Borch møtte studenttoppane: - God dialog, men ingen blir heilt fornøgd

Tirsdag formiddag møttes leiarar av studentdemokratia og organisasjonar på invitasjon frå forsking- og høgare utdanningsminister for å diskutere studentøkonomi og opptaksystem.

Frå venstre: Oline Marie Sæther, leiaren av Norsk studentorganisasjon, forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.
Publisert Sist oppdatert

Tirsdag formiddag møtte leiarane av studentorganisasjonar frå heile landet Forsking- og høgare utdanningsminister Sandra Borch ved Regjeringens Representasjonsanlegg for studentpolitisk toppmøte. 

Tema for diskusjon var studentøkonomi og opptakssystemet til høgare utdanning. Statsråden var nøgd med å ha tid til arrangementet som ho seier er blitt ein viktig tradisjon for å halde i gong dialog og samarbeid med studentane. 

- Dette er ein viktig arena, og det var svært kjekt å sjå at vi fekk til så dynamisk dialog som vi gjorde i diskusjonen kring eit nytt opptakssystem der ein har så mykje ulike meiningar.

I diskusjonen kring studentane sin økonomi stod ting meir stille. 

- Situasjonen i verda i dag der vi forsøker å halde nede stadig aukande prisvekst gjer det vanskeleg å få alle til å bli heilt fornøgde, men eg høyrer dei og tek meiningane deira på alvor, fortel Borch. 

- Vi får ikkje godt nok svar

Oline Marie Sæther på studentpolitisk toppmøte.

Oline Marie Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) og var ein av dei som fekk mest taletid på toppmøtet tirsdag. Ho seier ho vart møtt på forventa vis av statsråden.

Sæther løfta fram løftet til statsministeren om å trygge velferd for alle, og meiner at det ikkje har blitt holdt for studentane.

Svaret Borch deretter gav meinte Sæther at var skuffande.

- Prisveksten er størst i mat og bustadutgifter, det er også dei to største utgiftene til studentane, hevdar Sæther.

Sæther fortsatte å forklare at ho ikkje ser justeringane til studiestøtta som god nok fordi den er mindre enn prisveksten.

Borch svarar at ho meiner regjeringa har levert ein stor satsing med justeringane som har blitt bestemt. 

Statsråden seier at ein gjerne skulle drøssa ned med peng på studentane, men at det er behov for trygg og ansvarleg økonomisk styring i tida vi finn oss i. Borch la til at studentane må hugse at mange lev med ein trong økonomi no. 

Fins heiltidsstudenten?

Om heiltidsstudenten faktisk fins var det stilt spørsmål til frå fagdirektør i kunnskapsdepartementet, Anders Lundell. Spørsmålet fortsatte debatten som foregikk på møtet om studentar som jobbar ved sidan av studiet. 

At det er sunt for studentar å jobbe var både statsråden og studentane samde i, men korleis det er best at dette går føre seg var ein ikkje heilt på same side om.

Kjetil Moen er direktør i Lånekassen.

Direktøren i Lånekassen, Kjetil Moen, viste fram ein tabell som syner kor mange studiepoeng ein klarer å få med ulik mengde timar på jobb i veka. Denne syna blant anna at dei som jobbar minst også får færre studiepoeng på årleg basis.

Direktøren for Lånekassen seier at det er klart tala ikkje kan fortelle alt, og at ein gjorde eit val om å inkludere nokre tal for å vise til ei verkelegheit.

 Bør ein sjå på karakterar i tillegg til studiepoengproduksjon om ein skal sjå på effekten jobb ved sidan av studium har?

  - Det kan ein nok gjere, men dei tala har vi ikkje. Det vi derimot veit er at det er ein liten auka sjanse for fråfall blant studentar som har ein jobb der dei brukar meir enn 20 timar i veka. 

Leiaren av NSO var ikkje heilt nøgd med framlegget til Lånekassen.

- Vi studentar er meir enn gjennomsnittstal, når eg ser at dei som jobbar minst også får færre studiepoeng årleg spør eg om kvifor dei ikkje jobbar, eg trur det ofte handlar om forutsetningane den individuelle studenten har. 

Følg UA på Facebook og Instagram.