– Eg ville ha takka nei, om eg hadde visst at møta var opne

Kristin Clemet har sete som ekstern representant i Universitetsstyret i eit studieår. – Om eg hadde visst at møta var opne, ville eg ikkje sagt ja, avslører ho i eit intervju med Uniforum.

– Og eg må jo tillata meg å seia at UiO er den mest spennande av alle institusjonane, den største, den beste og den mest komplekse, og eit forskingsuniversitet som ragar over dei andre, synest Kristin Clemet som er ekstern representant i UiO-styret.
Publisert Sist oppdatert

Uniforum møter Kristin Clemet i hovudkvarteret til Civita i ein bygard i Oslo som ligg strategisk til vis á vis Stortinget og tre steinkast frå sentrumsbygningane til Universitetet i Oslo. Så når ho møter som ekstern representant i Universitetsstyret, er det ein spasertur på fem minutt til det faste møtelokalet Professorboligen.

Det er mange universitet og høgskular som har ynskt å ha med Civita-direktøren i styret, men ho sa berre ja til frieriet frå Universitetet i Oslo.

– Det var mange som kom til meg og ville ha meg med i styret etter at eg gjekk av som utdannings- og forskingsminister. På grunn av arbeidssituasjonen min så passa det bra å gjera det i Oslo der eg bur og arbeider. Og eg må jo tillata meg å seia at UiO er den mest spennanda av alle institusjonane, den største, den beste og den mest komplekse, og eit forskingsuniversitet som ragar over dei andre, er skussmålet ho gir til Universitetet i Oslo der ho har sete som ekstern styrerepresentant i ti månader, seier Clement til Uniforum.

– Korleis er erfaringa di så langt med å sitja i Universitetsstyret?

– Eg er veldig imponert. Det verkar som det er veldig veldrive. Når det gjeld den administrative styringskjeda, ser det ut som om det er god kontroll, gode forankringsprosessar, styret kjem inn i prosessane på riktig tidspunkt, ofte fleire gonger. Det er god administrativ og økonomisk styring, konstaterer ho.

Kristin Clemet ser også korleis den faglege sida på UiO skil seg ut frå den administrative.

– Når det gjeld den faglege sida, skjer ting litt annleis. Her kjem omsynet til den faglege og akademiske fridomen og heilt andre typar forankringsprosessar. Dette er jo eit universitet som ligg svært høgt oppe fagleg, men det har forbetringspotensial på forskingssida både nasjonalt og internasjonalt og på utdannings- og undervisningssida. Det gjeld både kvalitet og studietilbod, er Kristin Clemet overtydd om.

… lir litt under siloorienteringa og silotenkinga

Den tidlegare utdannings- og forskingsministeren og noverande Civita-direktøren ser også store utfordringar med at Universitetet i Oslo er så stort og komplisert som det er.

– Det er ikkje alltid like lett for eit styre å sjå problemstillingar heilt ytst i organisasjonen. Eg kan nok tenkja meg at Universitetet i Oslo, som mange andre i offentleg sektor, lir litt under siloorienteringa og silotenkinga. Ein kunne ha fått til meir på tvers, trur eg, seier Kristin Clemet.

I styret tykkjer ho at har fått vera med på mange interessante diskusjonar om ulike tema.

– Forskingsetikk, berekraftsstrategien og dei tematiske satsingane, men me har også hatt diskusjonar om den utfordrande økonomiske situasjonen me kan komme inn i. Eg har mange gonger sagt, også før det som har skjedd i det siste, at me vil gå inn i tøffare økonomiske tider etter mange gode år, både for offentleg sektor og universitet og høgskular. Det må me vera førebudde på, slår ho fast.

– Det har me jo berre godt av

Frå 2001 til og med 2005 var Høgre-politikaren Kristin Clemet utdannings og forskingsminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering som var ein koalisjon av Høgre, KrF og Venstre som varierte mellom å sikra støtte frå FrP eller venstresida i Stortinget . No sit ho som ekstern representant i Universitetsstyret ved UiO og sit på den andre sida av bordet.

– Det har me jo berre godt av. Det er veldig interessant å sjå det frå ulike kantar. For ikkje så lenge sida var eg med på eit etatsstyringsmøte, og der er ikkje statsråden med, det var heller ikkje eg. Desse møta, som gjekk føre seg med embetsverket, høyrde eg masse om som statsråd. No har eg sjølv vore med. Det var interessant å oppleva frå den kanten. Så det har me berre godt av, gjentar ho.

Kristin Clemet trur ikkje forståing av røyndomen vert opplevd så svært annleis i departementet samanlikna med Universitetet i Oslo.

– Det kan henda at det er større avstand til andre, mindre utdanningsinstitusjonar. Det er heile tida ein diskusjon om kor differensiert sektoren skal vera og kor mange institusjonar me skal ha. Der kan det henda at departementet kjem i klinsj med det nokon ynskjer seg ute i sektoren, men ikkje så mykje med Universitetet i Oslo, har ho lagt merke til.

– Ingen tilhengjar av opne styremøte

Kristin Clemet takka nei til mange friarar før ho altså sa ja til Universitetet i Oslo då ho blei spurt om å bli ekstern styrerepresentant. Men det var ein ting som ho ikkje var klar over, og som kunne ha ført til at ho ikkje hadde sete i Universitetsstyret.

– Eg er ingen tilhengjar av opne styremøte. Det er dumt for dykk i pressa. Om eg hadde visst at møta var opne, ville eg antakeleg ikkje sagt ja, avslører ho i intervjuet med Uniforum.

Kristin Clemet er overtydd om at eit styre ikkje fungerer like bra der dei er opne som der styra ikkje er opne for andre enn styremedlemane.

– Det blir vanskelegare å etablera den kollegiale kulturen som skal til i eit godt styre, og i eit godt styre skal ein våga å stilla dumme spørsmål, ta opp sensitive spørsmål og tora å ta opp ting som har kraft i seg til å skada verksemda. Med opne møte er det mykje ein let vera å gjera og seia, som ein ville ha gjort på eit vanleg styremøte. Eg trur dei som sit ved styrebordet, då vil føla seg mest tvungne til også å snakka til dykk, seier ho og tenkjer på pressa.

– Dei snakkar til sine kollegaer eller på vegner av gruppa dei representerer, slår ho fast.

Men Kristin Clemet har ikkje tenkt å gjera noko med det.

– Det kan eg ikkje. Eg aksepterer at det er slik det er. Det er ei feilvurdering å tru at styret blir meir demokratisk av det. Ein risikerer berre å endra arbeidsformer og arbeidsmåtar. Eg er blitt tatt godt imot i Universitetsstyret, men det er ikkje den same kollegialiteten i det styret som det er i andre styre fordi ein sit for ei open scene, er hennar erfaring.

– Men har du lagt band på deg fordi møta er opne?

– Ja, det vil eg seia, vedgår ho.

Kristin Clemet viser til at ho av same grunn stiller spørsmål ved nytten av opne søkjarlister.

– Mange synest det er bra, men det er viktig å reflektera over baksida av medaljen også, er rådet frå Kristin Clemet.

– Det var ein enorm motstand

Den gongen Kristin Clemet var utdannings- og forskingsminister utnemnde ho advokat Anders Ryssdal til å leia eit utval som skulle gå gjennom styringsmodellen til universiteta og høgskulane. Utvalet enda opp med å føreslå ein modell der institusjonane skulle bli statlege særlovsselskap. Då dei første opplysningane om den moglege modellen først kom ut, starta forskarar på universitet og høgskular ein professoraksjon i protest mot forslaga. Den samla inn til saman 4000 underskrifter mot forslaget. Til slutt var motstanden så stor at Kristin Clemet som statsråd valde å leggja forslaget tilbake i skuffa.

– Det var ein enorm motstand, og det hadde aldri kome gjennom. Politikken bør av og til, når du erkjenner at her er det ikkje mogleg å koma gjennom med noko, eller at det å koma gjennom med noko har så store omstillingskostnader ved seg, då må ein heller justera kursen. Eg justerte kursen. Det vil ikkje seia at eg ikkje lenger meiner at det ville gitt dagens sektor ein del fridomsgradar som til dømes når det gjeld bygg. Med eit særlovsselskap ville ein hatt større fridom til å gjera slike ting. Eit særlovsselskap er eit statleg selskap bygd på ei særlov som du kan fylla med reglar som ville ha gitt universiteta og høgskulane større fridomsgradar enn i dag. Motstanden var ikkje alltid like velgrunna er hennar vurdering i ettertid.

– Akkurat no er det forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe som er i hardt vêr og som blir møtt med verbale åtak både frå forskarar og leiarar ved universitet og høgskular. Føler du mest for Ola Borten Moe eller for motstandarane hans?

– Eg kjenner Ola ganske godt og har sansen for han. Han er ein uredd politikar som torer å stå åleine. Her er det to spørsmål. Det eine er det med bygg og det andre er Forskingsrådet. Mange har respekt for at me skal inn i tøffare tider, og at ein er nøydd til å snu meir på krona enn ein gjorde før. Sektoren vil alltid ha mest mogleg pengar. Bortsett frå kvileskjeret til Øystein Djupedal har det vore 20 gode år, minner ho om.

– Men eg trur reaksjonen har kome på grunn av måten han gjer det på, legg ho til.

– Eg trur nok me som tilhøyrer høgresida er meir utsette for slike ting

Då det blei kjent at Kristin Clemet skulle bli ny ekstern medlem i Universitetsstyret ved UiO, kom det opp ein del kritikk frå nokre røyster fordi ho var ein tidlegare Høgre-politikar som no er direktør for den liberale tankesmia Civita Men den kritikken prellar av på hovudpersonen.

– Eg var til og med med i «tenkjetanken» før opptakten til strategien for universitetet. Også då blei det masse bråk fordi eg var med i ei av desse gruppene. Når rapporten vår blei lagt fram, var det ingen som sa noka. Eg trur nok at me som tilhøyrer høgresida er meir utsette for slike ting. Eg har opplevd det fleire gonger. Og eg trur ikkje det kjem så mange reaksjonar om ein tidlegare statsråd frå Arbeidarpartiet eller ein frå ytre venstre blir med i eit slikt styre. Når du går inn i eit styre, så har du berre eit oppdrag, og det er å gjera det som er best for verksemda, understrekar ho.

– Og kva skjedde etter at du blei med i styret?

– Då kjem det ingen reaksjonar i det heile tatt, seier ho.

… for det osa for mykje av elite

Sidan ho sjølv var utdannings- og forskingsminister har Kristin Clemet observert ei viktig haldningsendring på universiteta og høgskulane.

– På 1990-talet var det ein forskar frå Universitetet i Tromsø som kom til meg og lurte på om det ikkje ville vera mogleg å etablera eit toppforskingsprogram for yngre forskarar som skulle få pengar for berre å driva forsking. Han ville ha meg med på å leggja det fram for dei politiske partia, næringslivet og LO og andre instansar. Forslaget fall på steingrunn for det osa for mykje av elite. Men ti år seinare kom elitesatsinga og sentra for framifrå forsking og andre toppforskingssenter, og sjølv fekk eg gleda av å opna dei første. Dette er vegen til kunnskapsfronten for eit lite land som Noreg,. For det er mogleg å få til elitesatsing innanfor institusjonane, og då kan også mindre institusjonar få det til, til dømes senter for framifrå forsking i lingvistikk i Tromsø. Og dei trekte til seg verdas beste lingvistar, fortel ho.

– Større vilje og aksept til å ta kunnskapen i bruk

Dessutan har ho registrert ei mentalitetsendring på eit anna område.

– Det er mykje større aksept og vilje til å ta kunnskapen i bruk ute i samfunnet. Der har det vore eit stort framsteg. Før var det eit slit å snakka om kommersialisering og innovasjonspotensial. Der har eg merka ei endring i kulturen og haldningar, trekkjer Kristin Clemet fram.

Og idag tysdag 21. juni skal ho på oppdrag for Universitetet i Oslo igjen. Då stiller Kristin Clemet opp på det siste møtet i Universitetsstyret før sommarferien.