Ukraina-krigen sparka beina under prisvarselet for bygg

Prognosesenteret varsla ein prisnedgang på byggjeprosjekt våren 2022. – Me hadde rett og slett ikkje nok kunnskap om geopolitikk til at me kunne føresjå det som skjedde den 24. februar med Russlands invasjon av Ukraina.

– Våren 2021 opplevde byggjenæringa ein vekst som var driven av både tilbod og etterspurnad. Problemet var at mange selskap var redde for å gå tom for materialar og derfor tinga dei for mykje for å få nok, sa senior maktroøkonom David Lund i Prognosesenteret.
Publisert

Det vedgjekk makroøkonom David Lund på eit seminar i regi av Statsbygg, skriv Uniforum.

Byggjenæringa i Noreg omset kvart år for 1100 milliardar kroner. Det viser tal som Statsbygg har lagt fram. Det siste året har det vore ein prisvekst på byggjeprosjekt både i privat og offentleg regi. Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har gitt UiO og Statsbygg beskjed om at det ikkje kjem på tale å lata byggjekostnadane til Vikingtidsmuseet gå 1 milliard kroner over budsjett, slik Uniforum kunne melda at kalkylen var i februar. Prisen er og skal vera på 2,14 milliardar, er bodskapen frå statsråden.

Borten Moe har også bede NTNU og Sintef i Trondheim om å setja Ocean Space Centre på vent og å redusera kostnadane ved samlokaliseringa av heile universitetet på Gløshaugen. I går opna derimot regjeringa for at dei likevel vil setja i gang bygging av Ocean Spare Centre som planlagt. I tillegg vil truleg statsråden og Kunnskapsdepartementet halda eit vake auge med utviklinga av byggjekostnadane for Livsvitskapsbygget til UiO og OUS i Gaustadbekkdalen ( som fekk ein milliardsprekk i september i fjor. Tidlegare har også både Finansavisen og Khrono meldt at Veterinærbygget på NMBU på Ås har gått fleire milliardar over budsjettet. Det som alle desse offentlege byggjeprosjekta har til felles, er at det er Statsbygg som er ansvarleg for å få gjennomført dei.

– Ein perfekt storm

For kort sidan inviterte Statsbygg representantar for byggenæringa til eit frukostseminar på Deichman Bjørvika som skulle prøva å gi svar på kvifor prisane på store byggjeprosjekt har klatra så raskt oppover. Administrerande direktør Harald Nicolaisen i Statsbygg er mellom dei som har måtta tola hardast kritikk frå byggherrar og brukarar på grunn av prisveksten på offentlege bygg.

– Innsatsfaktorane har auka med mellom 40 og 60 prosent. Ein grunn er dei kompliserte utrekningane. For det har vore logistikkproblem internasjonalt, samtidig som det har vore problem med å få tak i arbeidskraft i Noreg. Det har vore ein perfekt storm som har ført til dramatiske konsekvensar for prosjekt i Noreg. Det har vore umogleg å planleggja dette. Og dei auka kostnadane er blitt kritiserte, men det er ikkje alltid lett å kutta i prosjekta når dei allereie er i gang, slo han fast.

– Ikkje nok kunnskap om geopolitikk

Statsbygg-direktør Harald Nikolaisen fortalde at dei i fjor haust hadde jobba mykje med Prognosesenteret for å vurdera prisane før statsbudsjettet skulle leggjast fram.

– Me trudde at det det ville bli ein prisnedgang første halvdel av 2022, vedgjekk han.

Så overlet han stafettpinnen til Prognosesenterets senior makroøkonom David Lund for å forklara kvifor det ikkje gjekk slik.

– Me hadde rett og slett ikkje nok kunnskap om geopolitikk til at me kunne føresjå det som skjedde den 24. februar i år med Russlands invasjon av Ukraina, konstaterte han.

Det har vore ein perfekt storm som har ført til dramatiske konsekvensar for prosjekt i Noreg. Det har vore umogleg å planleggja dette, konstaterte administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

– Dei tinga for mykje for å få nok

Etter at det hadde vore stille i byggjenæringa under den første delen av pandemien, meinte han at proppen losna brått i årsskiftet 2020/21.

– Fram til då hadde mange prosjekt blitt sette på vent, og folk arbeidde heimanfrå og sette i gang med oppussing. Våren 2021 opplevde byggjenæringa ein vekst som var driven av både tilbod og etterspurnad. Problemet var at mange selskap var redde for å gå tom for materialar og derfor tinga dei for mykje for å få nok. Det var akkurat som under starten på pandemien, då det var mangel på dopapir fordi folk hadde hamstra. Russland og Ukraina har heile tida vore store produsentar av stål og eikeparkettar. Før invasjonen av Ukraina importerte EU-landa mellom 10 og 15 prosent av alt stålet dei brukte frå Russland og Ukraina. Etter at krigen var i gang, gjekk prisane opp, sa han.

Tømmer- og stålprisane tilbake på gamalt prisnivå

David Lund viste til at byggjenæringa ville bruka dei auka byggjekostnadane til å få betre balanse mellom tilbod og etterspurnad.

– Truleg vil derfor byggjekostnadane stabilisera seg på eit høgt nivå på lang sikt, var vurderinga hans. Om det blir fred og vennskap mellom Russland og Ukraina igjen, kan prisen på energi gå ned. Elles må byggenæringa få levert materialar frå land som India eller Kina, trudde han.

– Om det blir fred i Ukraina, må det byggjast opp igjen minst 400 000 bygningar. Men det vil likevel ikkje vera mangel på materialar andre stader i Europa, var vurderinga hans. Og korreksjonen i prisen på enkelte materialar har allereie skjedd. – Ja tømmerprisen og fastprisen på stål er no på det same nivået som det var, før krigen braut ut, hadde David Lund og Prognosesenteret rekna ut.

Ber staten om å visa vilje til å unngå ein bråstopp

Morten Skodbo, direktør i Rambøll Management Consulting omtalte også den store prisveksten i byggjenæringa med krav om kutt i prosjekt, som om dei hadde ein fot i ei bøtte med is, og den andre foten i glødande lava.

– For no treffer alt oss samtidig. Tidlegare har me opplevd at staten har sett i gang ein motkonjunkturpolitikk. No ynskjer me at staten viser vilje til å unngå ein bråstopp, var ynsket hans.

Morten Skodbo viste til at det finst 12 000 selskap i bygge-, anleggs- og entreprenørnæringa og at dei sysselset til saman 350 000 personar.

– 97 prosent av bedriftene har under 20 tilsette, understreka han.

Skodbo hadde intervjua fleire bedriftsleiarar om situasjonen i byggenæringa. Han viste til utsegn frå ein bedriftsleiar han hadde intervjua: «Akkurat no begynner det å spissa seg til. For alle prøver å koma seg ut av tidlegare inngåtte kontraktar». Andre som han hadde intervjua hadde også eit råd til byggherrar og oppdragsgjevarar. «Nøkkelen er gradvis oppbremsing – ikkje bråstopp».

Sjølv konstaterte Morten Skodbo at det ikkje alltid er rekningssvarande å spara inn på dei offentlege byggjeprosjekta.

– Staten sparer kanskje ei stund, men me vil finna kostnadane igjen på andre delar av statsbudsjettet, var han heilt sikker på.

– Byggjenæringa kan ikkje bera dei ekstra kostnadane åleine, la han til.

Opptekne av klimakrisa

Nokre bedriftsleiarar som han hadde snakka med meinte at «å stansa prosjekt og satsa på at prisane skal falla, vil aldri betala seg. For det kostar mykje å pakka ned og så pakka opp igjen». Sjølv tykte han at det var positivt å få reaksjonar som viser at bedriftsleiarane også er opptekne av verda rundt seg.

«Den viktigaste utfordringa me står overfor, er klimakrisa», er mellom svara eg har fått, fortalde han. Etter hans meining bør dei offentlege oppdragsgjevarane ta høgd for endringar.

– Det kan dei gjera ved å nytta kontraktar som opnar for nedgradering. Tillit og openheit er nøkkelen, var rådet hans, skriv Uniforum.

– Mot tøffare tider

Eirik Gjelsvik, konsernsjef i entreprenørselskapet Backe A/S er også styreleiar for Entreprenørforeininga - Bygg og Anlegg (EBA). Han hadde opplevd å møta dårlege haldningar hos det offentlege.

– Styresmaktene ser ikkje på oss som ei næring, berre som ein reiskap til å få gjennomført prosjekt, meinte han.

Gjelsvik trudde ikkje det ville bli lett for næringa han leier dei komande åra.

– Byggjenæringa går mot tøffare tider, spådde han.