2023 Oppsummert

Desse gjesteskribentane fanga flest lesarar i 2023

Slutten for nynorsk, Anne Borg til India og karaktergrunngjeving var det som trakk flest lesarar i 2023.

Publisert Sist oppdatert

Den meste leste gjesteskribentsaka i året som har gått var Cecilie Raustein si sak om studentar som ber om grunngjeving for eksamenskarakterane sine. Med andre ord starta Raustein med eit smell i si karriere som gjesteskribent for Universitetsavisa.

Cecilie Bjørnsdotter Raustein

Raustein meiner at ein kvar tilsett som blir bedd om grunngjeving av ein student bør juble av glede fordi det seier noko om at studenten er interessert i å lære, og ikkje minst lære frå feiltrinna sine. 

I saka kritiserte Raustein den prodekanen ved NTNU som kanskje klør mest i fingrane, Jon Olaf Olaussen.

Det eneste problemet er at det høres ut som ei heilt ypperlig mulighet til å lære litt ekstra, og det ønsker vel ikke Olaussen.

Prodekanen på fakultet for økonomi argumenterte tidlegare med at grunngjeving er eit ledd i ein klageprosess, ikkje undervisning, rettleiing eller tilbakemelding. Han meiner eksamen skal vere for kontroll og måling av prestasjonen til studentane framfor ein læringssituasjon i seg sjølv. 

«Eventyret om campussamling»

Jon Olaf Olaussen ved fakultet for økonomi.

I februar publiserte vi ein tekst frå Olaussen som er eit eventyr om då «TNTU - Typisk Norsk Teknisk Universitet» fann ut at ein skulle gjennomføre campussamling. Som med Askeladden er det store spørsmålet om ein nokonsinne kjem fram til målet. 

Med ei rollebesetning som inkluderer karakterer som Anne Torg, Statsbrygg og Lorten Sto presterte Olaussen å fortelle eit morosamt eventyr med politisk satire.

Det artige eventyret til Olaussen var eit friskt pust i ein elles meir alvorleg tone som er å finne i Universitetsavisa, og det var sikkert grunnen til at denne var så godt lest. 

Olaussen skreiv også «Framtida bankar på døra, men kven opnar?» som var med på å utløyse vidare ytringar i den store språkdebatten. I saka skreiv Olaussen om at han har gått frå å vere positiv til nynorsk til å ikkje bry seg, og trur no Ivar Aasen sine disiplar må legge ordboka på hylla. 

Han spurte vidare om språkleg mangfald i seg sjølv er verd å kjempe for. 

Identitet og kultur er vel og bra, men det er vel neppe primæroppgåva til eit skriftspråk? Det må vel trass alt vere kommunikasjon?

Olaussen foreslår at vi får eit språk, og kallar dette heilt enkelt for «norsk». Han meiner det stadig meir utvatna elementet i dei to skriftspråka gjer at ein kan rive muren og seie at variantane kan få stå igjen for både nynorsk og bokmål.

Rektor på utveksling

Styremøte 100322 Amalie Farestvedt

Amalie Farestvedt vil sende Anne Borg til India, tanken som trakk mange av lesarane våre. Idéen bak er at Farestvedt meiner nordmenn er blinde for realitetene elles i verda og at dette fører til feilprioritering. Vidare meinte Farestvedt her at NTNU må ta ansvar i verda.

Saka var bergensaren sitt reisebrev frå Chennai i India, og ho gjer ei rekke samanlikningar frå Trondheim til den indiske byen med omkring dobbelt så mange innbyggarar som Noreg. 

NTNU si rolle i Noreg gir moglegheit til å promotere eit globalt verdssyn og å sette verdsproblem høgare på agendaen til universitetet er noko insitusjonen har ein lang veg å gå med, meinte Farestvedt. Studenten avslutta med å takke for at ein har moglegheita til å reise på utveksling i til dømes Chennai, fordi det gav ho moglegheit til å lære denne leksa om norsk versus globalt perspektiv.

«Vi jobbar stadig meir, men får stadig mindre forskingstid»

Kristin Melum Eide

Kristin Melum Eide hadde visstnok ein ryddig garasje heime i januar, det spørs om ho har hatt tid til å fortsette vedlikehaldet. I den første saka ho skreiv for oss i år spekulerer ho om at Fillipo Berto ikkje kan skryte av det same, han er ein av dei som publiserer aller mest artiklar ved NTNU og legg spesielt mykje tid i jobben for å gjere dette. Eide meiner det er problematisk at forskarar blir tvingt til å gjere meir administrasjon og får mindre tid til forsking.

Når Eide har rydda garasjen står prestasjonen rett framfor ho, klappet på skuldra høyrer med. Slik ser ho ikkje på ikkje forsking lengre, fordi mengdene ein må lese er blitt enorme og tida dei vitskapeleg tilsette brukar på administrative oppgåver blir større. Dette fører med seg at ein må jobbe langt fleire timar i veka om ein vil henge med og publisere mykje. 

Eide viser til tal som om at det er internasjonalt tilsette kvinner som publiserer mest, og at det er nokre få som publiserer langt meir enn andre og reddar snittet for publisering. Det er synd at ein kjenner på for lite tid til å gjere det ein vil aller mest i jobben sin, men det er bra Eide i kvart fall blir sjølvtilfreds av å produsere det faste gjesteskriveriet til oss i Universitetsavisa. 

Den heilage gral for forskarar

Helge Holden er professor ved Institutt for matematiske fag og leiar av Abelkomiteen.

Helge Holden har publisert fleire saker for oss i år også, men det var saka om den heilage gral for forskarar, eit ERC grant, som trakk flest. Det er vell mange av lesarane våre som gjerne kunne tenkt seg eit slik og tok første steg her. 

Holden meiner ERC si søknadsprosedyre er gullstandarden i bransjen. Dessverre gjer ikkje NTNU det spesielt bra når det gjeld å få av dei tre ulike formene for støtte ein kan få gjennom ERC, men gir oss trøst i at NTNU er gode på å få støtte i Horisont Europa.

For den potensialle søkaren er det kanskje interessant å vite at søknadane til ERC blir vurdert på to hovudkriterium: prosjektsøknaden og prosjektleiar. Sjølv om det er nokre problem med søknadsprosessen hevdar Holden at det er den beste han har vore borti. Noko av det legg han på at ERC stadig verkar å ville bli betre.

Universitet, region og bruk av paraply

Øivind Strand, professor, nestleder med ansvar for forskning ved Institutt for internasjonal forretningsdrift, NTNU Ålesund

Eit variert samspel mellom universitet og region er kanskje det Øivind Strand ønsker seg til jul i år. I denne ytringa løftar Strand fram at institusjonar, som paraplyar, fungerer best når dei ikkje er samanslåtte.

Dei små og sårbare fagmiljøe med ujamn kvalitet er ein av grunnane til at ein har gjennomført ei strukturreform. Strand tykkjer det er for få som har teke opp problema som kan dukke opp når fagmiljø blir store og ein må løyse problemstillingar kring dobbeltarbeid, felles ressursar, splitting og ineffektivitet. 

Når ein organisasjon blir større må ein bruke meir ressursar på samling, og ofte går det utover akkurat dei ressursane ein tenkte å spare inn på samling. 

Strand meiner at spisse og spesialiserte gav fleir tankar til regionane sine behov og mindre på akademisk forskingskompetanse. Som eg sjølv ofte må har Strand besøkt nynorskordboka der han fann ordet "stordriftsfordelar", han saknar ordet "stordriftsulemper".

Er NTNU en attraktiv arbeidsplass for Generasjon Z

Nils Kalstad er leiar ved Institutt for informasjonstryggleik og kommunikasjonsteknologi.

Leiaren ved Institutt for informasjonstryggleik og kommunikasjonsteknologi, Nils Kalstad, utfordrar heile NTNU til å handle no. Grunngjevinga: Generasjon Z kjem ut i arbeidslivet

Kalstad ser at min generasjon, altså Generasjon Z, har ulikt perspektiv på mykje, både i arbeidslivet og generelt. Han legg fram at Generasjon Z jobbar gjerne hardt for rett arbeidsgivar, men kan forlate skuta om arbeidsplassen ikkje følg krava. Noko av det som må vere på plass er høgre lønningar, flatare strukturar, meir fritid, fleksibilitet og samfunnsansvar.

I 2025 vil fleirtalet av doktorgradsstudentane ved NTNU kome frå Generasjon Z i følgje Kalstad. Han er tydeleg på at hans institutt ikkje kan melde om noko endeleg løysing, men at dei har byrja arbeidet med tilpassinga som må til. Det ønsker han å sjå på heile NTNU. 

Kalstad illustrerer poenga sine godt med svar frå ei undersøking om rekruttering av medarbeidarar og studentar. Ein Baby-boomer svara at dei ikkje forstår Generasjon Z fordi dei ikkje er på Facebook. Ein frå Generasjon Z svara at dei ikkje forstår Boomerane fordi dei ikkje er på Facebook. Dette fortel kanskje ein del om avstanden mellom generasjonane. Kalstad hevdar at vi må arbeide med vår eiga forståing av kvarandre om vi skal ta mangfald på alvor. 

Det næringsnære ble et varemerke

Annik Magerholm Fet er professor i systemteknikk.

I april kunne forhenverande viserektor Anikk Magerholm Fet dele ei god innføring i korleis det gikk då ein skulle vekk frå lokal tankegong til fordel for heilheita på tvers av studiebyane Gjøvik, Trondheim og Ålesund. 

Magerholm tek oss tilbake til 2016. Då satte ein rekord for immatrikulering ved eit norsk universitet. Heile 9000 starta ved NTNU, 1100 av desse ved hennar campus i Ålesund. 

Den tidlegare viserektoren trakk fram at mange stilte spørsmål om det tverrfaglege samarbeidet som hadde vore tradisjon i Ålesund kom til å svekkast. I 2018 fekk NTNU i Ålesund og Gjøvik tverrfaglege planar for satsingar som var vedteke av rektor og gjeld til 2025. 

Dette såg ho som eit viktig styringsverktøy. For Ålesund var hav, handel og helse fokusområda. Digitalisering, bærekraft og nyskaping gjaldt for alle tre områda. 

Magerholm skreiv at NTNU Ålesund har hatt ei fantastisk utvikling i antal doktorgrafsløp på få år og at forskinga no gjer at ein tek del i større prosjekt som ein driv fram sjølv. Ho meiner auka antal doktorgradsløp er ein indikator på at NTNU satsar på forskarkompetanse. 

Avsluttinga er i form av eit sitat frå Tore Johan Øvstebø i Ålesund kommune, han sa at det viktigaste som har skjedd dei siste 20 åra er at Høgskulen i Ålesund var del av NTNU.

Bærekraftig medisin – framover i alle retninger

Linn Getz har vore gjesteskribent for UA fram til i haust.

Getz trekk fram at i 2020 skreiv redaktøren i Tidsskrift for den norske legeforening at helsetenestene verda over ville stått for verdas femte største klimagassutslipp om den var eit land. I same tidsskriftet kunne ein året etter lese om at helsetenesta genererer meir klimagassutslepp enn flytrafikken og shipping til saman. 

Dette gjer at professoren etterlyste handling og auka innsikt. I Helsepersonellkommisjonen sin rapport ser ein ordet bærekraft 106 gonger og klima fire gonger. Dette koplast aldri med helsetenesta si verknad på klima. 

I saka får lesarane ei innføring i problematikken gjennom ei rekke gode dømer. Getz legg fram aktuelle tal, ulike mål og vedtak og er kritisk til fokus i blant anna Regjeringa sin strategi for å auke helsekompetansen til folket. 

Tvilselgerne

Simon Malkenes er lektor og forfattar.

Midt i politiske skandalar som tok mykje plass i nyheitsbiletet tok lektor Simon Malkenes moglegheita til å trekke fram momentet Hannah Arendt kalla «factual truth». Ho seier at historikaren veit kor skjør sanninga er. Hendingar og mennesker kan heile tida veltast og rivast i strykker av påstandar og innvendingar. 

Malkenes viser til «falsk balanse» i akademia når konsensusen i forsking får ei rolle som er likeverd med enkeltforskarar si kritikk av den. I offentlegheita blir dette nytta som ein strategi for gi inntrykk av at forskarar ikkje er samd om eit gitt tema og at ein difor ikkje kan trekke den konklusjonen som konsesusen gjer. 

Til slutt trakk lektoren fram offentlegheita som beståande av mange sanningar og at dette i følgje Ruth Wodak er ei kamp om dei sanninga. Dette såg Malkenes igjen i det han kalla tidenes politiske skandale. Han meiner akademia må følgje med, fordi moglegheitenebetingelsane spring ut av dei som går til åtak mot vitskapen og sår tvil om den.

Kva er det særaste instrumentet på Institutt for musikk?

Nora Bilalovic Kulset.

Svaret på det spørsmålet har verken eg eller Ola Borten Moe, som på sitt besøk til Institutt for musikk stilte nettopp det spørsmålet. Instituttleiar Nora Kristine Bilalovic Kulset inviterte Borten Moe til institutt og skildra både artig og kritisk korleis besøket gjekk for seg. 

Det heile kom til etter at Kulset inviterte den tidlegare statsråden i kommentarfeltet til Adressa på Facebook der eit intervju med Moe var publisert. I intervjuet uttala Moe at samlokaliseringa med symfoniorkesteret og kulturskulen i Olavshallen ikkje er ein dårlig plass å vere. Kulset meiner dette er ein sanning med sterke modifikasjonar. 

- Eg kjem gjerne, svara Moe på invitasjonen.

Resultatet var det eg meiner er den artigaste gjesteskribentsaka vår frå i år.

Følg UA på Facebook og Instagram.