Nederlendar syklar 2000 km for å samla inn pengar til forsking

Denne sommaren sykla gjesteforskar Marleen van Gelder frå Nijmegen i Nederland til Universitetet i Oslo for å samla inn pengar til forsking på for tidleg fødde barn. Om kort tid syklar ho tilbake igjen.

TRØR INN PENGAR: – Sykkelturen min er ein del av arbeidet med å samla inn pengar til forskinga på årsakene til at barn blir fødde for tidleg, fortel Marleen van Gelder. Her står ho utanfor Farmasøytisk institutts avdeling i Gydas vei på Marienlyst.
Publisert

Det er nettopp forsking på for tidleg fødde barn Marleen van Gelder sjølv forskar på. Ho gjer det i samarbeid med blant andre forskarkollegaer på Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

I førre veke kom ho til Universitetet i Oslo etter å ha brukt sju dagar på å tråkka seg gjennom 1000 kilometer på landevegen frå Nederland gjennom Tyskland og Danmark, før ho tok danskebåten den siste biten frå Frederikshavn til Oslo. Dagsetappane hennar var på mellom 135 og 165 kilometer.

Denne gongen tenkte ho at i staden for å ta ein flytur på halvannan time frå Amsterdam til Oslo, kunne ho spara klimaet ved å sykla til Oslo og samtidig samla inn pengar til meir forsking på for tidleg fødde barn.

Uniforum møter henne på Farmasøytisk institutts avdeling i Gydas vei på Marienlyst.

– For meg var det ein måte å skapa merksemd rundt og samla inn pengar til forsking på årsakene til at mange barn blir fødde for tidleg. Dette er barn som blir fødde før graviditeten har vart i 37 veker. Både i Nederland, og også i Noreg, blir 1 av 40 barn fødde for tidleg. I Nederland vil det seia 35 barn for dagen som treng intensiv medisinsk behandling, men trass i dette vil i gjennomsnitt to av dei døy. I Nederland er det den vanlegaste årsaka til at spedbarn døyr. Dei som overlever vil få store problem med utviklinga under heile oppveksten, fortel ho.

Men det er framleis fleire mysterium å løysa når det gjeld å finna ut kvifor nokre barn blir fødde for tidleg.

– I dag veit me ikkje nok om kvifor barn blir fødde for tidleg. Det me veit er at nokre av dei blir fødde for tidleg på grunn av at fødselen blir framskunda fordi det er fare for livet till mora. Om me hadde visst endå meir, ville me ha kunna funne fram til noko som kunne ha hindra at barn blei fødde for tidleg av andre grunnar. Det er det som er målet vårt. Sykkelturen min er derfor ein del av arbeidet med å samla inn pengar til forskinga på årsakene til at barn blir fødde for tidleg, fortel ho til Uniforum.

Har fått inn 4500 euro

Og det har strøymd inn litt pengar allereie.

–Så langt har det kome inn 4500 euro, det vil seia rundt 45 000 norske kroner. Og så skal eg også sykla tilbake, og eg håpar eg også har hellet med meg og får samla inn pengar på tilbaketuren, seier ho.

Marleen van Gelder har også nær kontakt med både private selskap og forskingsinstitutt som støttar henne. Pengane ho får inn skal gå rett til eit forskingsinstitutt i Nederland.

– Pengane går til barnehospitalet ved forskingssenteret der eg arbeider som seniorforskar ved Radboud university medical centre i Nijmegen. Og der vil dei øyremerka pengane direkte til forskinga på årsakene til at nokre barn blir fødde for tidleg, fortel ho.

Bidragsytarane gir pengar via ei eige nettside som ho har oppretta til pengeinnsamlinga.

– Alle som støttar initiativet kan gi pengar, ikkje berre folk frå Nederland, understrekar ho.

– Vil samla inn navlestrengblod

Grunnen til at ho enda med å sykla inn pengar til forsking på årsakene til at barn blir fødde for tidleg, har å gjera med manglande finansiering.

– I Nederland er det vanskeleg å få stipend og anna støtte til forsking på årsakene til at barn blir fødde for tidleg og til anna forsking på graviditet. I heimlandet mitt har dei spesielle forskingsfond for kreft, hjartesjukdomar og mange andre sjukdomar, men ikkje for helseproblem som har samanheng med graviditet. Det er frykteleg vanskeleg å få pengar til dette frå forskingsfonda, og dei ber ofte om pilotdata, noko me ikkje har nok av. No vil me gjerne samla navlestrengblod frå for tidleg fødde barn for å utvida forskinga vår. Men det er tøft å få finansiert denne forskinga, synest ho.

Marleen van Gelder blei inspirert av ein annan forskar.

– Eit godt døme på korleis det er mogleg å gjera noko utanom det vanlege for å samla inn pengar til forsking, er det som instituttleiaren min, professor Kiemeney gjorde i 2019. Då sykla han Tour de France som 59-åring for å skapa merksemd rundt kreftforskinga. Og når eg syklar tur-retur Nederland-Noreg, trur eg at eg skal kunna både samla inn pengar og skapa interesse for denne forskinga også, fortel Marleen van Gelder.

Grunnen til at ho dei to siste vekene har vore på Farmasøytisk institutt, handlar om eit forskingssamarbeid gjennom mange år.

– No er me i gang med eit forskingsprosjekt der me ser på samanhengen mellom fødselsvekt og vekta på morkaka. Det skal me undersøkja i tilknyting til arbeidet med å finna årsakene til at nokre barn blir fødde for tidleg. Dessutan skal me sjå på om det har noko å seia om mor sluttar å ta medikament ho vanlegvis tar for at barn blir fødde for tidleg. Om me får dei til å bli flinkare til å ta medikamenta, kan det henda me klarer å få ned talet på barn som kjem til verda for tidleg, håpar ho.

– Mogleg å reisa klimavennleg

På denne måten slår ho samtidig eit slag for klimaet.

– Vanlegvis ville eg ha tatt eit fly hit. No kan eg vera med på å visa at det er mogleg å reisa klimavennleg fram og tilbake mellom universitet i Nederland og Noreg.

– Vil du rå andre til å gjera det du har gjort?

– Ja, om dei har masse tid å ta av og har evna til å halda ut, seier ho.

Og her er nettsida til innsamlinga til Marleen van Gelder og der kan folk også fylgja henne på sykkelturen tilbake til Nederland. Første etappe går på laurdag frå Oslo til Larvik.