ytring

Termportalen skal samle norsk terminologi på éin stad

Portalen finst, men må fyllast med meir innhald.

Tjukke bøker fulle av fagterminologi på engelsk. Universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, skriv Gammeltoft og Nordal.
Tjukke bøker fulle av fagterminologi på engelsk. Universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, skriv Gammeltoft og Nordal.
Publisert Sist oppdatert

Professor Helge Holden oppmodar Språkrådet om å ta initiativ til å gjere all norsk fagterminologi tilgjengeleg på éin stad. Ein slik infrastruktur for terminologi finst faktisk allereie, men han må fyllast med meir innhald.

Norsk terminologi er avgjerande for eit fullverdig norsk språk

I Universitetsavisa 26.11.21 skriv Helge Holden, professor i matematikk ved NTNU, om plassen til engelsk og norsk i forsking og høgare utdanning, og han peikar på at det er viktig at det finst ein norsk fagterminologi. Det har han heilt rett i. Terminologien – det vil seie orda og uttrykka som er typiske for bestemde fag – er ein føresetnad for eit levande norsk fagspråk. Stortingsproposisjonen som følgjer den nye språklova, legg vekt på at utvikling av norskspråkleg terminologi er avgjerande for å sikre norsk som eit språk som kan brukast på alle område av samfunnet.

Forskinga, undervisninga og formidlinga som skjer i universitets- og høgskulesektoren i Noreg, er særleg viktig for utviklinga av det norske fagspråket. Derfor har universiteta og høgskulane sidan 2009 hatt eit lovpålagt ansvar, nedfelt i universitets- og høgskulelova, for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. I dette ansvaret ligg det òg eit ansvar for å utvikle norskspråkleg terminologi.

Termportalen skal gje samfunnet tilgang på norsk terminologi

Holden føreslår at norsk terminologi kan styrkjast ved at Språkrådet tek initiativ til å lage ei engelsk-norsk ordbok for fagterminologi, slik at brukarar har éin stad å gå til for å søkje etter kva norsk fagterminologi bør vere. Til det er det å seie at Språkrådet allereie har teke eit initiativ til å gjere norsk fagterminologi tilgjengeleg på éin stad. Saman med Universitetet i Bergen og Noregs handelshøgskole har Språkrådet lagt grunnlaget for ein nasjonal termportal (Termportalen) ved Språksamlingane, som er ein del av Universitetet i Bergen.

Peder Gammeltoft er fagleg leiar for Språksamlingane.
Peder Gammeltoft er fagleg leiar for Språksamlingane.

Termportalen er ein nettstad der fagmiljø kan gjere terminologien sin tilgjengeleg for allmenta, og der brukarar kan finne termar på tvers av ulike termbasar og innanfor ei rekkje fag via eitt felles søkjefelt. Målet er at Termportalen skal bli staden som studentar, fagfolk og andre vel å gå til når dei treng informasjon om norske fagord og faguttrykk. Dersom Termportalen oppnår ein slik status, vil det kunne styrkje det norske fagspråket på fleire måtar:

  • Det vil bli lettare å utvikle lærebøker på norsk med god, einskapleg terminologi.
  • Det vil blir lettare for studentar å snakke og skrive om faget sitt på norsk.
  • Det vil bli lettare for tilsette med internasjonal bakgrunn å tileigne seg kompetansen dei treng for å undervise på norsk.
  • Fagfolk vil få større kontroll over korleis faget deira blir formidla på norsk – fordi journalistar og andre skribentar utanfor fagmiljøa i mindre grad vil måtte omsetje fagtermar til norsk på eiga hand.
Lars Ivar Norda er seksjonssjef i Språkrådet.
Lars Ivar Norda er seksjonssjef i Språkrådet.

Kapasiteten blir nå bygd opp

Frå 2021 får Termportalen ei statleg løyving på 4 millionar kroner i året, og organisasjonen ved Termportalen byggjer nå opp kapasitet til å ta imot meir terminologi. Termportalen har ein nettbasert redigeringsapplikasjon som fagmiljø kan bruke når dei skal systematisere og publisere terminologi, men Termportalen kan også få importert terminologi som er klargjord utanfor portalen. I tillegg skal Termportalen få høve til å vise data frå eksterne termbasar i sanntid. Dette gjev fagmiljøa stor fleksibilitet når det gjeld kor tett dei vil integrere terminologiarbeidet sitt i Termportalen.

Suksessen avheng av deltaking frå sektoren

Termportalen inneheld i dag termar innanfor blant anna økonomisk-administrative fag, studieadministrative fag, jus og maritime fag. Men portalen er langt unna å dekkje alle fagområde, og for at det skal skje, må universitets- og høgskulesektoren setje i gang eit systematisk arbeid med å utvikle norske termar.

Ei slik satsing inneber at det innanfor kvart fag bør bli oppretta redaksjonar som er ansvarlege for terminologi på sine felt, og som er breitt nok samansette til at arbeidet får legitimitet. Sidan dei fleste fag blir utøvde ved fleire enn eitt universitet eller éin høgskule, vil det ofte vere fornuftig å opprette redaksjonar på tvers av institusjonane. Det bør ikkje vere slik at miljø innanfor det same fagområdet ved ulike institusjonar utarbeider kvart sitt sett med termar. For det første er det dobbeltarbeid. For det andre kan det hende dei ulike redaksjonane kjem fram til ulike termar, slik at skribentar ikkje får eit eintydig råd frå fagmiljøet om kva for termar som gjeld. Målet bør vere å etablere eintydig definerte termar med brei oppslutning på tvers av dei einskilde institusjonane.

Brukarane må inviterast til å engasjere seg

For at terminologien i Termportalen skal ha legitimitet, er det òg viktig at fagfolk utanom redaksjonane så vel som andre brukarar kan medverke til innhaldet. Både fagekspertar og andre må kunne vende seg til redaksjonane som står bak terminologien, for å diskutere løysingar, komme med framlegg eller peike på feil og manglar. Slik dialog vil styrkje tilliten til terminologien, og det vil kunne auke kvaliteten.

Dialog om vegen vidare

I Termportalen har Noreg ein infrastruktur for terminologi til nytte for både universitets- og høgskulesektoren og samfunnet ikring. Oppgåva til universiteta og høgskulane blir å utvide innhaldet i portalen. Språkrådet vil i tida som kjem, invitere til dialog med institusjonane om korleis eit slikt terminologiarbeid best kan organiserast. Dersom sektoren lykkast med terminologiarbeidet, blir Termportalen den infrastrukturen for terminologi som Noreg treng, og universiteta og høgskulane tek eit langt steg mot å oppfylle det lovpålagde ansvaret sitt for norsk fagspråk.