gjesteskribenten

Studentfrivilligheita – Noregs beste utdanningsinstitusjon

Studentfrivilligheita gjer Trondheim til Noregs beste studentby. Og aldri finn på å tru at det er noko anna som har lært meg å jobbe som ekspert i eit tverrfagleg team.

Cecilie Raustein har hatt ei rekkje verv, her er ho på Lucas, kontoret til studentavisa Under Dusken.
Publisert Sist oppdatert
Fakta

Cecilie B. Raustein

    Raustein er ein av UAs seks gjesteskribentar.

    Utdanning: Bachelorgrad i matematiske fag, bachelorgrad i nordisk språk og litteratur. For tida på siste året av ei mastergrad i nordisk språk og litteratur.

    Tidlegare roller i UH-sektoren: Leiar av Studenttinget 2019, i tillegg til diverse verv i studentdemokratiet og som studentrepresentant i råd og utval på alle nivå ved NTNU samt fagstrategiske einingar i UHR.

    Faglege interesser: Nordisk språkhistorie, talemål, språkpolitikk, grammatikk og talteori

    Er oppteken av: Lik rett til utdanning, studentar sine rettar, disiplinfaga, tverrfaglegheit, samspelet mellom utdanningsinstitusjon, studieby og studentfrivilligheit.

Eg er ikkje den første og heller ikkje den siste til å trekke fram verva mine som noko av det absolutt viktigaste ved studenttida mi. Heldigvis er det mange som har fått oppleve det, og heldigvis er det mange fleire som skal få kjenne på kor mykje glede, utfordring, meistring og læring som finst her. Heldigvis dukkar det stadig opp nye organisasjonar å engasjere seg i, heldigvis startar studentar stadig opp nye prosjekt til glede for både seg sjølv og andre og heldigvis finn stadig nye studentar sin plass i studentmiljøet nettopp i alle desse verva. 

Sjølv har eg vore so heldig at blant alle verva eg har hatt æra av å ha, har fleire av dei vore betalte. Vi kan sjølvsagt diskutere om dette i det heile tatt kan reknast med i studentfrivilligheita – for det er jo ei motsetjing mellom frivilligheit og lønna arbeid – men det er ikkje poenget her. Poenget her er at eg har vore heldig nok til at nokre av mine verv har vore lettare å kombinere med studia enn andre, av den enkle grunn at dei samstundes har vore (deltids-)jobben min.

Eg har òg vore heldig med at eg har innehatt verv som har gjort at eg nok kunne ha brukt verva mine til å få studiepoeng. Det har eg aldri gjort, men moglegheita finst om ein har dei rette verva, og gjerne typiske leiar- og styreverv. Eller dei rette teknologiverva. Dette gjer det òg lettare å kombinere ein tettpakka vervportefølje med studia. I tillegg gjev det fullstendig meining – for ein lærer so mykje i desse verva, og heilt sikkert endå meir når ein får setje det inn i ein akademisk kontekst og faktisk reflektere meir over kva ein driv på med.

For min eigen del er det først no i det siste eg verkeleg har byrja å kjenne på at eg nok kan verte ein ganske god arbeidstakar etter at eg er ferdig med studia mine, og det har eg verva mine å takke for. Det er her eg har lært om samarbeid, om konflikthandtering, om prioritering og om å halde oppe motivasjonen og nytte han konstruktivt. Det er her eg har lært om relasjonsbygging, om å nytte Office-pakka og andre nyttige digitale verktøy og om korleis eg kan nytte kompetansen min – òg den eg har fått i utdanningsløpet – i samarbeid med andre. 

Fleire av desse tinga skulle eg vel eigentleg lære i Ekspertar i team. Eg skal ikkje føye meg inn blant dei mange som svartmalar dette konseptet, men nokre ord vil eg seie om det. For eg lærte faktisk ingenting. Orsak, det er ikkje heilt sant, eg lærte litt meir om å jobbe med noko fullstendig uinteressant i ein veldig oppkonstruert situasjon der produktet eigentleg ikkje kom til å gagne nokon i det heile. Eg lærte at når eg jobbar med noko so lite viktig, so går det faktisk greitt for meg å ikkje gjere alt perfekt. Og so lærte eg at akademikarar har skrive ein heil del om ting ein lærer seg av å ha frivillige verv òg. 

Det eg vil fram til, er ikkje at frivillige verv i seg sjølv plutseleg skal gjeve studiepoeng i hytt og vêr. Sjølvsagt skal utdanninga mi vere forskingsbasert! Men eg meiner at det er langt fleire enn dei verva som lèt ein ta desse NTNU-emna for leiing av frivillige organisasjonar. Det er langt meir enn leiing ein lærer seg. Eg ynskjer meg eit mykje breiare tilbod enn Ekspertar i team, for ein fungerer etter kvart gjerne litt som nettopp ekspertar som samarbeider på tvers av fagfelta sine – ja, faktisk dei fagfelta ein utdannar seg i òg – i ein del av desse studentfrivillige organisasjonane og verva. 

Det er so mykje meir gjevande å jobbe i eit team for noko ein faktisk bryr seg om, med eit faktisk reelt mål framfor seg og der ein faktisk ser at arbeidet ein gjer, har positiv effekt for andre. Gjev oss gjerne mykje av den same litteraturen som er pensum i EiT, og gjev oss gjerne liknande oppgåver, men knyt det heller til slikt arbeid. Det gjer det lettare å kombinere verva med studia, og det bør absolutt vere av interesse for NTNU når so mange trekk fram studentfrivilligheita som ein so viktig faktor for å velje NTNU og for all læringa ein hadde som student. Ikkje minst ser vi om att og om att kor viktig det er for den psykiske helsa til studentane. Eg trur òg det ville gjere læringa betre enn ho gjerne kan kjennast når ein tek EiT i dag, fordi ein faktisk får nytte kunnskapen til noko reelt og gjevande. 

Og so vil eg sjølvsagt ikkje at alle studentverv skal gjeve lønn eller studiepoeng. Det gjev meining med møtehonorar og slikt for studentpolitikarar, og for langt fleire verv enn dei som kan gjeve det i dag, meiner eg at det gjev meining å kunne få studiepoeng. Men so er det so mykje anna vi får att for alle timane vi legg ned i arbeidet, og so mykje fridom i å kunne gjere akkurat det vi vil fordi vi ikkje er forplikta til noko anna enn det vi sjølv legg føre oss og vel å ta på oss. Denne fridomen gjer det kjekt og kreativt, og eg trur nettopp denne fridomen er viktig for at vi skal klare å skape alt det viktige og uviktige, alt det fine og rare, alle dei gode augneblinka og læringa og alle dei viktige relasjonane. 

Ikkje berre ligg det fridom i det, men det ligg òg utfordring i det. For det er vel få andre situasjonar enn ein med ein timeplan stappfull av førelesingar, masterarbeid, to deltidsjobbar og minst to frivillige verv som gjev betre trening i å prioritere tida si. Men so trur eg altso likevel at både NTNU, studentane og dei framtidige arbeidsplassane har mykje å tene på at fleire får setje all vervlæringa si i ein kontekst.