Ytring

Den usynlege teknologien: Brukt av alle, forstått av få

Kan initiativet frå Christensen, Bratbergsengen og Natvig verta starten på eit Trondheim Teknologarium – eit opplevingssenter for synleg og usynleg teknologi?

Nett no, då det er viktigare enn nokon gong før å synleggjera det usynlege, fremja nokre av mine kollegaer ein ide i Adresseavisa laurdag 20. mai., skriv Lars Lundheim.
Publisert

Sist laurdag hadde Lasse, Anders og Kjell ein kronikk i Adresseavisen, som seinare òg vart publisert i Universitetsavisa. Eg tykte dei framlagde ideane var so interessante, at eg ville støtta opp om initiativet med ein eigen kronikk, som er attgjeven nedanfor. Av grunnar dei ikkje vil oppgje, ville redaksjonen i Adressa ikkje offentleggjera teksten, so eg prøver meg heller i UA:

Dei siste 200 åra har ulike former for ny teknologi endra samfunn og levekår for menneska på jorda. Og denne endringa har akselerert. Aldri har ny teknologi so fort vorte gamaldags som i dag.

Sykkelen var ei nyvinning som i løpet av nokre tiår rundt byrjinga av nittenhundretalet endra dagleglivet for mange menneske. Sykkelen er døme på ein synleg og lett forståeleg teknologi. Innretninga såg sikkert merkeleg ut fyrste gong nokon såg ein sykkel, men etter å ha fått han demonstrert, er det ingen som tvilar på korleis han fungerer.

Den elektriske sparkesykkelen kom bokstaveleg tala susande inn i storbyane i 2018. På nokre få veker var dagleglivet for mange (spesielt unge) menneske endra. Funksjonen å flytta ein person frå A til B ved hjelp av to hjul har han til felles med den tradisjonelle sykkelen, men ser me på den underliggande teknologien, er det ein enorm skilnad. Elsparkesykkelen har motor og batteri (som du ikkje ser). Han er knytt til internett gjennom ein smarttelefon, du betaler for bruken gjennom abonnement og nettbank, alt saman teknologi som inntil få år sidan var som science fiction å rekna.

Energi har alltid vore usynleg, men vert lagra og flytta i synlege berarar som ved, kol og bensin. Den mest fleksible energiberaren er likevel den usynlege elektrisiteten, som vart tilgjengeleg dei fleste stader i landet i løpet av dei fyrste tiåra av nittenhundretalet. Her til lands har me gjennom vasskrafta vorte vande til at denne energitilgangen er bortimot gratis. I vinter endra dette seg brått gjennom at me til tider fekk dei høgste energiprisane i Europa. Forklaringa har å gjera med kablar til kontinentet, internasjonale avtalar og elektroniske styresystem for kraftproduksjon, kjøp, sal, overføring og omsetjing. Politikarane prøver forklara dette til folket, men dei fleste strevar med å skjøna at situasjonen må vera slik.

Kor mange hadde høyrt om GPT før i år? Ein god del datafolk og nerdar hadde det, men for dei fleste var det ei kryptisk forkorting utan vidare meining. Omgrepet "kunstig intelligens" (KI) har nok dei fleste høyrt om, men det har hatt lite og inkje å gjera med dagleglivet for den vanlege mann og kvinne. So i løpet av nokre få veker vart ChatGPT ein "snakkis". Det viste seg at KI, ein teknologi meir usynleg enn noko me tidlegare har vore bort i, no kunne ikkje berre bestå eksamenar på universitetsnivå men til og med gjera det temmeleg bra. Kva skal me no med utdanning? Kva er det no for slags jobbar som ikkje kan overtakast av maskinar? Mange reagerer med angst og otte over ei framtid som me kanskje berre har sett byrjinga av.

Dei mest pessimistiske fryktar no at KI vil "overta verda" og gjera slutt på menneska som art. Dei litt meir nøkterne ser heller faren i at totalitære regime og store kommersielle selskap vil nytta den usynlege teknologien til å auka sitt grep om menneske og samfunn i aust og vest.

Kor som er: Teknologiar som alle brukar og som få forstår, har potensial i seg til både godt og vondt. Og dersom me ynskjer ei god framtid, er det avhengig av at flest mogeleg forstår teknologien betre enn dei gjer i dag. Dette gjeld både for enkeltpersonar og for samfunn. Det er òg viktig at kompetansen ikkje er avgrensa til nokre få store firma i nokre få mektige land. Dermed er det ei utfordring for Noreg som eit lite, men rikt land å sikra både eit kunnskaps- og kompetansenivå som gjer det mogeleg både å agera internasjonalt og å kunne ha styring med korleis den usynlege teknologien vert brukt.

Kompetansen som trengs for å sikra ei berekraftig framtid med og gjennom synleg og usynleg teknologi, er tverrfagleg. Her trengs alt frå matematikk og fysikk til historie, sosiologi, jus og statsvitskap. Dette er fagfelt me meistrar godt i Noreg og i høg grad i Trondheim. Me er difor i ein framifrå situasjon for å kunne støtta opp under den kompetansehevinga som heile folket treng i møte med ei framtid me ikkje anar korleis vil sjå ut, men der den usynlege teknologien heilt sikkert vil spela ei sentral rolle.

Nett no, då det er viktigare enn nokon gong før å synleggjera det usynlege, fremja nokre av mine kollegaer ein ide i Adresseavisa laurdag 20. mai. Dei tek til orde for at Trondheim etablerer eit opplevingssenter for den usynlege teknologien der folk i alle aldrar kan få høve til å sjå, høyra, ta og føla på dette som får samfunnet vårt til å tikka. Me har allereide eit framifrå vitensenter i byen. Men me treng noko større, og noko som i sjølve teknologihovudstaden framhevar teknologien. Kanskje skal me ikkje avgrensa oss til IKT. Kan initiativet frå Christensen, Bratbergsengen og Natvig verta starten på eit Trondheim Teknologarium – eit opplevingssenter for synleg og usynleg teknologi?

Eg vonar kommune, universitet og næringsliv ikkje let denne sjansen gå frå seg. Mykje står på spel, og me har som samfunn både eit globalt og lokalt ansvar for at verda gjeng i ei god retning. Ikkje alt kan overlatast til den kunstige intelligensen. Den ekte må vera styrande.