Støre støttar tanken om å etablera russisk eksiluniversitet

Statsminister Jonas Gahr Støre synest det er ein god idé å kunna etablera eit universitet for russarar utanfor Russland.

– Det er ingenting som tyder på at krigen er nært føreståande å slutta, sa statsminister Jonas Gahr Støre..
Publisert

Mellom 150 og 200 personar var på plass i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på UiO då statsminister Jonas Gahr Støre tysdag heldt ein tale om Noreg og verda etter åtaket på Ukraina.

Etter at han hadde blitt helsa velkommen av prorektor Åse Gornitzka, tok han utgangspunkt i eit sitat frå verdas mest kjente russiske leiar, Vladimir Lenin:

-«Det er tiår der ingenting skjer og veker der tiår skjer». Det er fleire hendingar som kan kategoriserast inn i dette: Berlinmurens fall i 1989, terroråtaket mot USA 11. september 2001 og Russlands invasjon av Ukraina 24. februar 2022, lista han opp.

– Russland - frå eit autoritært problembarn til ein totalitær stat

Støre tykte også det var vanskeleg å spå den vidare utviklinga av krigen.

– Det er ingenting som tyder på at den er nært føreståande å slutta, var vurderinga hans.

LES OGSÅ: UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

Etter hans oppfatning har krigen ført til sterkare samhald i EU.

– Eg såg korleis EU har blitt betre og raskare til å ta avgjerder. Ein nyleg avgått norsk ambassadør i Berlin sa at det hadde skjedd meir på dei siste fem vekene enn på dei fem åra før. Russland går frå å vera eit autoritært problembarn til ein totalitær stat og eit utanforland, sa Støre. Han peika også på dei dramatiske konsekvensane Russlands invasjon av Ukraina hadde ført til i Europa.

– Sverige og Finland blir truleg med i Nato. Likevel, den største konsekvensen av krigen oppplever Ukraina, som er Europas nest største land. 14 millionar ukrainarar er drivne på flukt, seks millionar av dei er utanfor heimlandet sitt. Det er faktisk langt meir enn talet på innbyggjarar i Noreg. Sjølv har eg møtt ein ukrainsk 15-år gamal flyktning frå Ukraina i Bergen. Mora og faren hans er igjen i Ukraina, og syskena hans bur andre stader i Noreg. No sat han på skulebenken for å læra seg norsk. Og så har eg møtt sjuåringen som gler seg over å vera saman med og bli kjent med andre sjuåringar, fortalde han.

– Russland kjører på raudt lys

Jonas Gahr Støre viste korleis invasjonen hadde fått store konsekvensar langt utanfor Russlands grenser, både for Norden og for det globale samarbeidet.

–Det har skjedd ei kraftig oppvekking av det internasjonale systemet som er bygd på nokre viktige trafikkreglar, der den viktigaste er respekten for andre land sin suverenitet. Russland kjører no på raudt lys, Og utanriksminister Sergej Lavrov har sagt at Ukrainia ikkje har rett til suverenitet. Russland tar i bruk militær makt mot mindre land, slo statsministeren fast.

For han var dette ei tilbakevending til Jalta-avtalen etter Den andre verdskrigen.

– Russland vil igjen bestemma kva land som skal vera med i ulike organisasjonar.

Etter Jonas Gahr Støres meining, var det tidleg ganske klart kva planar Russland hadde.

– Når Russland plasserte 150 000 soldatar nær grensa til Ukraina var det både for å leggja press på Ukraina, men også for at soldatane skulle brukast, var han overtydd om.

Nokre veker etter invasjonen hadde Jonas Gahr Støre ein telefonsamtale med president Vladimir Putin.

– Eg sa ifrå om at eg var heilt ueinig med han i argumenta hans for å gå til åtak på Ukraina. Ingen av dei punkta kan legitimera slike lidingar og øydeleggingar i nabolandet, understreka eg.

– Prega av låg moral og dårleg logistikk

Jonas Gahr Støre meinte det var ein ting makthavarane i Russland ikkje hadde gjort gode nok analysar på før dei gjekk til åtak på Ukraina.

– Motstandskrafta i folk som kjempar for landet sitt. Me såg det både i Vietnam og i Afghanistan. Autoritære regime sin største veikskap er den manglande evna til å laga gode analysar. Ting tyder på at Russland har vore like dysfunksjonell som Sovjetunionen var dei siste åra den eksisterte. Ingen kjenner heller utgangen på krigar, men det ser ut som om dei russiske styrkane er prega av låg moral og dårleg logistikk. Russland har truleg mista fleire personar på dei tre første månadane av krigen Ukraina enn på ti år i Afghanistan, trekte han fram.

LES OGSÅ: Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten på Putins regime

– Alle krigar endar til slutt

Men statsministeren kritiserte også vår tolking av opplysningar om krigen som blir publiserte i Noreg, Europa og i resten av vesten.

– Me har ein tendens til å overvurdera det både når det går dårleg for Russland og når det går godt for Ukraina. Akkurat no er det vanskeleg å sjå grunnlaget for ei endeleg avslutning på krigen. Men alle krigar endar til slutt. Spørsmålet er om dette vil bli ein frosen konflikt som i Transnjestr og i Abkhasia, peika han på.

Støre trudde likevel ikkje alt håp om ei fredsløysing er ute.

– I Europa må me sjå moglegheitene for at partane kan setja seg ned ved bordet og forhandla fram ei løysing, sa han.

For statsministeren var den største endringa dei siste månadane korleis nesten alle EU-landa hadde klart å bli einige om felles innsats og felles mål.

– Det er eit sterkt verdifellesskap mellom dei ulike landa i EU både i sør og i nord. Noreg har også slutta seg til den siste sanksjonspakka som EU vedtok denne veka, understreka han.

– Også arbeidsdelinga mellom Nato og EU er blitt mykje betre enn det den var, la han til.

– Paradokset er at utanriksminister Sergej Lavrov. som eg forhandla fram delelinjeavtalen i Barentshavet med, er den same som seier at Ukraina ikkje har rett til suverenitet.

Garanterte gassleveransar frå Noreg

Støre garanterte også at Noreg ville levera så mykje gass og olje som mogleg til dei EU-landa som kuttar ut Russland som leverandørland.

– Me skal levera fram til den kan erstattast av grøn energi. Derfor har me sett i gang havvindsatsing som vil gi oss 30 gigawatt med grøn energi frå norsk sokkel i 2040. Dessutan bidrar me med dei nye anlegga for karbonfangst på Klemetsrud i Oslo og i Brevik, nemnde han.

På vegner av regjeringa lova han også at Noreg skal halda fram med å hjelpa Ukraina.

– Noreg gir militær støtte til Ukraina. Noreg skal også vera Natos auge og øyre i nord. Og den amerikanske leiarskapen er no komen tilbake. Forståinga frå Biden-administrasjonen er svært stor. Det vil ikkje endra seg uansett kven som overtar som president i 2024. Støtta i Kongressen er svært stor. Og USA forlet heller ikkje Europa under Donald Trump, konstaterte han.

Paradokset

Så vende han tilbake til utviklinga i Russland.

– Det har gått frå det autoritære til det totalitære. Paradokset er at utanriksminister Sergej Lavrov. som eg forhandla fram delelinjeavtalen iP Barentshavet med, er den same som seier at Ukraina ikkje har rett tilP suverenitet. I Russland er all makt samla på ein stad. Det er blitt eit utanforland både i Europa og i verda. Det er ikkje russarane sin feil, men feilen til dei russiske leiarane, understreka han.

Støre frykta heller ikkje samarbeidet mellom Russland og Kina.

- Det er eit fornuftsekteskap, og ikkje noko kjærleg forhold. Russlands økonomi er på 10 prosent av Kinas. Det er berre Kina som vil ha ein fordel avP den avtalen, var han sikker på. Støre kom også inn på skilnaden mellom Ukrainas president Volodymyr Zelinskyj og Russlands president Vladimir Putin.

– Den første er legitimt vald i demokratiske val og har folkeleg støtte, medan Putin er ein autoritær leiar som ikkje er legitimt vald, sjølv om meiningsmålingar viser at han har folkeleg støtte, peika han på.

– Eit spennande og interessant forslag

Russlands åtak på Ukraina og undertrykking av både media og opposisjon innanlands har ført til at mange russarar har flykta, blant dei mange forskarar og studentar. På spørsmål frå Uniforum om han kunne tenkja seg å støtta tanken om å etablera eit eksiluniversitet for dei etter modell av Det kviterussiske (belarussiske) universitetet i eksil i Vilnius i Litauen, var statsminister Jonas Gahr Støre open for det.

– Ja, det er eit spennande og interessant forslag. Eg tenkjer tilbake på 1980-talet på alle som reiste ut frå Russland til Israel, nærare 1 million personar. Mange av dei var velutdanna, ja, det kom også eit heilt symfoniorkester dit ein gong. I dag er det mange intellektuelle og forskarar som ikkje vil bli verande i Russland. Det er openbert eit tema som kunne eigna seg for eit europeisk samarbeid og på internasjonale møte. Eg har også sagt mange gonger at det er regimet i Russland som me skal halda ansvarlege, ikkje kvar enkelt russar. Dei er på mange måtar offer for det som skjer no. Dette er eit tema som eg trur vil koma opp på ulikt vis, sa Jonas Gahr Støre til Uniforum.

Akkurat no fryktar han mest dei indirekte fylgjene av krigen utanfor Europa.

– Den kan føra til svolt i Nord-Afrika og i Midtausten fordi kornlaster frå Ukraina ikkje kjem fram. Det kan bli større matmangel i desse områda enn i 2011 då me fekk Den arabiske våren, åtvara han om.

STUDENTAR I FLEIRTAL: Det var flest studentar mellom dei 150 og 200 personane som kom til Georg Sverdrups hus på Blindern for å høyra statsminister Jonas Gahr Støre tala om Noreg og krigen i Ukraina.