Ytring

Følg paneldebatt om kunstig intelligens, undervisning, læring og vurdering

NTNU arrangerer ein panelsamtale om kunstig intelligens og undervisning, følg debatten her hos Universitetsavisa fra 13.00 i dag.

Frå arrangøren:

Velkomen til webinar med paneldebatt om kunstig intelligens, undervisning, læring og vurdering. På dette webinaret vil du møte mange ressurspersonar frå ulike fagfelt, som vil drøfte/diskutere tema:

  • Kva er moglegheitsrommet ved inntog av kunstig intelligens i samfunnet, på lærestadane og i liva våre?
  • Kva moglegheiter finst i møtet mellom KI og undervisning, vurdering og læring?
  • Korleis møter vi utfordringane som KI gir for undervisning, vurdering og læring?

Vi vil få 3 innleiingar, frå Benjamin Kille (postdoktor ved Institutt for datateknologi og informatikk), Anne Marie Snekvik (jurist på utdanningsområdet), og Martha Torgeirdatter Dahl (universitetslektor ved Uniped - Seksjon for universitetspedagogikk).

Resten av panelet består av Hilde Grimstad (fakultet for medisin- og helsevitskap), Guttorm Sindre (fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk), Paula Rice (fakultet for økonomi), Gustaf Uno Skar (Skrivesenteret) og Geir Øien (leiar for SEED).