Studentleiaren fillerista statsråden framfor kong Harald V

Leiar for Studentparlamentet ved UiO og påtroppande leder av NSO, Oline Sæther, brukte opninga av Den internasjonale sommarskulen til å fyra av ei breiside mot regjeringa si avgjerd om å innføra studieavgifter for studentar frå EØS og Sveits.

GJENTOK KRITIKK: Studentparlamentets leiar Oline Sæther gjentok kritikken av regjeringa for avgjerda om å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits frå hausten 2023.
GJENTOK KRITIKK: Studentparlamentets leiar Oline Sæther gjentok kritikken av regjeringa for avgjerda om å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits frå hausten 2023.
Publisert

Det var kong Harald V som var hovudgjesten då Den internasjonale sommarskulen feira 75-årsjubileet sitt eitt år forseinka på grunn av koronapandemien. Han kom inn frå baksida av Universitetet i Oslos aula, tok heis opp til foajeen, før han saman med rektor Svein Stølen og andre prominente gjestar gjekk opp midtgangen, før han sette seg ned på første benk. Dermed kunne seremonien begynna.

Det var Uniforum som først hadde saka.

REISTE SEG FOR KONGEN: Her kjem kong Harald V inn midtgangen i Universitetets aula fylgd av UiO-rektor Svein Stølen. Pulbikum reiser seg.
REISTE SEG FOR KONGEN: Her kjem kong Harald V inn midtgangen i Universitetets aula fylgd av UiO-rektor Svein Stølen. Pulbikum reiser seg.

Framfor kong Harald V og ein Universitetets aula fullsett av studentar frå alle verdshjørner på Den internasjonale sommarskulen, valde leiar for Studentparlamentet, Oline Sæther å fyra av ei kraftsalve av ein kritikk mot forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og vedtaket om å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits. Dermed forsøkte ho å vera litt festbrems under markeringa av 75-årsjubileet til Den internasjonale sommarskulen, men det såg ut til at det berre oppildna dei 500 personane som var til stades.

- Dette året bestemte den norske regjeringa at studentar som kjem frå land utanfor EØS og Sveits må betala studieavgift, samtidig som alle andre studentar får gratis utdanning. Eg synest det var ei gal avgjerd og derfor må den skrotast, sa ho og fekk ein kjempestor applaus som ein spontan reaksjon frå publikum.

Forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe sat på første benk ved sida av Oslo-ordførar Marianne Borgen, og to plassar bortanfor han sat kong Harald V og høyrte leiaren for Studentparlamentet kritisera avgjerda om å innføra studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits.

PÅ FØRSTE RAD: Kong Harald V på første rad saman med Oslo-ordførar Marianne Borgen og litt lenger til venstre forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Direktør for Den internasjonale sommrskulen ved UiO, Anne Cathrine da Silva sit nærmast kameraet.

Og Ola Borten Moe hadde allereie halde sin tale, så han kunne ikkje ta til motmæle under seremonien. Og Stortinget har allereie vedtatt å innføra studieavgiftene frå hausten 2023.

Oline Sæther heldt fram med å venda seg direkte til sommarskulestudentane.

- Å bli påverka og å påverka er sterke handlingar. De må tenkja gjennom standpunkta dykkar på nytt. Og om eg veit at nokon skal kunna påverka meg, då blir eg litt skremt og ukomfortabel. Eg trur me må vera opne for både det me veit og det me ikkje veit.

- Her kan de som studentar læra korleis det er mogleg å skapa fred i staden for å nøra opp under konfliktar. Derfor er det viktig å byggja opp vennskap, samarbeid og forståing. Me må vera opne for nye idear. Eg har håp, og eg trur de også har håp, sa ho til sine medstudentar frå Afrika, Amerika, Midtausten, Asia og Stillehavsområdet.

No begynner dei på eit seks veker langt sommarstudium på Den internasjonale sommarskulen på Universitetet i Oslo. Dei blei først helsa velkomne av sommarskuledirektør Anne Cathrine da Silva og UiO-rektor Svein Stølen.

UNDERHOLDT PUBLIKUM: Kvindelige Studenters Sangforening underheldt publikum på velkomstseremonien i Universitets aula.
UNDERHOLDT PUBLIKUM: Kvindelige Studenters Sangforening underheldt publikum på velkomstseremonien i Universitets aula.

- Først av alt vil eg takka dykk for at de valde Universitetet i Oslo. De vil finna ut at dykkar idear blir utfordra av idear frå andre. Her har folk blitt venner og etterpå funne ut at dei andre kom i frå land som deira eigne land ikkje var venner med. Dette er ein lang og stolt utdanningstradisjon. De vil få vennskap som de vil ha med dykk resten av livet, understreka han.

Stølen viste også til ein artikkel om demokrati i New York Times.

- Universiteta er dei første som føler innstramminga av demokratiet gjennom reduserte pengeoverføringar frå staten. Akkurat no lever me i uvisse tider, peika han på.

Og forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe kom også med skryt over dei over 75 åra som Den internasjonale sommarskulen har halde på.

- 30 000 studentar frå 150 land har deltatt. Det er noko å feira, understreka han.

UTFORDRING: – De vil finna ut at dykkar idear blir utfordra av idear frå andre, sa UIO-rektor Svein Stølen då han ynskte studentane på Den internasjonale sommarskulen velkomne til UiO.
UTFORDRING: – De vil finna ut at dykkar idear blir utfordra av idear frå andre, sa UIO-rektor Svein Stølen då han ynskte studentane på Den internasjonale sommarskulen velkomne til UiO.

Borten Moe viste korleis det først begynte som ein sommarskule for studentar berre frå USA, før den etterkvart blei utvida tll studentar frå heile verda.

- Når de drar tilbake til heimlanda dykkar, kan det hjelpa Noreg med å auka eksporten av brunost, slik USA har klart med hamburgaren. Og så blir det kanskje eit internasjonalt gjennomslag for lutefisken også, spøkte han med, og han nemnde trøndersodd som ein annan lokal nasjonalrett som kunne trengt litt meir internasjonal marknadsføring.

DEN BESTE VEGEN: – Utdanning er den beste vegen til fred og forståing, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe
DEN BESTE VEGEN: – Utdanning er den beste vegen til fred og forståing, sa forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe

- Eg ser at det skal på ekskursjon til Rjukan. Det er viktig at de får innblikk i historia om tungvatnaksjonen, tykte han.

Borten Moe kom også innom krigen i vår verdsdel.

- Mange ting har blitt mykje vanskelegare på grunn av krigen i Ukraina. Det har også hatt stor effekt på mange universitet. I den globale tidsalderen er me no i ferd med å få auka polarisering, hadde han registrert.

- Utdanning er den beste vegen til fred og forståing, slo han fast.

UiO-koret Kvindelige Studenters Sangforening bandt arrangementet saman med norske folkesongar og salmar.

FULLT I AULAEN: Universitetets aula var fullt opp av sommarskulestudentar og andre gjestar, då Den internasjonale sommarskulen ved UiO markerte både opninga og 75-årsjubileet sitt i går.
FULLT I AULAEN: Universitetets aula var fullt opp av sommarskulestudentar og andre gjestar, då Den internasjonale sommarskulen ved UiO markerte både opninga og 75-årsjubileet sitt i går.