Sjå bileta frå innsida: Nybygget på Studentersamfundet nærmar seg stadig

- Her blir det servering, og her, og her, og her, og her.

Nybygget på Studentersamfundet er under konstruksjon.
Publisert Sist oppdatert
Fakta

Nybygg

  • Første forslag for nybygg vart lagt fram i 1963 og det har vore fleire forslag og forsøk sidan.
  • I 2016 var ønsket tilbake og vart etterkvart verkeleggjort.
  • Prislappen for nybygg ligg på 250 million.
  • Sjølve bygget er finansiert, men ein manglar enda pengar til innreiinga.
  • NTNU, Velferdstinget, Tronheim kommune, Sit og Reitangruppa er blant dei som har hjulpe med finansiering.
Astri Elgethun er leiaren av Studentersamfundet i Trondheim.

- Det ligg an til at Studentersamfundet sitt nybygg er ferdig i mars 2024 og at det blir opna ved studiestart hausten 2024, det seier leiaren av Studentersamfundet, Astri Elgethun. 

Fasaden har teke form og det er i grove trekk mogleg å sjå føre seg dei nye lokala ein skal tilby studentane. 

- Det er ikkje bestemt kva alle lokala skal heite og bruken av kvart av dei kjem til å bli forma og utvikla av dei frivillige framover, slik som på resten av huset, fortel Elgethun.

Doblar størrelsen

Nybygg kjem til å by tre nye serveringslokale, tre nye konsertscener og fører med ein del endringar til huset. Til dømes kjem ikkje Knaus som har husa dei minste konsertane til no til å halde fram med dette. 

Når konstruksjonen er ferdig vil Studentersamfundet ha auka størrelsen sin med omkring 4000 m². Det var eit håp om å kunne ha heile 4000 personar på huset med utvidinga, men sjølv om Samfundet enda ventar på regneskap her har ein ikkje lengre trua på at ein når heilt opp på 4000 som tak på antal gjester på ein gong. 

Ein gamal draum som blir verkeleg

Monica Rolfsen er leiaren av finansstyret ved Studentersamfundet. Det blir kommentert at finansstyret er dei vaknse som passar på at ein ikkje går konkurs.

- Allerede den gongen eg arbeidde arbeidde som frivillig her på siste halvdel av 80-talet var det snakk om nybygg, difor kjennes det utruleg å gå rundt i fasaden til nybygget no, seier Rolfsen.

Studentersamfundet stod som klart i 1929. I 1963 var det allereie lagt fram forslag om å utvide bygget. Talet på studentar i byen har blitt langt større sidan opninga. 

Det har blitt løfta fram at det er viktig at Studentersamfundet har plass til ein større del av studentane både i form av å kunne kome som besøkande og at utviding vil føre til at ein treng langt fleir frivillige. 

Meir moglegheiter, meir plass og meir folk

Ved den nye kvardagsinngangen som ein ser på biletet her blir det eit serveringslokale som kan ha moglegheit til å ha ope tidlegare enn noko anna lokale på Studentersamfundet i dag. 

Lokalet som er nærast Elgseter park har arbeidsnamnet "Servering B" og vil truleg bli ein arena der ein kan lese tidleg på dagen og få seg ein liten lunsj.

Etter omvisning er det vertfall trygt å seie at det blir gode moglegheiter for å få servert seg ei øl.

Dette lokalet blir 7-Eleven som er driven av Odd Reitan.

Ein eigen Samfundetøl

- I dag har ein mikrobryggeri i hovudbygget, produksjonen av dette vil bli flytta inn i den svært store kjellaren slik at ein kanskje kan få produsert ein eigen Samfundetøl i framtida, fortel Rolfsen med eit smil om munnen.

Arbeidsnamnet på dette lokalet er "intimscena". Det er det nest minste scena, men berre "blackbox" som er enda litt mindre. Rekkverket vil bli brukt som galleri.

Rolfsen fortel at det er lagt til rette for at det kan bli bygd ein gong under bakken som koplar Studentersamfundet med bygget dei har regulert for at kan bli det nye lokalet for institutt for musikk. 

På baksida av Samfundet vil det bli bygd gongar som både koplar saman bygga og gjer det enklare å flytte seg omkring på huset enn det er i dag.

- Det er ikkje lagt av pengar i campusprosjektet til at dette skal bli bygd enda, men det er rydda for det, seier Rolfsen. 

Elgethun forklarar at det vil bli mogleg for huset å ha tre konsertar og teater på same tid etter ein har opna dei nye lokala.

"Konsertsalen" er arbeidsnamnet i dette lokalet. Dette blir noko større enn Klubben på Samfundet i dag og vil i første rekke vere meint for konsertar.