Krev at prorektor trekk tilbake utsegn i språkdebatt: Reitan seier ho ikkje kjem til å be om orsaking

Språkdebattant Erlend Bakke kritiserer Marit Reitan for å ikkje ta Språklova tilstrekkeleg seriøst på vegne av NTNU.

I brevet til NTNU krev Bakke at «prorektor ved NTNU Marit Reitan kritiserer rette vedkomande i ordskiftet om språklova i Universitetsavisa våren 2023».
Publisert Sist oppdatert

I eit brev sendt frå Erlend Bakke til NTNU 5. juli kritiserer han prorektor Marit Reitans manglande respons i ordskiftet om språkbruk på NTNU våren 2023, samt korleis ho har opptrådd i debatten.

Prorektor Marit Reitan er ikkje einig i skyldingane.

Kalla insinuerande

I brevet krev Bakke at «prorektor ved NTNU Marit Reitan kritiserer rette vedkomande i ordskiftet om språklova i Universitetsavisa våren 2023».

Han meiner ho set fram skuldinga om at han «hevdar noko som er urett om NTNU-leiinga og dimed er insinuant mot NTNU » i ytringa publisert 24. mai. Dette er ikkje Bakke einig i, og viser til at Språkrådet også karakteriserer lovbrota som systematiske.

Erlend Bakke meiner Reitan burde kritisere Olaussen og ikkje han.

- Eg reagerer kraftig på at eg blir kalla insinuant, når det er eg som får kasta noko etter meg som er insinuerande. Ho hevdar at eg held fram noko om NTNU som er feil. I røyndakritiserer ho meg for å påpeike noko som stemmer. Brota på språklova har vore massive og systematiske, seier han til UA.

Han meiner ho heller burde kritisere sin underordna, prodekan for forsking ved Fakultet for økonomi, Jon Olaf Olaussen.

I ein gjestekommentar i Universitetsavisa 12. mai, som starta språkdebatten, meiner Bakke at Olaussen ytra seg i strid med dei språklege retningslinjene til NTNU.

- Det er til han ho burde rette kritikken, ikkje til meg. Han er ikkje unntatt reglane, seier Bakke.

Kan vere eit symptom

I sin gjestekommentar i mai kritiserer Olaussen krava om prosentar nynorsk og bokmål i den offentlege forvaltninga:

«Om vi vel nynorsk eller bokmål er òg likegyldig for meg, men å halde fram med to skriftspråk som er tilnærma klin like, og attpåtil halde oss med eit språkråd som kvart år sender ut rapportar og refsande meldingar i media om at statlege institusjonar og organ ikkje bryr seg om nynorskkravet, det blir for dumt.»

Bakke seier han er usikker på korleis han skal tolke mangelen på kritikk mot Olaussen i etterkant av publiseringa.

- Eg synest ikkje Olaussen ytrar seg på ein seriøs måte. Han seier rett ut at dette er tullereglar. Det må hans overordna kritisere han for. Han er omfatta av desse reglene som alle andre, og han er ikkje kven som helst. Han er ein administrativ leier ved NTNU, og har eit ansvar for at desse reglane blir følgt, seier Bakke.

- Dersom Olaussen er symptomatisk for NTNU, så veit vi kva som er hovudårsaka til dei omfattande lovbrota. Eg har ikkje med det sagt at han er symptomatisk, utdjupar han.

I brevet krev han at Reitan «kritiserer prodekan Olaussen – offentleg i Universitetsavisa – fordi innlegget hans 12. mai i Universitetsavisa er med på å underminera arbeidet ved NTNU for å oppfylla føresegnene i språklova, dei språklege retningslinene ved NTNU og den gjeldande språkpolitikken her i landet.»

Ønskjer offentleg svar

Bakke ventar at Reitan trekker attende utsegnende om han, og at ho offentleg heller kritiserer Olaussen for at han gjer narr av dei reglane som gjeld på NTNU, og på det fakultetet der han har administrativt ansvar.

- Det handlar om å forstå kor alvorlig dette er. Vi bruker målet i alle sammenhengar. Da seier det seg sjølv at språklova er ei utruleg viktig lov for verksemda i statlege institusjonar. Det handlar ikkje om noko perifert, men om den sentrale kommunikasjonen til universitetet. Det er årsaka til at eg heng meg så opp i dette, seier han.

Kjem ikkje til å be om unnskyldning

Prorektor for utdanning Marit Reitan seier til Universitetsavisa at ho ikkje kjem til å be om unnskyldning for at ho oppfatta Bakkes uttalelser som insinuerande.

Prorektor for utdanning Marit Reitan held fast ved at ho og Bakke er meir samd enn ho meiner han aksepterer.

- I svarinnlegget mitt 22. mai slo eg fast at NTNU må be om unnskyldning og at vi må bli betre. Eg tok samtidig avstand frå det eg oppfatta som insinuasjonar frå Bakke i innlegg 22. mai om at NTNUs leiing «ikkje ser meiniga med strevet for nynorsk» og at «Då veit me i tilfelle hovudårsaka til at NTNU bryt språklova…». Eg held fast ved det.

Prorektoren seier ho heller ikke kjem til å følgja kravet om offentleg å refsa Olaussen for ytringane hans om nynorsk.

- Alle som har sett seg inn i prinsipp om ytringsfridom generelt og akademisk ytringsfridom spesielt ville rekna det som ein skandale om prorektor skulle refsa ein prodekan for å nytta seg av den grunnlovfesta ytringsfridommen sin. Det gjeld sjølvsagt uavhengig av om eg er samd med vedkommande eller ikkje, seier ho.

Prorektoren held fast ved at ho og Bakke er meir samde enn ho meiner han aksepterer når det gjeld NTNUs forplikting til å oppfylla Språklova.

- I brev til Kunnskapsdepartementet skriv me: «NTNU har dialog med Språkrådet om oppfølging av språklova og dei tiltaka som må setjast i verk for å oppfylla krava i lova. I brev av 16. juni 2023 til Språkrådet har NTNU gjort greie for tiltak knytt til å styrke kompetansen i, og auka bruken av nynorsk. Blant desse er oppretting av eit permanent språkpolitisk utval, etablering av nye språkpolitiske retningslinjer og ein ny språkpolitikk for NTNU. I rektors tildelingsbrev til fakulteta ber rektor om at språkpolitikken blir følgd opp, og slår fast at det er forventa at bruken av dei offisielle skriftspråka skal vera i samsvar med lovverket. Mykje av det språkpolitiske arbeidet som må gjerast ved NTNU handlar om kultur, infrastruktur og kompetanse. Me forventar at dette arbeidet vil gi gode resultat over tid, men innser at det ikkje finst enkle og raske løysingar.»

Med dette reknar ho debatten med Bakke som avslutta.