gjesteskribenten

Usemje for ei betre verd

Mange har ikkje oppdaga kor konstruktivt, spanande og gjevande usemje kan vere – men vi må tore å møte meiningsskilnadane våre på ein open og god måte.

Mitt ynskje er at vi vert flinkare til å lytte til kvarandre, skriv Cecilie B. Raustein.
Publisert Sist oppdatert

Noko av det beste eg har fått vere med på, er å jobbe i eit team med heilt ulike meiningar om det aller meste, anna enn at vi ynskja å gjere det aller beste for det vi jobba med. Det gjorde at vi tok imot usemja vår med iver, torde å vere sterkt ueinige – og seie det høgt – men alltid var dei beste vener då vi gjekk frå arbeidsstaden. Dette var året før eg starta som student på NTNU, og eg har heilt ærleg vorte litt skuffa over kulturen for usemje ved det som no er Noregs største universitet og i det som ynskjer å vere Nordens beste studentby. 

For i løpet av ein del år som student har eg fått vere med på litt av kvart av samarbeid og diskusjonar, både formelt og heilt uformelt, og mi erfaring er at vi kan vere særs dårlege til å lytte til kvarandre, til å tolke kvarandre i beste meining og til å skilje sak og person. Det kjem fram i samtalar på vorspiel, i studentpolitikken, på Samfundsmøtet, i prosjektarbeid i studiesamanheng, i møte i studentfriviljugheita, i møte i ulike råd og utval på NTNU og i UNG2023-rapporten – og moglegvis endå fleire samanhengar. 

Fakta

Cecilie B. Raustein

Raustein er ein av UAs seks gjesteskribentar.

    Utdanning: Bachelorgrad i matematiske fag, bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. For tida på siste året av ei mastergrad i nordisk språk og litteratur.

    Tidlegare roller i UH-sektoren: Leiar av Studenttinget 2019, i tillegg til diverse verv i studentdemokratiet og som studentrepresentant i råd og utval på alle nivå ved NTNU samt fagstrategiske einingar i UHR.

    Faglege interesser: Nordisk språkhistorie, talemål, språkpolitikk, grammatikk og talteori.

    Er oppteken av: Lik rett til utdanning, studentar sine rettar, disiplinfaga, tverrfaglegheit, samspelet mellom utdanningsinstitusjon, studieby og studentfrivilligheit.

Mitt ynskje er at vi vert flinkare til å lytte til kvarandre. At vi vert flinkare til å forstå kvifor dei rundt oss meiner det dei meiner og seier det dei seier, og at vi i responsen vår er konstruktive og nysgjerrige, men gjerne òg kritiske. Då kan vi òg ha tillit til at den vi diskuterer med forstår argumentet vårt, men rett og slett er ueinig, til dømes basert på andre grunnprioriteringar. Då kan vi få langt meir interessante diskusjonar, diskusjonar som ikkje berre går i sirklar og som faktisk fører til betre løysingar og djupare innsikt. 

For når eg diskuterer politikk med mine vener på eit vorspiel, og står lenger til høgre i det norske politiske landskapet enn dei gjer, er det ikkje fordi eg ikkje forstår kva som får dei til å stemme som dei gjer. Ynsket mitt er jo òg at vi skal få til eit best mogleg samfunn, for flest mogleg, men eg har tru på at andre prioriteringar og prinsipp er best for flest enn det ein del av mine medstudentar har. Ikkje fordi eg ikkje har forstått kvifor dei meiner det dei, men fordi eg er grunnleggjande ueinig i kva prioriteringar som er best. 

Desse politiske diskusjonane i uformell kontekst er ikkje dei viktigaste, men eg ser på dei som del av ein større kontekst. For då Samfundet for litt over eit halvt års tid sidan diskuterte og stemte over om UKA og Samfundet bør verte sponsa av selskap som driv med utvinning av fossil energi, vart det litt større og viktigare enn på vorspiel. Sjølv har eg ikkje halde det hemmeleg, verken på talarstolen eller i samtalar med vener, at eg helst skulle ynskje at vi ikkje trengte Equinor som sponsor, og at Equinor ikkje dreiv med mykje av det Equinor driv med, men då eg vart kalla ein hyklar av vener fordi eg ytra at eg ikkje ynskja å stemme nei til å ha ein slik sponsor, har dei likevel ikkje lytta til det eg har å seie. 

Utan at eg ynskjer å ta opp Equinor-debatten so mykje meir i dette innlegget, kan eg kort seie at eg ikkje kjenner meg som nokon hyklar, men snarare som nokon som prioriterte litt annleis; det finst meir enn eit miljøomsyn i den saka, som mellom anna respekt for det valet Storsalen tok då dei valde Kari som UKEsjef og det vi veit om einsemd blant studentar, og for meg vog summen av argumenta mot resolusjonen – på det tidspunktet – tyngre enn argumenta for. Eg trur dei som stemte annleis enn meg òg tykkjer at det er viktig å motverke studenteinsemd og å ha respekt for vedtaka i Storsalen – elles ville det jo ikkje vere noko poeng i å stemme over dette i nettopp Storsalen – men dei valde rett og slett å prioritere annleis enn meg. Eg vil ikkje kalle dei hyklarar av den grunn. 

I studentpolitikken, i prosjektgrupper i studieløpet og i møte i både studentfriviljugheita og diverse organ på NTNU har ein gjerne eit felles mål for auge, sjølvsagt avhengig av konteksten. Spør du meg, vert diskusjonane best om vi hugsar det, argumenterer for det vi meiner er best for å nå målet vårt og ikkje minst kan ha tillit til at dei rundt oss gjer det same. At vi ikkje tek det personleg, og at vi heller ikkje nedvurderer dei vi diskuterer med som menneske fordi dei har ei anna meining enn oss. At vi kan ta ei øl på Samfundet etterpå utan å kalle kvarandre hyklarar eller «snowflakes», og at vi kan gå frå møtet eller arbeidsøkta utan å kjenne oss personleg angripne for at nokon hadde eit forslag til noko vi kan gjere det betre neste gong. 

Det er so mykje meir produktivt når vi kan nytte usemja til å alltid verte betre, for det er jo gjerne rom for forbetring. Eller til å lære meir, og til å late våre eigne meiningar endrast basert på slik lærdom. Det er vanskelegare å vere open for det når vi må forsvare vår moralske karakter, anten overfor oss sjølv eller andre. 

Dette gjer det for meg òg skummelt at det kjem fram i denne UNG2023-rapporten at so mange, særleg menn, men òg kvinner, svarar at dei ikkje kan seie det dei meiner fordi samfunnet har vorte for opptekne av kva som er politisk korrekt. Kan vi heller møte alle slags meiningar med ei open og nysgjerrig haldning, kan vi alle saman lære meir, og det er først då vi kan forstå kvifor nokre av meiningane våre faktisk bør endrast òg. 

No meiner ikkje eg at alle meiningar er uskadelege og bør få stå uimotsagde, tvert imot, men det er difor det er so viktig at vi går i oss sjølv når det gjeld korleis vi møter usemja vår. Dette er difor ei oppfordring til mine medstudentar, og til alle vi møter i ulike fora, om at vi dyrkar usemja, at vi lyttar og at vi har tillit til kvarandre. Lat oss vere nysgjerrige og opne, slik at vi kan vere konstruktive når vi er kritiske. Eg har lyst til å tru at det kan gjere diskusjonane våre djupare, men mindre polariserte, løysningane våre betre, relasjonane våre meir harmoniske og framtida vår ljosare.