Digitaliseringa av offentleg forvaltning gir juridiske nøtter for statsråden

Om ein robot kolliderer med ein rullestolbrukar, kven har ansvaret, den som har programmert den eller den som har kjøpt roboten?

BEREKRAFTIGE: – Målet vårt er at me skal bli berekraftige innanfor rettsdigitalisering, sa jussprofessor Malcolm Langford, då digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøkte Det juridiske fakultetet.
Publisert Sist oppdatert

Dette var eit av dei juridiske problema som kom opp, då digitaliseringsminister Nikolai Astup nyleg møtte forskarar på Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo for å diskutere forholdet mellom lover og reglar i forvaltinga og den raske teknologiske utviklinga som skjer gjennom digitaliseringa av heile samfunnet.

– Kven har kontrollen over roboten?

 Professor Tobias Mahler tok opp dei juridiske spørsmåla som var knytte til bruk av robotar, førarlause bilar og dronar.

– Førebels har me fleire spørsmål enn svar på dette området. Det som er sikkert er at det ikkje er «Terminator» som kjem når me snakkar om robotar. Dei er derimot fysiske aktørar i det offentlege rommet. I framtida kan pizzaen anten koma med robotar eller dronar, spådde han. Det trudde han ville kunne føra til konfliktar.

– I dag ser me døme på korleis sparkesyklar kolliderer med rullestolbrukarar på fortauet. Om ein robot kolliderer med ein rullestolbrukar, kven har då retten på si side? spurte han.

– No er det mykje roboteknologi i bruk på fabrikkar. Kva skjer når dei kjem til andre delar av samfunnet? Kven har kontrollen over roboten? Den som har programmert den eller den som har kjøpt den? Og korleis fungerer dette når roboten også tar bilete? Kven er då ansvarleg for brot på personopplysningslova?

Mahler kunne også fortelja statsråden at EU er i gang med utarbeida eit etisk kart for kunstig intelligens.

– No har me nettopp starta opp eit nytt forskingsprosjekt på Det juridiske fakultetet der me ser på dei juridiske problema med bruken av robotar, fortalde han.

Professsor Kristin Bergtora Sandvik forskar på teknologi og humanitær rett og ser mellom anna på lovgjevinga i samband med bistand. Også der er det masse å gripa tak i.

– Eit problem som dukkar opp i samband med bistand er at det blir samla inn store mengder med data som ikkje er etterrettelege. Kva skjer med desse dataene når desse individa døyr? var eit spørsmål ho gjerne ville ha ei betre utgreiing av.

Også når det gjeld handelskrigen mellom Kina og USA, får den ringverknader til landa som tar imot bistand.

– Dersom landa vil gjera digitale innkjøp frå Kina, vil USA bruka antiterrorlovgjevinga for å hindra kjøp av kinesisk utstyr, sa ho.

– Ein jurist må vera med i startfasen

– Målet vårt er at me skal bli berekraftige innanfor rettsdigitalisering. Aukar eller minkar digitaliseringa rettsvernet og aukar den eller minkar den diskrimeringa? Det er nokre av spørsmåla me må svara på, sa Langford, professor og prosjektleiar for Den digitale juristen.

førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum tok opp forvaltningsretten.

 – Dei som har studert forvaltningsrett og skal arbeida med forvaltningssystemet i til dømes staten manglar kunnskap om å laga gode reglar. Derfor må ein jurist vera med heilt i startfasen kvar gong når det offentlege planlegg digitalisering. Det er viktig at dei er med oss, meinte han.

Han viste til NAV-reforma som eit døme på eit område der det ville ha vore nyttig med fleire juristar i planlegginga. For han var det også viktig å leggja vekt på utforminga av det juridiske språket.

– Eit felles språk og gode omsetjingar mellom forvaltningsnivåa, både gjennom faga jus, statsvitskap og informatikk, er viktig.

Gjenbruk av personopplysningar

Professor  Dag Wiese Schartum kjem frå det 50 år gamle Institutt for rettsinformatikk, som er verdas nest eldste i det juridiske faget. Han tok opp spørsmålet om rettsinformatkk og personvern.

– Me ynskjer ei digitaliseringsklar lovgjeving der forholda er lagde til rette for gjenbruk av personopplysningar. Det må ikkje bli stoppa på grunn av mangel på løysingar, meinte han.

– Me må laga ein prosedyreomtale som kan fungera som ei kakeoppskrift. Då kan det enda opp i rettsgyldige prinsipp, la han til.

Barrierer for persontilpassa medisin

Jus er blitt viktig i helsesektoren og medisinfaget etter kvart som utviklinga av persontilpassa medisin skyt fart. Det er eit område doktorgradskandidat Anne Kjersti Befring arbeider med.

– Det finst mange ulike barrierer. På helseområdet er kunstig intelligens avgjerande for å utvikla medisin og for å diagnostisera pasientar. Derfor må me sjå korleis lovgjevinga på dette området fungerer, fortalde ho.

Befring viste til at det finst mange skilnader på praksisen på dette området frå institusjon til institusjon.

– Nokre sjukehus brukar framleis telefax, medan andre stader brukar legar eigen mobiltelefon til å henta inn opplysningar. Dei manglar eit digitaliseringssystem og dei har heller ikkje innført reglar for det, sa ho.

Befring rådde til at noko må gjerast straks.

– Det må lagast eit juridisk grunnlag for kunstig intelligens, på same måten som det måtte til då bilen og olja kom, trekte ho fram. Doktogradskandidaten oppfordra derfor til utvida samarbeid mellom juristar og fagmiljøet på Det medisinske fakultetet.

– Noreg må alliera seg med fleire land

– I Noreg tar det langt tid frå ein ny behandlingsmetode er godt nok utprøvd og til den er klar til bruk. Og når det gjeld innføring av nye medisinar, tar det minst 18 månader frå ein medisin som er godkjent i andre europeiske land, kan takast i bruk i Noreg. Noreg er det einaste landet i Europa der det tar så lang tid, sa ho.

Befring peika på kor stor makt kommersielle aktørar har. I dag er det eit skeivt byteforhold mellom våre data og utvikling av nye metodar frå desse private selskapa.

– Noreg må derfor alliera seg med fleire andre land for å koma i ein betre forhandlingssituasjon med kommersielle aktørar, føreslo ho.

– Krev meir deling av data enn i dag

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup var svært interessert i dei tema dei juridiske forskarane tok opp med han. Overfor Uniforum gav han uttrykk for at rundebordssamtalen gav nyttige innspel til den digitaliseringsstrategien for offentleg sektor som regjeringa skal utforma.

– Om me skal klara å hausta av dei store gevinstane som ligg i den digitale revolusjonen så reiser det også nokre problemstillingar som i aller høgaste grad berører det juridiske feltet. Om me skal få til tenester som vert opplevde som saumlause av me som brukar dei, krev det meir deling av data enn det me gjer i dag. Det vil seia at me treng lovheimlar for å kunne dela data. Om me skal digitalisera lovvverket, må me også ha ein klar og eintydig språkbruk, understreka han.

Astrup tykte også at det var viktige utfordringar som kom opp i samband med bruk av robotar og kunstig intelligens.

– Når det kjem til automome system, robotar, og kunstig intelligens og me nyttar dei til å ta avgjerder som om dei var menneske, så må dei avgjerdene kunne etterprøvast. Det reiser juridiske problem. Og som me fekk demonstrert, i helsevesenet står pasientvernet av og til i motstrid til personvernet. Dette er problemstillingar som me skal ta med oss både når me skal laga ein strategi for digitalisering av offentleg sektor og ein nasjonal strategi for kunstig intelligens, sa Nikolai Astrup til Uniforum.

– Vil du bruka kompetansen til fagmiljøet på Det juridiske fakultetet i dette arbeidet?

– Ja, me er svært opptekne av å lytta til fagmiljøa på ulike område. Me kan ikkje sitja i kvar vår silo og løysa desse problema. Her må samfunnsvitarane, juristane, økonomane og andre som jobbar på ulike fagfelt stikka hovuda saman med dei som skal utvikla teknologien. Men også med oss som skal laga politikken for å få eit best mogleg resultat som står seg, og der folk sine rettar blir tatt vare på, og me får den samfunnsutviklinga som me ynskjer, sa Nikolai Astrup.

Artikkelen ble først publisert i Uniforum.