gjesteskribenten

Hiv på havet

Marint avfall er blitt eit stort problem. Men plast og gamle fiskegarn kan bli ein ressurs i staden for å være en miljøfare. Sånn kan vi gjere det.

NTNUs oppgåve er å bidra med metodar for å gjere analysar på dei tre pilarane i berekraft – dei økonomiske, miljømessige og sosiale aspekta, skriv Annik Magerholm Fet.
NTNUs oppgåve er å bidra med metodar for å gjere analysar på dei tre pilarane i berekraft – dei økonomiske, miljømessige og sosiale aspekta, skriv Annik Magerholm Fet.
Publisert Sist oppdatert

Dette var tittelen på eit innlegg eg hadde i Gemini i 2016. Den gangen var eg leiar av NTNU sin strategiske satsing på berekraft. Denne satsinga er no snart inne i sitt tiande år. Dei strategiske satsingane er rapportert og evaluert, og vi ventar no med spenning på kva som vil bli dei neste satsingane og kva rolle berekraft vil ha i ei ny ti-årig satsing. Eitt er i alle fall sikkert, berekraft vil ha ein plass på fleire områder.

Fakta

Annik Magerholm Fet

Annik Magerholm Fet

Annik Magerholm Fet er en av UAs seks gjesteskribenter.

Navn: Annik Magerholm Fet.

Utdanning: Fysiker med hovedfag i kjernefysikk, og innehar en PhD i Systems Engineering and environmental life cycle performcane in the ship industry.

Nåværende jobb: Viserektor ved NTNU i Ålesund. Hun er professor innenfor miljøledelse og livsløpsanalyse, og har mange års erfaring med å jobbe med dette ved IØT i Trondheim. Fra neste år fortsetter hun i professorstilling ved Campus Ålesund.

«Marint avfall er blitt eit stort problem. Men plast og gamle fiskegarn kan bli ein ressurs i staden for å være en miljøfare», dette skreiv eg for seks år sidan.

Vi veit alle at marin forsøpling er eit globalt problem. Cirka åtte millionar tonn plastsøppel vert årleg kasta i våre hav og innsjøar. I tillegg til tilgrisa strender og viker, har det også ein dramatisk innverknad på marint dyreliv. Dersom denne trenden held fram, er det anslått at innan 2025 vert det etterlete eitt tonn plast for kvart tredje tonn med fisk vi hentar frå våre havområder.

Ved NTNU i Ålesund har vi arbeidd med fleire prosjekt knytt til dette problemet, her kan vi for eksempel nemne EU-prosjekta «Circular Ocean», «Blue Circual Economy» samt «PlastOPol». I PlastOPol-prosjektet samlar ein inn data for å lage algoritmar for å kunne utvikle ein mobilapp for å kjenne igjen plast i havet. Ein prototype er testa ut, men det står framleis att meir forsking på dette prosjektet. I år er det óg sett i gang prosjekta «MAPLE» og «Sweet Spots» der det er ti stipendiatar som skal forske på ulike problemstillingar knytt til plastproblematikken. Forskingsområda for Sweet Spots skal ha fokus på datainnhenting, problem knytt til mikroplast, livsløpsanalysemetodikk, sirkulære forretningsmodellar og verknaden av åtferdsendring. For MAPLE skal ein sjå på straumar av plast i havet, plast i sedimenta, degradering og sedimentering av mikroplast samt sporing av plast og plastprodukt.

I tillegg har vi prosjektet Circular Chains in Ocean Plastics (CirCOP) som vart lansert på Ocean Week i Ålesund i mai i år. Dette skal også sette fokus på sirkulær økonomi og forretningsmodellar. Dette prosjektet vert støtta med ein ekstra stipendiat frå Møre og Romsdal fylkeskommune og er ein del av satsinga «Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal». Fylket har stilt midlar til disposisjon for til saman seks stipendiatar som skal tilsettast ved dei ulike forskingsinstitusjonane i fylket. Så, her er det no rikeleg med mogelegheiter for studentar som vil arbeide med sirkulær økonomi og gjere ei forskarkarriere knytt til sirkulære system. Overgang til sirkulære system inneber at ein ikkje skal snakke om lineære verdikjeder lenger, men om verdisirklar.

Kva betyr det i praksis? Då kjem vi tilbake til ideen om at plast og gamle fiskegarn kan bli ein ressurs.

Går ein tur langs kysten så er det ikkje langt mellom å finne plast, tauverk og utrangerte fiskegarn i haugar på kaiområdane. I tillegg veit vi at havet også er fullt av det same. Det betyr at det går føre seg eit spøkelsesfiske i mange havområde. Kvifor er det sånn?

Svara er mange og samansette. Med først og fremst så trur eg det handlar om mangelfulle ordningar, f.eks manglande mottaksapparat, og manglande ordningar for å utnytte disse ressursane som tauverket i praksis er. Hensikta er å finne innovative og berekraftige løysningar for å samle inn og utnytte det marine plastavfall. Det neste er å gjere forretning ut av dette, og skape nye arbeidsplassar.

Men korleis kan vi unngå problemet?

Dette vil krevje at ein tar i bruk designmetoder som sikrar at produkta kan resirkulerast, prinsipp som «design for dismantling», og «design for resirkulering» må takast i bruk.

Dagens designmetoder bygger sjeldan på disse prinsippa, derfor ligg det også i våre hamner og viker haugar med garn og plast som snarare er søppel enn ein framtidig ressurs.

Skal vi få eit grønt skifte inn, så må miljøbevisstheita auke. Greier vi i tillegg å tydeleggjere dei store moglegheitene som ligg i resirkulering, er vi på veg mot kjernen i prosjektet CirCOP.

NTNUs oppgåve er å bidra med metodar for å gjere analysar på dei tre pilarane i berekraft – dei økonomiske, miljømessige og sosiale aspekta. Hensikta er å få på plass grunnlagsinformasjon og vidare bruke denne dokumentasjonen til å utgreie ulike berekraftige forretningsmoglegheiter.

Dette er ein del av målsettinga i sirkulærøkonomien og vil gi bidrag til det grøne skifte. Kva kan plasten og garna støypast om til? Skateboard? Rør? Barneleiker? Fiskekasser, regnty eller badeballar? Svara er nok fleire enn det eg har lista opp her. Det viktigaste er kanskje ei haldningsendring der ein reduserer forbruket av materiala i dei produkta ein omgjev seg med.

Torsdag 13. oktober vert det ein workshop om «Sirkulær plastøkonomi i praksis» i Realfagsbygget. Her skal prosjekt som gjort greie for ovanfor, medverke til å legge grunnlag for strategisk planlegging.

Formålet med dagen er å utforme eit nytt program ved NTNU over tre til fem år, som skal tilføre utvalde problemeigarar i både offentlege og private organisasjonar nye idear, kunnskap og kompetanse. Det skal inspirere, motivere og legge til rette for studentar og forskarar frå ulike fagfelt til å samarbeide på tvers av disipliner for å løyse aktuelle utfordringar. Problemstillingane er ofte så samansette at det trengs samarbeid på tvers. I ei tid med stadig nye og meir kompliserte utfordringar, vil nok dei som er gode på samarbeid få nok å bryne seg på. Her er det plass til alle fagfelt.