert rundslipt slik at det ikkje lenger har korkje meining, presisjon eller noko som helst anna att?

Har omgrepet enda opp som ein eigen forretningsmodell for finansiering av forsking? Eller kanskje som ein rituell premiss i alle søknader om forskingsmiddel?

Fakta

Øivind Strand

Strand er ein av UA sine gjesteskribentar.

Utdanning: Maskiningeniør frå Telemark Ingeniørhøgskule, vidare Cand Scient og Dr Scient i mekanikk frå Universitetet i Oslo.

Nåverande jobb: Professor i innovasjon ved Institutt for internasjonal forretningsdrift på Økonomifakultetet ved NTNU

Faglege interesser: Mine faglege interesser er innovasjon, entreprenørskap og samarbeid.

Oppteken av: Samspel mellom arbeidsliv, region og akademia, samspel mellom ulike fagfelt og samspel mellom studentar og tilsette i UH-sektoren.

Eg kom til verda same året som Rachel Carson ga ut boka «Silent Spring», som mange meiner markerte starten på miljørørsla. Eit tiår seinare skreiv den norske filosofen Arne Næss artikkelen «The Shallow and the Deep, Long-Range Ecology Movement: A Summary». I dette arbeidet skil han mellom djup og grunn økologi. 

Seinare, i 1984, formulerte han, saman med George Sessions åtte punkt som skulle definere ei plattform for det som vart kalla djupøkologi. Viktige moment var at alt liv har verdi i seg sjølv, at dei menneskelege utnyttingane av natur er destruktive og at økonomisk vekst må avløysast av ei form for likevekt. 

Djupøkologien sitt hovudpunkt munnar ut i ein har eit personleg ansvar for å bidra til nødvendige endringar, direkte eller indirekte, innanfor demokratiske og fredfylte rammer.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Tre år seinare kom rapporten frå Brundtland-kommisjonen, «Vår felles framtid». Den sette for alvor omgrepet berekraft på den politiske agendaen: «En bærekraftig utvikling er en utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov» (sitat henta frå FN-sambandet).

Eit anna poeng i denne rapporten er korleis miljø, sosial utvikling og økonomi heng saman med ei berekraftig samfunnsutvikling. Desse prinsippa vert tekne ned frå makronivå til bedriftsnivå av John Elkington. I boka «Cannibals with a Fork -The Triple Bottom Line for the 21st Century Business» operasjonaliserer han berekraftsomgrepet til tre dimensjonar: trippel botnlinje (TBL). 

Den sosiale dimensjonen er korleis bedrifta påverkar menneska internt i bedrifta, i lokalsamfunnet, blant kundane og mellom dei menneska som er involverte i heile verdikjeda.

Miljødimensjonen skal tydeleggjere bruk av ressursar, mengde avfall og utslepp til luft, jord og vatn. Den tradisjonelle bedriftsøkonomiske botnlinja finn vi att som ein del av den økonomiske dimensjonen. 

For fem år sidan trekte Elkington attende heile konseptet med trippel botnlinje. Han meinte at TBL berre vart nytta til passiv rapportering og ikkje som reiskap til fundamentale endringar av måten verksemder driv forretning på. Det faktum at trippel botnlinje er avlyst av opphavsmannen har gått dei fleste hus forbi. 

Trass i dette vert det i næringslivet framleis brukt store summar på rapportering av trippel botnlinje. Dersom ein tek innover seg boktittelen om kannibalar som et seg sjølv med gaffel, har vi eit målerisk bilete av ei utvikling som er relativt lite berekraftig. Men bruk av trippel botnlinje er altså ikkje nok til å hindre denne formen for kannibalisme.

Eg var på ein akademisk konferanse i ein nordisk hovudstad for ikkje så lenge sidan. Tema for samlinga var «Walk the talk»; at ein skal gjere det ein seier. Deltakarane fekk informasjon om at det av omsyn til miljøet ikkje ville bli trykt eller delt ut papirprogram. I overkant av fem hundre akademikarar som flaug inn frå alle kantar av Europa måtte sjå langt etter det vanlege programheftet der parallellsesjonar, kart og foredragstematikk vanlegvis er å finne. 

Eit raskt estimat av storleiken på karbonavtrykket for persontransport med fly og trykking av konferanseprogram gir som resultat at ein nok kan få trykt i underkant av 2000 program for same karbonavtrykk som ein flytur Ålesund - Oslo tur-retur. Dersom dette er døme på korleis akademia tenkjer om «walk the talk» i retning av ei berekraftig samfunnsutvikling, er det ein svært lang veg å gå.

Akademia, som skulle vere samfunnet sin kunnskapsbaserte spydspiss, ser ikkje ut til å ha tatt berekraft særleg alvorleg med tanke på eigne aktivitetar. Den NTNU-tilsette som har prøvd å bestille togbillettar til konferanse, vil fort oppdage at den obligatorisk pålagde reiseavtalepartnaren ikkje vil ha noko som helst med togtrafikk utanlands å gjere.

Det er dessutan litt underleg at det fanst glorete pappterningar med berekraftsmål på alle campusar mange år før ein fekk kjeldesortering av avfall. Eg observerte eit lass med slike sorteringsboksar som kom til campus Ålesund først denne veka! 

Kanskje kan eg før pensjonsalderen også få oppleve at institusjonen med visjon om kunnskap for ei betre verd har system som gjer at det er råd å finne meir miljøvenlege reisealternativ enn fly, kven veit?

Eg ventar ikkje at alle akademikarar skal satse på sykkeltransport og kortreist salat. Fly er eit viktig og nødvendig transportmiddel i mange samanhengar. Men tanken om personleg ansvar synest å vere effektivt blokkert av frykta for å moralisere. Skal moraliseringsfrykt halde attende innsikt om det vi veit er det beste av ulike alternativ? Arne Næss sitt perspektiv om personleg ansvar kan vere nyttig også i dag.

Månaden januar som vi snart gjeng inn i er oppkalla etter den romerske guden Janus. Denne guden hadde to sett auge, eit som såg mot det som låg framføre medan det andre paret såg mot det som låg bak. Janus var gud for endring, eit spesialfelt som høver godt for gudar som kan sjå både bakover og framover i tida. 

No er det kanskje ikkje andre enn ihuga nynorskbrukarar som vil gje Aasmund Olavsson Vinje status som gud. Men han samlar noko av den same dualiteten i omgrepet «tvisyn»: Det å kunne sjå båe sider, retta og vranga, det tragiske og det komiske eller det alvorlege og latterlige på same tid. 

No må eg ærleg vedgå at eg ser både det tragiske og det komiske i det å nytte berekraftsargument for å unngå konferanseprogram i papir.

Akademia er i mange samanhengar i ein Janus-posisjon, der ein har kunnskap og innsikt om mange ulike sider av komplekse problem. Men det fritek ikkje sektoren frå å bruke slik kunnskap på eigen praksis.

Kanskje er det grunn til skilje mellom grunne og djupe berekraftsaktivitetar, kanskje også mellom grunn og djup berekraftsforsking?

Ein 2000 år gamal tekst som inneheld ve-rop over blinde rettleiarar som siler av mygg og svelgjer kamelar kunne ha vore relevant om den ikkje var så moraliserande.