Første gong denne lærarutdanninga har hatt ledige plassar: - Eg har trua på at det ordnar seg

Søkartala til lærarutdanningane i landet har vore låge i år. No merkar ein resultatet ved ulike lærarutdanningar i Trondheim.

Teknologibygget, Kalvskinnet.
Publisert Sist oppdatert

For Institutt for lærarutdanning (ILU) er det første gong ein har lagt ut ein av grunnskulelærarutdanningane på oversikta over studium med ledige plassar.

Instituttleiar Ingfrid Thowsen seier at ho absolutt har trua på at dei får fyllt opp programmet likevel.

Ingfrid Thowsen er instituttleiar ved Institutt for lærarutdanning (ILU).

Thowsen fortel at det er grunna få søkarar og at dei ikkje trur studiet blir fyllt med dei 88 som har fått tilbod i frå første runde.

Programmet grunnskulelærar, 5.-10. trinn, med norsk har 75 plassar. Instituttleiaren seier at sidan dei veit at det alltid er nokon som ikkje takkar ja til studieplass eller ikkje møter opp bestemte dei seg for å legge ut programmet.

- Dette er ikkje berre eit problem hjå oss, men også nasjonalt. Vi arbeider med å få auka søkartala til lærarutdanningane.

- Det er ikkje berre eit spørsmål om utdanningane i seg sjølv, men også om kva oppfatninga til potensielle søkarar er om læraryrket, fortset Thowsen.

Samordna opptak har delt ut tilbod alle som har kome inn på eit studie i første omgong. Kring i landet har 130 lærarstudium tomme plassar.

Låge søkartal fører til konsekvensar ved fleire institusjonar

Dronning Mauds Minne høgskole for barnehagelærerutdanning.

Ved Dronning Mauds Minne høgskule for barnehagelærarutdanning er det også ledige studieplassar. Det melder Utdanningsnytt onsdag 19. juli.

– Ja, det fyltes ikkje opp på første opptak. Talet går såpass tilbake at vi må kutte to klassar, seier Berit Gåsbakk, seniorrådgivar ved DMMH til Utdanningsnytt.

- Vi er bekymra for barna. Færre barnehagelærarar kan gi fleire tilsette på dispens i barnehagane, og færre tilsette med tilstrekkeleg kompetanse vil i sin tur ramme barna i barnehagane, fortset ho.

Færre ynskjer å utdanne seg som lærar

Tidlegare i vår skreiv Universitetsavisa om at det er 21,9 prosent færre søkarar til lærerutdanningene i år enn det var i fjor, tala har ikkje vore så låge sidan 2008.

Leiaren av Pedagogstudentane, Lars Strande Syrrist fortalde då til Universitetsavisa at dei forventa dårlege tal, men at dei ikkje hadde sett føre seg så dårlege tal som det viste seg å bli.

På nettsidene til Samordna opptak er det ein oversikt over ledige studieplassar. Til universitet og høgskular er det 507 studium med ledige plassar. På fagskulane i landet er det 233 studium med ledige plassar.