Studenttinget krev endringar for eit betre læringsmiljø

Mandag lanserer Studenttinget sin første læringsmiljøpolitiske platform.

Morten Eidsvaag Althe er leiar i studenttinget.
Publisert Sist oppdatert

Leiaren av Studenttinget, Morten Eidsvaag Althe, meiner det er viktig å få etablert platformen slik at ein gjer det tydeleg kva meiningane og krava frå studentane til NTNU er til læringsmiljøet på universitetet. 

- Vi har allereie politikk som angår læringsmiljø, men vi ser no eit behov for å oppdatere og heve fram læringsmiljø, seier Althe. 

På mandag blir det truleg vedteke mykje nytt omkring tema som korleis undervisning er organisert for å skape eit godt læringsmiljø. 

Studenttinget meiner at studiestart bør bli sett på som ein lengre periode. Dei meiner organisert undervisning bør vere lagt opp for å skape ein faglegsosial arena. Det er også viktig for tinget at studierettleiarar har nok ressursar til å kunne hjelpe studentar betre og raskare. 

Studerande tryggleik

- Ein tidlegare Shot-undersøking har vist at med stryk på eksamen er sjansen for fråfall større, fortel Althe.

Difor meiner han at ein skal ha studerande tryggleik. Med dette meiner han at ein skal kjenne på eigarskap, få bidra i undervisninga og kjenne at ein meistrar studiet. I tillegg meiner studenttingsleiaren at undervisninga bør vere ein faglegsosial arena for studentane. 

- Undervisninga kan fungere både som ein fagleg og sosial arena. Om til dømes seminar får større plass enn forelesningar på timeplanen gir det meir rom for sosialt samver, seier Althe. 

- Studierettleiarane er første linje

- Som prorektor for utdanning Marit Reitan har uttalt, arbeider NTNU med å utvikle rolla til studierettleiarane. Vi mener dette er ei viktig prioritering

Althe seier at studierettleiarane må ha tid og rom for å faktisk kunne hjelpe og ønsker seg ein svargaranti som gjer at studentar får svar på spørsmåla sine innan ei veke. Studenttingsleiaren meiner at meir tid vil gjer det enklare for studierettleiarane å gjere seg kjend bland studentmassen. 

Morten Eidsvaag Althe

- Studierettleiarane er i stor grad førstelinja til studentar om faglege, karrieremessige og psykososiale problemstillingar, og skal ikkje følge opp, men skal ha moglegheit til å gi informasjon om vegen vidare.

Det fins mange flinke aktørar som arbeidar for at studentane skal ha ein trygg kvardag, men det er eit vanskelig landskap å navigere. Difor trengs studierettleiarar.

Eldsjelar som tek grep

- Ein ting som slår meg er at ein er enormt avhengig av eldsjelar som legg ned den ekstra innsatsen, som Turid Reenaas som var skriven om i Universitetsavisa i september. 

Likevel tenkjer han at fasiten ikkje naudsynt er at forelesarar skal gjere det arbeidet Reenaas gjer, sjølv om det viser at ekstra innsats kan bety mykje. Hennar tiltak for sine studentar si psykiske helse var å sette av fleire øvingstimar for å gi kurs i «livsteknikk».

Reenaas trakk då fram Studentersamfundet sin første leiar som sa at «Høiskolen vil gjøre dere til studerende, vi, Samfundet, vil gjøre dere til studenter». Ho meiner at NTNU fortsatt berre gjer studentar til studerande. 

Prorektor for utdanning, Marit Reitan, svara at dei ser med bekymring på utviklinga ein ser i undersøkingar om studentar si psykiske helse og at dei ikkje kjenner seg igjen i at NTNU ikkje tek nok ansvar.

Følg UA på Facebook og Instagram.