Ytring

Kor tett ei samling?

- Her er det om å mobilisere den nødvendige kreative krafta, viljen og ressursane til å snu noko som no kan sjå litt tynt ut til noko som ikkje berre fungerer «godt nok», men kan hende til og med hakket betre enn dei opphavelege målsettingane. Og det har eg faktisk tru på at NTNU kan klare.

- Det må da vere interessant og spennande både for studentar og fagleg tilsette å kunne bryte opp og kome inn i nye omgivnader der ein har større moglegheit til å treffe på folk med heilt andre perspektiv på same faglege spørsmål som ein sjølv er opptatt av, skriv Ola Furre.
Publisert

Som følgje av dei reduserte rammene for finansieringa av Campusprosjektet, har det dukka opp ein diskusjon i UA om kor tett ei samling av fagmiljøa det er behov for med sikte på å oppnå ei av dei mest sentrale målsettingane med prosjektet: Å stimulere til meir tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av fagmiljøa ved NTNU. I den samanhengen er det også reist spørsmål om i kor stor grad HUMSAM-miljøa må vere samlokaliserte på Gløshaugen. I tillegg har einskilde gjort merksam på at Dragvoll trass alt representerer gode kvalitetar som campus både for dei tilsette og for studentane, sjølv om det er behov for oppgradering. Som mangeårig administrativ tilsett på Det humanistiske fakultetet på Dragvoll, og når eg no går inn i ei fase som delvis pensjonist, har eg lyst til å dele nokre erfaringar og refleksjonar knytt til dei nemnte diskusjonane kring Campus-prosjektet:

Da eg som fersk historiestudent entra universitetssenteret på Dragvoll hausten 1985, hadde eg store forventningar, for lokala her oppe var ved førstehandsinntrykk både innbydande og stimulerande. Dette var også viktig for ein som hadde opplevd eit rikt og aktivt studentmiljø både som kulturstudent ved Distriktshøgskolen ved Bø i Telemark og som kriminologistudent ved Institutt for kriminologi og strafferett ved Universitetet i Oslo. Men eg vart skuffa, og det av to grunnar: Det var overraskande dødt her oppe etter at førelesingane var over på ettermiddagen, og eg opplevde lite av det levande og kreative studentmiljøet utafor førelesingssalane og undervisningsromma, slik eg opplevde det særleg ved distriktshøgskolen i Telemark, men også ved Universitetet i Oslo, nærare bestemt i «Professorboligen» på den gamle universitetscampusen ved Carl Johans gate. Eg opplevde også ein større avstand mellom faglærarane og studentane på Dragvoll enn på dei to nemnte campusane, der det var «open dør» og svært god kontakt mellom studentane og faglærarane, og der faglærarane engasjerte seg i større grad i studentmiljøet. Det var kanskje vel så overraskande, men noko eg ikkje ser grunn til å leggje skjul på. Men for ein som heile tida hadde deltatt aktivt i studentdemokratiet, var ikkje dette noko ein burde slå seg til tols med. Så eg var med og fekk i gang ein studentpub i «Grillkantina» på Dragvoll (seinare også kalla «Rødkantina») med diverse faglege og kulturelle innslag. Lokalet fekk vi leie gratis av Studentsamskipnaden, som også stod for servering av litt mat og drikke, og som på det viset gav oss støtte og oppmuntring. Men fordi eit slikt tiltak kravde ein god del friviljug arbeid og innsats frå studentane sin side, var det sårbart, og døydde ut ikkje lenge etter oppstart. Men vi gav oss ikkje, og snart var eg med i ei lita gruppe som tok initiativ til å få etablert ein eigen lesesal for hovudfagsstudentane på historie, som vi i starten sjølve administrerte, etter kvart vart tilbodet utvida for hovudfagsstudentar på alle fag med tilknyting til Dragvoll-miljøet. Og det gav umiddelbare resultat i form av eit betre fagleg-sosialt studentmiljø også ut over ettermiddagane og kveldane, og med ein stimulerande «cross-over»- effekt: Det var mykje utveksling av synspunkt og diskusjonar knytt til faglege spørsmål på tvers av fagtilhøyre blant oss studentane på Dragvoll den gongen! Godt kjent med kvarandre vart vi også.

Men trass i denne positive utviklinga, var eg ein av dei som heile tida meinte at universitetet i Trondheim måtte samlast så nært sentrum av byen som mogleg. Det var fleire grunnar til det: Ein ting var det generelt aude tilveret her oppe på Dragvoll, men vel så viktig var kontakten med det øvrige fag- og studentmiljøet i Trondheim, og ikkje minst nærleiken til byens sosiale og kulturelle liv. Eg var også av den generelle oppfatning at eit universitet bør liggje nært sentrum av byen, både for byen si skuld og for universitetet si skuld, som i eit symbiotisk forhold. I tillegg kjem som nemnt dette med behovet for meir (fysisk) nærleik for å stimulere til auka tverrfagleg samhandling. Dette meinte eg den gongen, og dette meiner eg også den dag i dag. Eg kan likevel forstå dei som meiner at med dei digitale kommunikasjonsplattformene vi har i dag, er dette med fysisk/geografisk nærleik ikkje så avgjerande lenger. Samtidig bør ein ikkje undervurdere den menneskelege kontakten ein berre oppnår i same rommet i slike samanhengar. Eg kan også forstå dei som peikar på kor fin ein campus og god arbeidsplass Dragvoll eigentleg er. For det er den. Eg har også alltid trivst som tilsett her oppe, både på grunn av arkitekturen og dei vakre omgivnadene, men også fordi eg som administrativ tilsett har fått tatt del i mange spanande og interessante prosjekt og arbeidsoppgåver, no sist i prosjektet «Fremtidens HUMSAM-studier». Rapporten frå prosjektet peiker på ei rad med utfordringar som NTNU og særleg HUMSAM-miljøet står overfor viss vi skal bli eit godt og attraktivt universitet også i framtida. Mykje av dette bygg etter mi meining opp under behovet for ei størst mogleg samling av NTNU på og ikring Gløshaugen.

Sett på bakgrunn av dei nemnte erfaringane som gammal Dragvoll-student, har eg til slutt to hovudbodskap som eg vil formidle: For det første må vi ikkje falle for freistinga å romantisere fortida, det gjeld både dei med «NTH-bakgrunn» og dei med «AVH-bakgrunn». Det er det ingen grunn til. For det må da vere interessant og spennande både for studentar og fagleg tilsette å kunne bryte opp og kome inn i nye omgivnader der ein har større moglegheit til å treffe på folk med heilt andre perspektiv på same faglege spørsmål som ein sjølv er opptatt av. Samtidig må vi ikkje bli handlingslamma sjølv om vi ikkje alt blir utforma slik det låg forslag om innanfor det opphavelege Campusprosjektet. Det gjeld ikkje minst oss som ivrar mest for samling. Nei, her er det om å mobilisere den nødvendige kreative krafta, viljen og ressursane til å snu noko som no kan sjå litt tynt ut til noko som ikkje berre fungerer «godt nok», men kan hende til og med hakket betre enn dei opphavelege målsettingane. Og det har eg faktisk tru på at NTNU kan klare.

Godt nyttår!