akademisk ytringsfridom

Sterkt oppmøte i Storsalen for akademisk ytringsfridom

Laurdag kveld møtte konstituert rektor Tor Grande, sosiologiprofessor Aksel Tjora og førsteamanuensis Jonas Kristiansen Nøland på Samfundsmøte for ein samtale om akademisk ytringsfridom.

Frå venstre: Astri Elgethun, Aksel Tjora, Jonas Kristiansen Nøland og Tor Grande.
Publisert Sist oppdatert
Frå venstre: Astri Elgethun, Aksel Tjora, Tor Grande og Jonas Kristiansen Nøland.

Samfundetleiar Astri Elgethun tykkjer Samfundsmøtet var ein suksess og seier det er viktig å halde tråden no som akademisk ytringsfridom har vore eit viktig tema og samstundes vise at studentane følger med på saker ved universitet utanfor kvardagen deira. 

Aksel Tjora, Tor Grande og Jonas Kristiansen Nøland var på plass og arbeidde seg gjennom ein spanande runde med spørsmål. Elgethun var ordstyrar i sofapraten og sa at det var eit sjølvsagt tema etter det ho kalla kaoset ved NTNU kring Anne Borg sin avgang som rektor. 

Jonas Kristiansen Nøland, som opplevde å få krenka sin akademiske ytringsfridom av tidlegare rektor, fortalde at han er takknemleg for at NTNU som det einaste universitet i Noreg har brukt litt pengar på kjernekraft, og at han var sjokkert dagen han fekk vite om kritikken frå tidlegare rektor om korleis han har ytra seg. 

Grande fekk spørsmål om Anne Borg stod aleine i saka og ville ikkje kommentere og seier at samtalen som har foregått mellom Borg og rådgivarar fortsatt er fortruleg og han kjem difor ikkje til å kommentere. 

Grande hevda at den største trusselen no er presset vitskapelege tilsette ved NTNU kjenner på frå kollegaar, og seier at ein må ha ein prinsipiell haldning til ytringsfridomen som han kalla ekstremt viktig. 

Liva Rindom Tofte og Katja Brødholt er medlem av Samfundetstyret.

Omkring 150 personar møtte på Samfundsmøtet. Liva Rindom Tofte er politisk nestleiar i Samfundetstyret og leidde det som vart det første Samfundsmøtet for 2024. 

I det faste innslaget Fri Talerstol før diskusjonen var Tjora først til å ta ordet og brukte moglegheita til å be studentane om å delta i debatten om vald eller tilsett rektor

I etterkant av debatten kunne Tjora melde at han tykkjer samtalen gjekk godt for seg med det vanskelege temaet. 

- Eg vil gjerne ver meir kvass enn eg syns eg kan, eg likte dei gode spørsmåla frå salen og også uventa spørsmål sa Tjora. 

Vidare kunne professoren seie seg nøgd med at han fekk folk til å le fleire gonger. Han meiner humor er viktig i alvorlege debattar som denne.

- Det er viktig at folk kan ytre seg når ein snakkar om ytring, avsluttar Tjora og ler.

Frå akademisk drama til sunn debatt

Sofapraten starta med diskusjon om dramaet kring tidlegare rektor, men bevegde seg raskt mot ein generell diskusjon om akademisk ytringsfridom. 

Først fekk trioen i sofaen spørsmål frå Elgethun om kva som truar akademisk ytringsfridom.

Tjora sa at fordi ein kan måtte bli finanisert av industrien i større grad kan ein få vanskelege situasjonar og at det difor er viktig å få pengar av til dømes EU eller Forskningsrådet. Han la vekt på at ein skal kunne ha samarbeid med industrien, men at ein ikkje skal kunne bestille kva som helst forsking. 

Grande sa at involvering av industrien og grensene ein må sette handlar om institusjonell integritet og akademisk fridom. Vidare at dei vitskapelege tilsette skal velge kva dei skal forske på og metoden dei brukar. Han sa at avtalar sikrar integritet og akademisk fridom, og at ein ikkje kan bli tvinga til å forske i ei retning som følge av press utanfrå. 

Tjora trakk fram at medieverkelegheita i dag kan gjer det svært tøft å stå i si eiga forsking. Som døme trekk han fram kommentarfelt på sosiale medium der kronikkar blir delt som han har opplevd å sjå at det kan vere tøft for ein forskar å stå i.

Studentforsking

Erik Johansen har vore fagpolitisk ansvarlig i Studenttinget.

Erik Johansen tok til talarstolen for å seie at master og bachelorgradar som skrivast av studentane er forsking og at studentane sjølv om dei gjerne ikkje alltid er klare over sitt ansvar for å ytre seg. 

Han lurte på kva panelet vil gjere for å styrke studentane si ytringsfridom.

Tjora svara at på sitt institutt rettleier dei for å skape forsking og sjølv om det er avgrensa kan det ligge mykje stolthet i oppgåva og fortel at forskinga gjerne kan bli teke med som bokkapittel eller bli del av forsking som blir gitt ut. 

Korleis står ein eigentleg i stormen?

Ein anna student spurte korleis vi skal ruste vitskapeleg tilsette til å stå i stormen som kan oppstå når dei ytrar seg fritt. Ho meiner NTNU kan ta meir kontroll for å vere støttande, korleis kan organisasjonen påverke og vere støttande til dei vitskapeleg tilsette.

Grande svara at spørsmålet er viktig og komplisert å svare på. Han peika på at opplæring til vitskapeleg tilsette og leiarane deira og at klok leiing bør bety at leiarar kan stille seg bak sine underordna og at ein må bli oppmuntra og lære om korleis ein skal møte motstand og at ein skal arbeide for å ikkje vere usynleg i ordskiftet som ein har vore kritisert for. 

Nøland meiner leiarar har eit kjempeansvar for å rettleie og ikkje refse. Han fortalde om at han har sett at leiarar tek ein intern samtale med den som har publisert noko upopulært og kan støtte. Han sa at å bygge tryggleik og rettleie til å bli betre, ikkje stikke kvarandre i ryggen så fort det blir storm er det viktigaste. 

Tjora meiner dette handlar mykje om fagleg nærmiljø på institutt og støtte frå kollegaar er viktig. 

- Ein-til-ein samtalar om noko som har vore vanskeleg er viktig med til dømes instituttleiarar og at skryt, både til individ men også slik at dei rundt kan observere skryten er viktig, sa Tjora. Professoren meiner ein bør bake inn å lære seg å kritisere sakleg i utdanningane i større grad.

Kritisk til fokus i debatten

Øyvind Eikrem.

Øyvind Eikrem kritiserte det som vart sagt gjennom sofapraten to gonger. Han kjenner seg ikkje igjen i korleis Grande skildrar NTNU og rommet for ytring. Eikrem stilte spørsmål til kvifor NTNU gong på gong havnar i skandalar om ytringsfridom og kvifor ein «held 17.mai talar om institusjonen» og etterlyste meir konkrete planar og at ein burde styrt samtalen over på dei faktiske problema ved universitetet framfor generelle tankar. 

- Alt er ikkje rosande raudt på vår institusjon, sa Grande. Rektoren forklara at han snakka frå eit prinsippielt standpunkt, ikkje at alt er som det skal og at det er mykje som må gjerast. 

Forskarar som trer utanfor fagfeltet sitt

Aurora Flataker stilte spørsmål til kvar grensa går når forskarar bruker forskartittelen sin til å uttale seg om diverse tema.

Tjora svara han kan uttale seg i frå eit perspektiv eller ein teori og har gjort det uttalige gonger. Han fortalde at han gjerne prøver å uttale seg ut i frå det han veit når han får spørsmål som han ikkje ser for seg at nokon har forska på. - 

- Eg snakkar med utgangspunkt i fag, men det treng ikkje vere basert på forsking eg har gjort, sa professoren.

Grande sa at det må vere opp til den enkelte om ein vel å bruke forskartittelen sin eller ikkje. Han avslutta med å seie at debatten blir betre om ein ikkje er så oppteken av grensene på når ein brukar tittelen sin og kva ein uttalar seg om. 

Følg UA på Facebook og Instagram.