gjesteskribenten

Når ein må tenke på det utenkelege

Utenkelege scenarier, varmare klima og kamp om knappe ressursar: «Gjer vi nok tidsnok?» Det var overskrifta på årets Lerchendalkonferanse. Gjesteskribenten denne veka har skrive bok om berekraft. Ho går femti år attende, til den første miljøkonferansen FN arrangerte.

Arvid Moss på talerstolen under Lerchendalkonferansen: Moss talte om kor viktig det er å tenke i verdikjeder om ny miljøteknologi skal fungere. UAs gjesteskribent reflekterer over kva for det grønne skiftet byr på.
Publisert

Denne veka har eg deltatt på Lerchendalskonferansen. Dette er ein tradisjonsrik konferanse som gjennom ei årrekke har sett fokus på betydinga av kunnskap, forsking og innovasjon for økonomi og samfunnsutvikling. Temaet i år var «Ein nasjon (og ei verd) i endring – gjer vi nok tidsnok når utenkelege scenarier blir den nye normalen?».

Dei utenkelege scenaria handlar om klimaproblematikken og ressursknappheit, og kva konsekvensar dette vil ha i ulike deler av verda. Konferansen handla om problemstillingane, og ikkje minst om moglegheitene.

Fakta

Annik Magerholm Fet

Annik Magerholm Fet er en av UAs seks gjesteskribenter.

Navn: Annik Magerholm Fet.

Utdanning: Fysiker med hovedfag i kjernefysikk, og innehar en PhD i Systems Engineering and environmental life cycle performcane in the ship industry.

Nåværende jobb: Viserektor ved NTNU i Ålesund. Hun er professor innenfor miljøledelse og livsløpsanalyse, og har mange års erfaring med å jobbe med dette ved IØT i Trondheim. Fra neste år fortsetter hun i professorstilling ved Campus Ålesund.

Dette har eg sett fokus på i boka «Business Transition: A Path to Sustainability» som kjem ut i månadsskiftet februar/mars. Første del av boka er om «Berekraftsutfordringar og moglegheiter», og første kapittel har fått tittel «Næringslivsutfordringar i overgangen til berekraftige samfunn».

For dei fleste bedrifter så har FNs berekraftsmål (SDGs) vore til hjelp for å sette strategisk satsingar mot 2030. Med det er berre 7 år til 2030, og kva rekk vi å få gjort? På Lerchendalkonferansen blei óg moglegheitene til å nå lågutsleppssamfunnet i 2050 diskutert, og i femtiårsscenarioet for 2075 som vart presentert, vart det stilt spørsmål om vi i dag set i verk gode nok tiltak for å hindre ei katastrofal utvikling fram mot 2075.

Eg vil ta eit femtiårs tilbakeblikk og sjå på kva som har prega miljøutviklinga dei siste 50 åra. I 2022 var det 50 år sidan den første miljøkonferansen til FN vart arrangert i Stockholm. Dette blei markert med konferansen «Stockholm+50».

I litteraturen kunne ein allereie tidleg på 70-talet lese at: "...dersom vi held fram med vår noverande praksis, vil vi stå overfor ei stadig forverring av tilhøva vi kjem til å leve under» (Glick, i Dubos 1970). Endringar i naturmiljøet la press på at endringar i samfunnet måtte til.

Under FN-konferansen i 1972 anerkjente ein at: «I vår tid kan menneskets evne til å forvandle sine omgivnader - dersom dei blir brukt klokt - gi alle folk moglegheitene til å auke livskvaliteten. Ved feil bruk kan forvandlingane føre til uberekneleg skade på menneske og miljø». Vidare heit det: «Å bevare og forbetre det menneskelege miljøet for noverande og framtidige generasjonar har blitt eit avgjerande mål for menneskeheita». (Artikkel 3, FN 1972).

Konferansen i 1972 gjorde politikarane oppmerksame på det aukande problemet med forureining, blant anna gjennom utstrekt bruk av plantevernmidlar. På 1980-talet blei klimaendringar lagt inn i den veksande lista over globale miljøutfordringar. I tillegg førte oppdaginga av redusert ozonlag over Antarktis til auka forsking knytt til kjemikaliebruk og verknaden på ozonlaget. Som eit resultat blei Montreal-protokollen vedtatt i 1987. I dei siste tiåra av 1900-tallet auka bekymringa blant ulike interessentar i samfunnet for korleis menneskelege aktivitetar påverkar naturlege system. Sjølv om det var ein viss ueinigheit om endringshastigheita, aksepterte dei fleste at utfordringane i det nye årtusenet omfatta tap av biologisk mangfald, klimaendringar og kollaps av naturressursbestandar. I 1987 kom Brundtland-rapporten «Vår felles framtid» og den blei vidare publisert på FNs Rio-toppmøte i 1992. Rapporten har blitt eit kjernedokument for den vidare utviklinga i fleire tiår framover. Tema og politikk som omfattar berekraftig utvikling, blei vidare diskutert på RIO+10-toppmøtet i Johannesburg i 2002 og RIO+20-toppmøtet i Rio de Janeiro i 2012. Toppmøtet i Johannesburg samla hundrevis av stats- og regjeringssjefar, regjeringsrepresentantar og ikkje-statlege organisasjonar, mens Rio+20-toppmøtet samla multinasjonale selskap mens fleire land var derimot ikkje representert. Rapporten frå Rio+20, «The Future We Want», omfatta breie berekraftstema som fattigdom, matsikkerheit og landbruk, energi, berekraftig transport, byer, helse og sysselsetting. Den peikar på nye mål for berekraftig utvikling. Ifølge litteraturen bidrog auka fokus på berekraftig utvikling også til ei endring av tankesett hos samfunnsaktørar frå å fokusere på problem til ein interesse for tilgjengelege og fleksible berekraftsløysingar. Det ble óg peikt på at for å sikre konsensus om behovet for framgang, er samarbeid mellom aktørar i samfunnet avgjerande. Dette blei enda tydelegare rundt årtusenet. Al Gores bok og dokumentar «An Inconvenient Truth» ga i 2006 merksemd på ekstremvêr og peika samtidig på risikoen for samfunnsendringar grunna miljøkatastrofar. I 2015 blei 193 land einige om dei 17 berekraftsmåla (Sustainable Development Goals - SDGs) for perioden 2015–2030 som i hovudsak dannar grunnlaget for framtidas berekraftagenda. SDG-ane er meint å oppmuntre det internasjonale samfunnet til å bevege seg mot ei global berekraftig framtid. Agendaen er offisielt kjent som «Transforming our World: the 2030 Agenda for Sustainable Development» og omfattar dei 17 måla og 169 delmål. Dei er i hovudsak retta mot at nasjonale styresmakter over heile verda skal etablere sine SDG-baserte utviklingsstrategiar eller justerer sine eksisterande politiske planer i tråd med måla som handlar mellom anna om å utrydde fattigdom og ulikheitar, ta vare på biologisk mangfald og oppfordre til innsats knytt til å bremse klimaendringane. Sidan starten av det nye årtusenet har oppfatninga om miljøet og påverkinga på samfunnet endra seg suksessivt, interessa for å kjøpe miljøvennlege produkt og tenester har auka. For å svare på dette, er bedrifter no opptatt av å utvikle og implementere "grøne" strategiar. Å kombinere økonomisk verdi, miljømessig ansvar og gode sosiale forhold har blitt eit varemerke for fleire framtidsretta næringar, og dermed ein viktig drivar for nye forretningsmoglegheiter, noko som igjen skapar eit auka behov for meir kunnskap, betre metodar og tilgjengelege verktøy for analyse og utvikling.

Som historia syner, så har omgrepet SD blitt kontinuerleg revidert, manglande kunnskapsområde er identifisert og innovasjon skjer med nye utfordringar. Analyseverktøy er nyttige når ein skal ta avgjerder rundt dei berekraftige tiltaka. I boka mi «Business Transition: A Path to Sustainability» er verktøy-kassa som kan hjelpe verksemder i det grøne skifte, presentert og eksemplifisert.

Lerchendal-konferansen avslutta med å peike på behovet for å sette full fart i tiltak for det grøne skiftet. I tittelen på konferansen står spørsmålet gjer vi nok tidsnok? I dag gjer vi mykje, men om vi gjer nok for å nå det framtidsbiletet for 2075 som vi fekk presentert, er eit anna spørsmål. Fleire av innlegga på konferansen konkluderte med at vi ikkje gjer nok – og heller ikkje tidsnok. Om vi ser på utfordringane som vart drøfta på FN konferansen for 50 år sidan, så er det fleire av desse om allereie er svart ut, men der er enda fleire som framleis er like aktuelle. Så – spørsmåla «nok» og «tidsnok» var nok like aktuelle for 50-årsperioden 1972-2022, som dei no er for den 50-årsperioden vi har framom oss mot 2075.