konsekvensar av streiken

Studentar i streikelimbo: - Ingen tør å ta ferie

Studentane på førsteåret i fysioterapi får no truleg utsett eksamen til august grunna streiken.

Julie Kynø som går førsteåret på fysioterapistudiet har god plass i eit bibliotek som vanlegvis er fullt av studentar i eksamensstress.
Publisert Sist oppdatert

Mandag kunne Universitetsavisa melde om fleire studieprogram der studentar får kjenne på konsekvensane av den pågåande streiken. I første omgong er det fysioterapistudentar og PPU-studentar som blir berørt.

Toril Forbord, prodekan for utdanning ved MH-fakultetet, sa då til Universitetsavisa at dei som får utsett eksamen må regne med å ta den om igjen etter streiken og sommarferien er over. 

Skulle hatt siste eksamen denne veka

Julie har pulsklokka på og brukar mykje tid utanom studiet som styremedlem i NTNUI rugby.

Julie Kynø er tillitsvald student på førsteåret av fysioterapibacheloren som held til på Tunga. Ho har havna i ein vanskeleg situasjon grunna streiken.

Kynø og klassen hennar skulle gått i gong med munnleg-praktisk eksamen i funksjonell anatomi tirsdag denne veka. Etter kvart fekk dei beskjed om at den minst utsettast til neste veke. 

Dei har også fått beskjed om at det er siste moglegheit neste veke. Får ein ikkje utført då, må eksamen utsettast til august. Når i august det blir, veit dei ikkje. Kynø seier ho innstiller seg på ein vanskeleg sommar, der mange ballar må vere i lufta samstundes.

- I august skal svært mange vere faddarar, i tillegg skal vi ta i mot ferske studentar. Samstundes som vi skal vise dei nye rundt må vi jo finne ut av alt med Helgasetr sjølv, fortel Kynø.

Dette grunngjev ho med at situasjonen studentane er i no ikkje har mykje føre seg. Klokka 15 på Tunga, tirsdag, er det nesten heilt tomt for studentar. Fleire av dei få som er der fortel at det ikkje er mykje god jobbing no. Dei deler at å halde giret høgt har vore umogleg når ein ikkje veit om ein eigentleg berre bør avvente til august.

Kynø fortel at emnet førsteklassinga skulle opp til eksamen i krev lesing over tid, men at det også har ei rekke element som må ligge ferskt i minnet. Difor les ho, og gjer seg klar for at denne gongen får det bli dobbelt opp med lesing. 

23-åringen fortel at det som verkeleg kan føre til problem er progresjonskravet på studiet, altså at dei må ha fullført alle eksamenar før dei kan gå vidare til neste studieår. 

Nicolay Hyll Buch går også førsteåret og er sistemann på rommet der studentane øver på dei praktiske delane av eksamen. Her prøver han å bruke eit skjelett som manglar både ein fot og hovud.

- Om eksamen blir i august, blir ikkje konten før oktober eller november, og uansett korleis det går får ein ikkje sensuren før etter studiestart, som per reglane i dag ikkje kjem til å funke. 

Kynø deler at det som gjer situasjonen verkeleg kjip er mengda uavklarte forhold. No veit dei altså ikkje når eksamen blir, korleis progresjonen i studiet blir, kva det har å seie for praksis til hausten, og korleis ho skal løyse kombinasjonen med eksamenslesing kombinert med å skulle få ein sjeldan ferie og jobb. 

 Har nokre teke ferie, no som ein ikkje veit om ein får ta eksamen? 

- Nei, ikkje heilt. Det er kanskje det som irriterar mest her. Ingen tør å ta seg heilt fri sidan vi står på gult lys enn så lenge, hadde ein bestemt at eksamen til dømes blir sett til 12. august hadde saka vore ei an. 

Kynø fortel at dei også har ein siste eksamen som er på Sluppen, og difor tenker instituttet at det skal gå an å få gjennomført denne.

Med både flytting og streik er Tunga tommare enn nokonsinne.

Hyllar instituttet sin innsats

Kynø skryt av dei tilsette på instituttet for innsatsen, då dei har vore god på å nå ut til studentane og gi svar på alt dei kan til ei kvar tid. Ho fortel at det merkast godt at dei tilsette kjenner på sympati med studentane og at dei gjer alt dei kan for å løyse dei vanskelege omstenda. 

- Det som ikkje har vore heilt på plass er kommunikasjonen frå sentraladministrasjonen ut til instituttet, det har leidd til at vi har fått seine oppdateringar, seier Kynø. 

Likevel skulle ho ønska at ein heller hadde teke ein sjefsavgjering og satt eksamen til ein dato i august allereie no, slik at studentane heller kunne planlagt for det enn handtere uforutsigbarheita.

På ein runde omkring campus finn ikkje Julie mange motiverte klassekameratar, men Nicolay Buch held ut med lesinga litt til.

Kan få konsekvensar for helsetilbodet

Bergem er instituttillitsvald på Institutt for nevromedisin og rørlsevitskap. Etter seks år som student er han klar for uteksaminering.

Jakob Dingstad Bergem er instituttillitsvald og studerer tredjeåret på fysioterapi.

Som for førsteklassingane på studiet er det ei viss moglegheit for at ein ikkje får fullført ein munnleg gruppeeksamen som er planlagt til femte juni. 

Tidlegare studerte Bergem sivilingeniørutdanninga energi og miljø, etter tre år fann han ut at slik kunne det ikkje bli. Han innsåg nemleg at å jobbe tett på menneske og spesielt med barn er det han vil dedikere yrkeslivet sitt til. Sidan har han blitt klar for å gå ut i jobb som fysioterapeut.

No fryktar han at draumen blir sett på vent. 

- Eg har stortrivdes som student, men no er det på eit punkt der eg ikkje veit korleis eg skulle utvida utdanninga med enda eitt år. Eg vil ut i arbeidslivet.

Etter planen skal Bergem ha eit halvår turnus på Frøya og deretter eit halvår på St. Olavs hospital. 

Bergem fortel at spesielt på Frøya blir han ein stor andel av eit lite helsetilbod. Slik han ser det er det kritisk for helsetilbodet at studentane får gå ut i turnus og vere ei både ivrig og billig arbeidskraft.

- Eg forstår at lange passkøar og slikt er kjedeleg, men her kan ein faktisk få eit eit svekka helsetilbod i små kommunar om ein ikkje finn ei løysing. Samstundes forstår eg godt at ein er i streik, og meiner streiken ein er i er viktig.

Bergem seier at han har både trua og håpet på at det skal ordne seg for avgongskullet, men seier at den manglande tryggleika kring å få fullført gjer at dei siste vekene på studiet 

Fakta

Dette er streiken

  • Akademikarane og UNIO har fleire medlem ute etter ein på mandag ikkje fann ei løysing under årets lønnsoppgjer.
  • NTNU har tidlegare opplyst om at dei jobbar med å få oversikt.
  • Toril Forbord, prodekan for utdanning ved MH-fakultetet har fortald UA dei som får utsett eksamen må vente til etter sommaren.
  • Fleire fakultet har tilsette ute i streik, men MH-fakultetet er ramma hardast med 173 tilsette. SU har omrking 100 ute og fellesadministrasjonen har 50.

Følg UA på Facebook og Instagram.