Ytring

Det er på tide at NTNU skjerpar seg!

No er tida for å lage ein ny strategi for språk på NTNU, som legg grunnlag for arbeidet framover.

Påtroppende leder i Norsk Målungdom Frida Pernille Mikkelsen
Påtroppende leder i Norsk Målungdom Frida Pernille Mikkelsen
Publisert

Den siste tida har NTNUs slepphendte forhold til språk kome meir og meir fram i lyset. Det er på tide at universitetet gjer endring!

NTNU er utdanningsinstitusjonen til over 40 000 studentar. Som ein stor og viktig del av kunnskapssektoren i Noreg, burde det språklege medvitet vore med på prioriteringslista. I staden ser vi at institusjonen ikkje er i nærleiken av å nå krava til bruk av nynorsk. I debatten i Universitetsavisa kjem det fram at norsk språk blir pressa ut av arbeidskvardagen ved universitetet, og at meir og meir av undervisninga føregår på engelsk.

Språkansvaret skal ikkje vere uklart. Mållova har i fleire år tydeleg formulert forventingar til institusjonane om bruk av norsk språk. I tillegg gir universitets- og høgskulelova instituasjonane ansvar for norsk fagspråk. At NTNU då vel å sjå bort frå desse lovkrava årleg, bør sette spørsmålsteikn ved i kva grad dei oppfyller si oppgåve og rolle som utdanningsinstitusjon.

Mari Nygård og Charlotte Gaertner skriv i Universitetsavisa at dei administrative støttesystema og manglande medvit blant NTNU-leiinga, hindrar dei tilsette i å gjere balanserte språkval. Som størst i klassen burde det vere sjølvsagt at NTNU hadde systema på plass.

Les mer: Virker som tekniske problemer brukes for å bortforklare manglende nynorsk.

I vår vedtok Stortinget ei ny språklov som er gjeldande frå 2022. Den seier klart at «det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Det gir sterkare forventingar, og ein ypperleg moglegheit for endring. No er tida for å lage ein ny strategi for språk på NTNU, som legg grunnlag for arbeidet framover. Den må ta for seg norsk fagspråk, og balansert bruk av nynorsk, bokmål og engelsk, både internt og i kommunikasjonen ut mot studentar og resten av samfunnet.

I Norsk Målungdom sender vi kvart år ut titals av klager til universitet og høgskular i Noreg, på vegner av studentar. NTNU er dei som får flest. Til studentane vi hjelper seier vi: «Vonar dei skjerpar seg!» Ofte er svaret frå NTNU at dei skal betre seg, men no står vi her igjen. NTNU, vonar de skjerpar dykk!

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.

Les flere ytringer her.

Powered by Labrador CMS