Oppfordringa blei møtt med buing frå forsamlinga. Det var høg temperatur på allmøtet i Harald Schelderups hus der universitetsleiinga og studentane og dei tilsette på Psykologisk institutt ofte snakka forbi kvarandre eller i munnen på kvarandre, skriv Uniforum.
Det var 12. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt måtte stengjast straks.Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Samtidig fekk også Internrevisjonen i oppdrag om å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt.
Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.
LES OGSÅ: Reagerer kraftig på at klinikk ved UiO stenges
LES OGSÅ: Betydelige avvik ved psykologisk klinikk på UiO
Klinikkane kan opnast når avvika er retta opp
Tysdag ettermiddag var rapporten frå Kluge Advokatfirma klar.
Konklusjonen i rapporten var at klinikkane kan opnast igjen, men ikkje før dei avvika som rapporten har avdekt, er retta opp. I rapporten blir det peika på at det er spesielt viktig at det straks blir sett i verk tiltak for å unngå at studentar behandlar pasientar utan at rettleiar er til stades, og at rettleiaren er så nær som mogleg. Ei mogleg gjenopning må skje i nært samarbeid mellom Universitetet i Oslo/Psykologisk institutt og Helsetilsynet, står det i rapporten.
På allmøtet kom både rektor Svein Stølen, prorektor Gro Bjørnerud Mo, viserektor Per Morten Sandset og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Dei blei introduserte av SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr. Rektor Svein Stølen syntest at dette var ei vanskeleg sak. – Det har vore utfordrande for Universitetet i Oslo, og sidan det er universitetsdirektøren som er den øvste administrative ansvarlege på UiO, er det ho som har hatt hovudansvaret for å handsama denne saka. Men eg har heile tida vore i nær dialog med Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og med viserektor Per Morten Sandset sa Svein Stølen, før han gav ordet vidare til Bjørneboe.
– Ser alvorleg på saka
– Me måtte undersøkja saka. At me valde å stengja klinikkane viser at me ser alvorleg på saka, spesielt på pasientbehandlinga. Studentar har behandla pasientar på kveldstid utan rettleiar til stades. Det strir mot eit føre-var-prinsipp, slo ho fast. – Eg synest det er viktig at instituttleiinga tok tak i dette og melde frå til UiO-leiinga. Dersom me ikkje ryddar opp i denne saka sjølve, kan dette bli ei tilsynssak. Det viktigaste no er å ta best mogleg vare på pasientane. Det er viktig å hugsa midt i denne store utfordringa, meinte Bjørneboe.
Så overtok viserektor Per Morten Sandset o g gjekk gjennom dei ulike lovene og retningslinjene klinikkane hadde brote, ifylgje rapporten frå Kluge. Lenger nede i artikkelen ligg det eit oversyn over dei ulike lovene og retningslinjene som advokatfirmaet har vurdert om klinikkane har brote.
Alvorlege nok regelbrot til å forsvara stenging
Studentane og dei tilsette kom med mange spørsmål til UiO-leiinga etter at dei hadde greidd ut om innhaldet i rapporten. Ein av dei var Audun Holm Torgersen som er studentrepresentant i instituttstyret ved Psykologisk institutt. – Rapporten konkluderer med at klinikkane kan opnast igjen, dersom dei tiltaka rapporten føreslår blir sette i verk. Det heiter altså å setja i verk, ikkje å gjennomføra, slik UiO-leiinga sa, understreka han.
Profesjonsstudenten Ida slo fast kva ho meinte var det største problemet. – Det største avviket er at dette tilbodet til pasientane er blitt avbrote, sa ho. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen var om dei regelbrota som var gjorde, var så alvorlege at det ville forsvara å stengja klinikken.
– Det er viktig korleis me skal me ta vare på pasientane. Det er store avvik som no er publiserte. Og når me no diskuterer avvika, så er kvar og eitt av dei alvorlege nok til å stengja klinikken, konstaterte viserektor Per Morten Sandset.
Håp for vidare drift
Tillitsvald Helene Nissen-Lie meinte at det var håp for vidare drift på klinikkane.
– Me kan slutta å bruka video, for då slepp med å søkja Datatilsynet om konsesjon. Den pasientbehandlinga me gir på klinikkane kan heller ikkje reknast som spesialisthelsetenester,ifylgje både rapporten frå Kluge og frå rapporten frå Aslak Syse. Det er viktig at pasientane får tilbodet sitt tilbake. Så langt har me enno ikkje fått på plass alternativ. Derfor er det uheldig at me må venta så lenge på rapportane frå Intern revisjon. Me kan retta opp avvika ganske raskt, eller omgå dei tinga som gir oss problem, meinte Nissen-Lie og fekk rungande applaus.
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fekk også spørsmål om praktikum for profesjonsstudentane i psykologi skulle flyttast ut av Harald Schelderups hus i Forskningsveien. – Ja, det skal flyttast ut av Harald Schelderups hus, stadfesta ho.
Kunne ikkje lova snarleg opning av klinikkane
Etter allmøtet møtte Uniforum rektor Svein Stølen og viserektor Per Morten Sandset. Me ville gjerne ha svar på når klinikkane på Psykologisk institutt kan opnast igjen:
– Då må me først ha nok informasjon til at me kan gjera det på ein trygg måte. Me må sjå på alle avvika, me må koma i dialog med Helsetilsynet og Datatilsynet og ta det derifrå, svara rektor Svein Stølen.
– Kva vil i mellomtida skje med pasientane og profesjonsstudentane som held på med å avslutta studiet sitt?
– Når det gjeld pasientane så er det eit løp der rettleiarane skal fylgja opp pasientane, spesielt om det skjer noko akutt med dei som krev behandling. Då må dei sørgja for at det blir eit behandlingstilbod for pasientane. Når det gjeld på kort sikt, handlar det om ein annan behandlingspraksis enn til no, til dømes simuleringar. Det er opp til instituttet om det kan skje, svara viserektor Per Morten Sandset.
– Viktig å oppretthalda praksistilbodet til studentane
Og rektor Svein Stølen fylgde opp: – Det er veldig viktig for oss å oppretthalda dette praksistilbodet til studentane. Me vil vera kjempeopptekne av at me klarer det. Me vil ikkje vera forsiktige med å bruka ressursar for å få lukka desse sakene så fort som mogleg. Me skal bidra godt, og me skal snakka med institutt, fakultet, tenestemannsorganisasjonar og studentrepresentantar for å få fram ein dialog.
– No har desse klinikkane eksistert i over 42 år. Har det ikkje vore avvik tidlegare?
– Eg kjenner ikkje nokre system, der det ikkje har vore avvik. Ei kvar verksemd har avvik, og når ein seier at ein ikkje har avvik, er det fordi ein ikkje har registrert avvik. Både klinikken og instituttet har gjennom desse åra hatt avvik. Det er eg sikker på, svarar Per Morten Sandset.
Meiner det var rett å stengja klinikkane
UiO-rektor Svein Stølen står fast på at det var rett å stengja klinikkane for ei veke sidan. – Ja, det er eg heilt overtydd om. Me har det overordna ansvaret for det som skjer på heile universitetet, og om det hadde skjedd ting her som hadde me pasientar eller studentar å gjera, så hadde det vore vårt ansvar til sjuande og sist. Når me ikkje var sikre på det, måtte me gå til denne konklusjonen. Og når me får vita at studentar har behandla pasientar åleine på kveldstid utan fagleg assistanse, så meiner eg at det var heilt rett, synest Stølen.
Han er godt nøgd med at dei kunne presentera innhaldet i rapporten frå Kluge Advokatfirma på eit allmøte på Psykologisk institutt.
– Eg er veldig glad for at mange var til stades og at det var mange aktive studentar som engasjerer seg. No må me jobba saman for å finna løysingar og for å redusera og lukka desse avvika så fort som mogleg, og koma tilbake til ei likevekt der me har eit mykje betre leie enn me hadde før denne saka kom opp, seier han til Uniforum.
Håpar klinikkane kan opnast
Karethe Hunstad Hansen er leiar for fagutvalet ved Psykologisk institutt. Ho kjem med denne kommentaren etter møtet:
– Eg synest det er fint endeleg å få innsyn i kva det gjeld. Det har vore vanskeleg for oss å få informasjon om dette. Dessutan står det i rapporten at klinikkane kan opnast igjen, dersom naudsynte tiltak for å lukka avvika blir sette i verk, medan UiO-leiinga insisterer på at det skjer når dei er blitt gjennomførte. Det er litt merkeleg, seier Hunstad Hansen til Uniforum.
Ho er optimistisk når det gjeld utsiktene til at klinikkane kan opnast igjen snart.
– Ja, eg håpar og trur det.Når tillitsvald Nissen-Lie i Norsk psykologforeining hadde tru på at me skulle få det til, og eg har full tiltru til hennar faglege skjønn. Dei seier også at dei er villige til å jobba saman med oss for å få til dette her,og eg går utifrå at om dei går inn for det rapporten faktisk seier, så kan me få til det her, seier Karethe Hunstad Hansen til Uniforum.
Kjem ikkje under spesialisthelsetenesta
I ei pressemelding frå Universitetet i Oslo tysdag blei det vist til at det har vore uvisse om klinikkane ved Psykologisk institutt fell inn under spesialisthelsetenesta. Kluge Advokatfirma konkluderte i ei vurdering til UiO i juni at verksemda fell inn under spesialisthelsetenesta. På bakgrunn av dei tiltaka som universitetet har sett i verk, spesielt nye inntaksrutinar, har Kluge konkludert med at studentklinikkane no ikkje fell inn under spesialisthelsetenestelova, går det fram av pressemeldinga. Der blir det også lista opp fylgjande avvik og moglege avvik frå lovverket som er avdekt: