Ytring

NTNU må bli betre på å handle i tråd med eigne målsetjingar

- Personleg har eg aldri opplevd mindre moglegheit til å påverke avgjerder på arbeidsstaden enn ved NTNU, skriv universitetslektor Unni Eikeseth i denne ytringa.

- NTNU må forbetre handlingskompetansen sin for å oppfylle dei flotte orda i eigne strategiar, skriv Unni Eikeseth.
Publisert Sist oppdatert

For tida jobbar eg med sensur på ei masteroppgåve der temaet er lærarars handlingskompetanse når det gjeld å undervise i berekraft i grunnskolen. Mens eg har lese har det dukka opp fleire aktuelle saker i Universitetsavisa som har fått meg til å tenke på NTNUs evne til å omsetje ord til handling. Her er ei uformell vurdering av NTNUs handlingskompetanse.

Universell utforming og inkludering

Nyleg kunne vi lese i Universitetsavisa at ein student som nyttar rullestol kritiserer NTNU for mangelfull brukarmedverknad i planlegging av nye NTNU-bygg. Resultatet er at bygget Helgasetr kan bli lite tilrettelagt for studentar og tilsette med funksjonsnedsetjing, som at det er for tronge opphaldsrom og undervisingsrom, og at det er lagt opp til sosiale soner i trappeløp.

I ei anna sak som vart omtalt denne veka kom det fram at ein tilsett ikkje fekk moglegheit til å dra på bortreiseseminaret til instituttet der ho var tilsett fordi ho sat i rullestol.

I begge desse tilfellene synest NTNU å ha ikkje ha følgt opp sine eigne mål som er formulert i strategien til NTNU for 2018-2025. Under kjerneverdien «respektfull» står det blant anna at NTNU «bidrar til mangfold og likestilling i samfunnet og i egen virksomhet, og vi fremmer likeverd og toleranse.»

Språk

Eit anna aktuelt tema er i kva grad NTNU følgjer opp sin eigen språkpolitikk. Denne veka kom det fram at tilsette ved enkelte institutt opplever at norsk blir fortrengt som arbeidsspråk til fordel for engelsk.

NTNU har også over fleire år blitt kjent som eitt av dei dårlegaste universiteta når det gjeld å tilrettelegge eksamen til nynorsk, og tidlegare i vår kom det fram at det vart levert inn 17 klagar til ulike studieprogram ved NTNU i 2020.

Desse sakene tyder på at NTNU kan bli betydeleg betre på å «medverke til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi», samt å sikre at norsk skal vere hovudspråket i undervisinga, slik det står i dei språkpolitiske retningslinjene.

Demokrati

Tidlegare i vår var temaet medbestemmelse og medverknad på agendaen ved NTNU i samband med ei høyring om FAFO-rapporten om same tema. I samband med høyringa inviterte rektor til eit digitalt allmøte, men der tilsette verken kunne sjå andre deltakarar eller ytre seg.

Dette står vel ikkje heilt i stil med det som står under kjerneverdien «kritisk», der det er utdjupa at verksemda til NTNU er bygd på grunnleggjande demokratiske verdiar, samt at vår akademiske kultur er kjenneteikna av debatt og kritisk refleksjon.

Personleg har eg aldri opplevd mindre moglegheit til å påverke avgjerder på arbeidsstaden enn ved NTNU. Den næraste nivået der eg er representert med tillitsvalde er på fakultetsnivå på SU-fakultetet, der det jobbar om lag 1500 tilsette. Ved mitt eige institutt med 400 tilsette er det eit stort mindretal (28%) som rapporterer at dei ikkje føler dei blir involvert i avgjerder som angår deira arbeidskvardag. I vår anbefalte ei arbeidgruppe ved ILU å innføre eit formelt medbestemmelsesorgan, LOSAM, på instituttnivå for å sikre medbestemmelse, men dette blei stemt ned i instituttstyret. I ettertid har eg ikkje registrert noko meir informasjon eller debatt om medbestemmelse og medverknad på NTNU. Var dette alt?

Ord og handling

For å vende tilbake til masteroppgåva som var utgangpunktet for denne teksten, så finn kandidaten at handlingskompetansen til læraren er svært vesentleg for at elevane skal få den undervisinga dei har krav på i berekraft.

Likeins er det avgjerande at NTNU forbetrar handlingskompetansen sin for å oppfylle dei flotte orda i eigne strategiar. Kort sagt må det bli større samsvar mellom ord og handling.

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.