gjesteskribentens julespesial

Ett NTNU i førjulstida

Årets siste gjesteskribent reflekterer omkring ulikskap i verda - og om kva for verdiar som sameiner NTNU. Ein av dei er mangfald. Kommentaren hennar tonar ut med eit førjulsdikt som ho første gangen framførte som tiåring.

Sidan vi nå nærmar oss jul og NTNU er lokalisert fleire stadar i landet, så handlar det også om juletradisjonar. Om dette og hint skriv Annik Magerholm Fet i årets siste gjestekommentar.

Publisert Sist oppdatert

I år fekk eg høve til å halde julebordtalen ved Rektors julebord. Det var ei stor ære sidan det er siste jula eg har rolla som viserektor ved NTNU i Ålesund. Etter at eg hadde takka ja, var det ei utfordring å velgje kva tema som høver seg i ein julebordtale.

Fakta

Annik Magerholm Fet

Annik Magerholm Fet er en av UAs seks gjesteskribenter.

Navn: Annik Magerholm Fet.

Utdanning: Fysiker med hovedfag i kjernefysikk, og innehar en PhD i Systems Engineering and environmental life cycle performcane in the ship industry.

Nåværende jobb: Viserektor ved NTNU i Ålesund. Hun er professor innenfor miljøledelse og livsløpsanalyse, og har mange års erfaring med å jobbe med dette ved IØT i Trondheim. Fra neste år fortsetter hun i professorstilling ved Campus Ålesund.

Ein julebordtale er eit godt høve til å få seie nokre gode ord til gode vener og kollegaer, og ikkje minst til vår gode rektor Anne Borg. Etter å ha arbeidd i NTNU i mange år, og før det ved Høgskolen i Ålesund, så har eg lang fartstid i universitets-systemet. Eg har også fartstid frå Fagskolen ved Campus Ålesund heilt sidan 1979. Med berre eit par år i offshore-næringa, så har eg arbeid med utdanning, med forsking og med unge menneske som i dag sit i viktige posisjonar rundt omkring i Noregs land.

Eg besøkte Gløshaugen allereie då eg var i Trondheim på klassetur i 7.klassa på barneskulen. Eg vart fasinert og inspirert av dei flotte bygga, og tenkte at hit skal eg ein gong i framtida. Og slik blei det. Det var i utgangspunktet ganske sprøtt - faren min hadde sagt at eg måtte ta den utdanning han aldri fekk tatt av ulike årsaker. Hans generasjon var unge under krigen og miste den moglegheita. Slik er det også i dag for fleire unge. Eg tenker på at Europa - ja ei heil verd – er i endring. Det er krigen i Ukraina, energikrisa i Europa, flyktningstraumen frå Afrika. Denne veka fekk vi sjå i nyheitene at kvinner i Afghanistan blei møtt av væpna vakter då dei kom til universitetet. Dei er no utestengde frå universitetsutdanning.

Denne veka fekk vi sjå i nyheitene at kvinner i Afghanistan blei møtt av væpna vakter då dei kom til universitetet

Vi veit også at med den nye studieavgifta for studentar frå landa utanfor EØS, så vil gruppa internasjonale studentar minke, det betyr at nokre av studia våre vil få færre studentar, noko som truleg betyr at studieprogramma må justerast. Det betyr også at næringslivet på våre kantar av landet får mindre tilgang til personar med høg kompetanse og internasjonal bakgrunn. Vi har eit internasjonalt næringsliv som skrik etter kompetanse, disse studentane kan vere med å fylle dette gapet. Vi trur at det er god næringspolitikk, god distriktspolitikk og god utdanningspolitikk å ta imot internasjonale studentar. Kanskje meir enn nokon gang er vi avhengige av eit godt internasjonalt samarbeid. Møre og Romsdal er eit fylke der eksportandelen er særdeles høg. Skal vi utdanne gode kandidatar må dei forstå internasjonal handel, internasjonal politikk og internasjonale relasjonar. Dei som har fått høve til å utdanne seg i Noreg, og som drar tilbake til sine heimland, er også ambassadørar for Noreg. Dei tar med seg kunnskap og erfaring som kan bidra til ein demokratisering av landa dei drar til.

Ved NTNU i Ålesund er det mange studentar frå land utanfor Europa, og dei har bidratt til eit internasjonalt miljø. Det same gjeld tilsette. Om vi tar med dei som er i nabobygga våre på Campus Ålesund, så er talet enda større. Mangfaldet hos oss er stort.

NTNU er nå blitt en merkevare i vår region. Eg hugsar første året, i 2017, eg gjekk i 17.maitog i Ålesund under NTNU-fana, og eg høyrde nokon som stod langs ruta som sa «NTNU – kva er det da?». No er det merkevare som vi alle er stolte av. Det har vore utruleg kjekt å vere med på denne reisa som viserektor. Det har vore ei svært god tid å vere ved Campus Ålesund.

Vår rektor Anne har sett tre prioriteringar: «Ett NTNU», Berekraft, og Kvalitet.

Berekraft er eit av disse prioriteringane, og her kan eg snakke lenge, om metodar for korleis analysere og vurdere berekraft i næringslivet, kva «footprint» kan vi berekne for våre aktivitetar, våre produkt og tenester. Dette handlar om miljømessig berekraft i hovudsak, men også om dei sosial dimensjonane, f.eks. gjennom bedrifters samfunnsansvar. Dette er da som eg var inne på tidlegare, det sosiale som handlar om krig og fred og samarbeid. Berekraftsmål nr 4 handlar om retten til kunnskap og utdanning. Igjen så er vi i Noreg i ei særstilling. Berekraft handlar om å sjå og forstå heilheita, eller totaliteten av vår påverknad på samfunnet og miljøet rundt oss. Det handlar også om vår personlege vilje til å tenke på og ta vare på studentar og andre som slit med utanforskap.

Så er det kvalitet. Som nemnt så er NTNU ei merkevare, det betyr også at det er kvalitet, og her må vi berre jobbe på for å behalde dette omdøme. Studentane er stolte over å få NTNU-vitnemål, eg er stolt over å jobbe ved NTNU.

Det siste er «Ett NTNU», og kva betyr det? Betyr det at vi alle tenker på NTNU på same måten, at vi alle skal ha same retningsliner og måtar å jobbe etter? Sidan vi nå nærmar oss jul og NTNU er lokalisert fleire stadar i landet, så handlar det også om juletradisjonar, og er det skilnader på korleis vi førebur oss til jul i desse delane av landet?

Her gjorde eg eit lite studie i førebuinga til juletalen, og her var det skilnader. Eg søkte først på Førjulstradisjonar i Trøndelag. Det første som kom opp var eit bilete av trønderske førjulstradisjonar, og her var det heimsløyd, tre-sleiver og julepynt.

Det var fleire lenker som leia meg vidare til facebook-sida til ein utflytta trønder der det stod: Det var ei triveleg tid før jul. Vi ungane fekk lov til å vere oppe lenge om kveldane og hjelpe til med både baking og vasking. Vi hadde vel ikkje noko vondt av å hjelpe til heller. Ofte var det mykje vi kunne hjelpe til med: juletrehenting, juletrepynting, steiking, vedhogst og å bere inn ved. Men slaktinga var vi veldig imot - og ølbrygging var kunn for dei vaksne. Det var mykje godt som blei laga rundt omkring; blodpølse, leverpølse, leverpostei, kjøtkaker, innmatkaker, mør, sylte osv. osv. Kjenner godlukta enno!

Så skriv han vidare om dei 7 sortane til jul, om det magiske med 7-tallet, og ramser opp ei rekke kakesortar som er vanlege til trøndersk jul, som for eksempel: bakkels (goro), bolstabelsbakkels, goro, kjærringa og kalla (fattigmenn), kromkakstrull, kvennbakkels, monkhatter, rosettbakkels, serinakaker, tykklemse, tynnlemse, tyske skiver, Jessenkak (fra Skogn) osv... . Han skriv vidare: Vi har enormt mykje jul i Noreg og på TRØNDERSK har vi: litj-julaften, jul'akkevitt, julansjos, julbokk, julbrus, julbrygg, juldan, juldram, juldress, julduk, julflæsk, julgalla, julgardina, julgava, julgeit, julgløgg, julgris, julgraut, jul'kryssord, julkveill'n, jul'lokt, julmat, julmeddag, julmårrå, julmusikk, julost, julpøls, julrebb, julsnø, juløl, julølboks, julølflask, julølglas, .... (og sekkert mang te).

Tilsvarande søk vart gjort for Innlandet og Sunnmøre, men der var det ikkje så mykje å finne. På eit av søka på Innlandet stod det: «Slik kommer jeg i julestemning – se Høgskolen i Innlandet», og på eit av søka på Sunnmøre så kom følgande opp: «Vil du komme i julestemning? Planlegg reisa til Bergen, her kan du få ein triveleg og ekte Bergens julehandel». Når eg omsider fant noko som verka freistande, ja då kom eg til eit abonnement der eg måtte betale for å kome vidare til innhaldet. Eigentleg ikkje så spanande å gå vidare på den.

Det var som sagt ei utfordring å finne fellestrekk på noko så enkelt som førjulstradisjonar på tvers av studiebyane. Både i Gjøvik og Ålesund må vi jobbe meir med eigne merkevarer. Når vi no skal inn med nye fellesadministrative tenester under mottoet «Ett NTNU», så kan det hende at der er nokre justeringar som må til for å tilpasse retningslinene til dei kulturelle ulikskapane vi har mellom våre regionar. Mangfald er også eit av måla vi har i NTNU, så nokre ulikskapar bør vi halde fast i sjølv om det er «Ett NTNU».

Eg starta med å vise til ulikskapar i verda, og i denne førjulstida kan det vere på sin plass å avslutte med eit lite dikt som er henta frå ei bok som heiter «Landet og livet – frihetsdikt og andre dikt» utgitt av Andreas Borch Sandsdalen, i 1945. Dette diktet las eg på ein juletrefest når eg var rundt 10 år gamal.

Diktet heter Da er det Jul!

Bestemor !! Når er det jul i år?

Fretter er lyslugget Ole,

Ole er gutt i sin femte vår -

I livets begynnende skole.

Med bestemor svarer: «Vent litt og se»

Enda er det jo sommer

Vent til du ser at det begynner å sne

Da skal jeg si når den kommer

Men Olemann gir seg ikke så lett

Han ønsker bestemt å vite

Bestemor sukker oppgitt og trett –

«at småbarn skjønner så lite»

Det er så lenge til, - Ole - min gutt,

se trærne er nettopp blitt grønne

Vent med å spørre til sommeren er slutt,

da vil du kanskje skjønne

«Da skal vi telle hver dag som går bort,

til Nissen kommer med sekken

Så skal du se at tiden flyr fort –

og julaften kommer på flekken»

Men Ole er ikke ganske fornøyd,

han tier no’n lange sekunder,

Sitter og tenker med nakken sin bøid,

stirrer i gulvet og grunner.

Så hever han nakken og hodet med ett,

han lysner i selvsamme stunden

Smiler til bestemor, smiler så bredt

at tennene lyser i munnen

Og nå må han spørre bestemor sin:

«Bestemor! Du? Når vi synger så glad

alle på jord «Han er Frelseren min»

Bestemor, du - er det julekveld da?

Ja, smiler bestemor – «gullgutten min!»

Hun gir han en kake, en stor en

«Når alle synger om Frelseren sin –

Da blir det jul her på Jorden»

God jul !