Gunnerusbiblioteket stengt: - Vi demonstrerer til ting blir som før

Over 80 personar møtte opp for å demonstrere mot stenginga av Gunnerusbiblioteket etter eit innbrot i sommar

Martin Josteinsson Myhr (til venstre) er leiar i Fortidsminneforeninga sitt Studentutval i Trondheim. Her saman med grunnleggaren av foreninga på demonstrasjonen.
Publisert

Fortidsminneforeninga sitt studentutval i Trondheim arrangerte i dag ein demonstrasjon mot stenginga av Gunnerusbiblioteket. Omkring 80 personar var tilstade for å høyre på talar og delta i demonstrasjonen.

Gunnerusbiblioteket har vore delvis stengt sidan eit innbrot i juni. Biblioteksdirektør Sigurd Eriksson seier at ein arbeider med å få opna som før. 

Bibliotekdirektør Sigurd Eriksson

- Korleis stiller du deg som biblioteksdirektør til demonstrasjonen

- Eg har full forståing for at studentar, tilsette og andre ønsker tilgang til biblioteket. NTNU Gunnerusbiblioteket er eit kulturhistorisk skattekammer plassert sentralt på Kalvskinnet. 

Eriksson svarer vidare at når det er oppgitt at bakgrunnen for demonstrasjonen er manglande tilgang til faglitteratur og dokumentarven, må han gjenta informasjonen om at studentar, tilsette og publikum har hatt tilgang til biblioteket sine spesialsamlingar.

Biblioteksdirektøren meiner det skal vere mogleg å få tak i dokumenta som er på biblioteket som før. 

I ein kronikk i Universitetsavisa i slutten av august skreiv prorektor for forsking og formidling, Tor Grande og Eriksson at dei som ønsker kan få tilgang etter avtale, og at ein kan delta på arrangement som var planlagt der, som kunnskapsfestivalen Hyfer.

Andre delar av samlingane ved biblioteket er tilgjengeleg digitalt og medarbeidarane der kan gi rådgiving og støtte på nett. 

I den same kronikken tipsa ein om at ein kan både hente bøker frå Gunnerusbiblioteket på Lysholmbiblioteket og ta i bruk Lysholm som leseplass. 

- Eg må likevel seie at eg ser det som positivt at biblioteket skapar eit slikt engasjement. Eg forstår at det er synd når ein ikkje kan bruke eit areal som ein har gjort i lang tid, seier Eriksson.

No har direktøren eit håp om å opne før jul, men vil ikkje gi noko løfte.

Ikkje tilfreds med håp

Martin Josteinsson Myhr, leiaren av Fortidsminneforeninga sitt studentutval i Trondheim seier at han ikkje er interessert i lause lovnadar og kva tiltak som skal gjerast for å betre tryggleiken. Myhr meiner prosessen har teke for lang tid. 

Demonstrantar ved Gunnerusbiblioteket.

Myhr er nøgd med å sjå det store engasjementet kring saka og tykkjer det er tøft å sjå at det fins kampvilje i trondheimsstudentane. 

- Vi tykkjer ikkje forklaringane vi har fått er gode nok og vi får ikkje gode nok beskjedar frå NTNU. Vi er frustrert over at NTNU ikkje har klart å opne. 

- Etter hendinga i juni då ein vill framand kom inn på dei tilsette sitt område, burde adgangstryggleiken vore ordna raskt slik at biblioteket med alle sine fasilitetar vart gjenopna til semesterstart i august, seier Myhr.

For demonstrantane handlar det ikkje berre om funksjonane til biblioteket, men også om at ein har mista ein sosial arena. 

- Vi har behov for nærhet til samlingane som finn seg på biblioteket saman med leseplassar, særleg no som vi er inne i eksamensperioden. Her er vi mange ulike studentgrupper, men også andre som er interessert i den regionale kulturhistoriske arven som ein kan finne i samlingane her. 

Tryggleik i fokus

Bibliotekdirektøren har nettopp fått ein uavhengig rapport som viser at det var rett å stenge delar av biblioteket inntil vidare fordi det fins dømer på innbrot og tjuveri ved bibliotek og museum frå både inn- og utland. 

- Vi set våre kulturhistoriske skattar og tryggleiken til dei tilsette først, seier Eriksson.

Rapporten ein no har motteke anbefalar ei rekke tiltak. Eriksson seier at nokre av desse kan kreve at ein bygg om lokala og at dei arbeidar på spreng for å legge ein plan for gjennomføringa av tiltaka som er foreslått.  

Eriksson er tydeleg på at tiltaka skal gjennom før ein kan opne og at ein difor slit med å gi ein nøyaktig opningsdato.

Følg UA på Facebook og Instagram.