Høgskoleparken

Biologar lagar nytt liv i Høgskoleparken

- Det kan skje så mykje meir i parken enn det avgrensa antalet aktivitetar ein gjer der no, seier Martijn Vandegehuchte.

Studentar og vitskapeleg tilsette arbeidar i Gløshagen, som dei har døpt den.
Publisert Sist oppdatert

Bente Jenssen Graae og Martijn Vandegehuchte er to av mange komponentar i Det grøne gløs-prosjektet. Målet med prosjektet: Å gjere Høgskoleparken grønare og villare.

- Det kan skje så mykje meir i parken enn det avgrensa antalet aktivitetar ein gjer der no. Det er mest pils og fotball, seier Vandegehuchte.

Dei får støtte av forskings- og utviklingsprogrammet Framtidas campus, som driv med campusutvikling. Graae er nøgd med støtta, men kan ikkje få eigne tilsette til prosjektet. Difor er ho glad for at ein kan setje i gong studentar frå ulike disiplinar med oppgåver der dei arbeidar med prosjektet.

- Det heile starta med ein student som ville sjå på å ta i bruk landmassen som blir gravd bort når ein byggjer vegar med eit ynskje om at dette kunne gjere vegbygging meir bærekraftig. Dette vart slått saman med eit prosjekt om å også flytte biodiversitet. Prosjektet var ein suksess, fortel Graae.

Mål om Høgskoleparken som villare og grønare

Graae og Vandegehuchte ser for seg ein park med eit større mangfald av både aktivitetar ein kan ta føre seg og ikkje minst biologisk mangfald.

Graae fortel vidare at ho håpar prosjekta som ofte er drivne av studentar kan vere pilotprosjekt for større utvikling i parken seinare.

Både tilsette og studentar går straks i gong med å arbeide i grønsakshagen i det vi går ned.

Første stopp på ruta er grønsakshagen studentane har laga til. Tidlegare masterstudent Martine Hennig, stipendiat Lukas Seifert og ein student arbeidar i Gløshagen. Her gror dei ei rekke plantevekstar.

Informasjonsplakat om GløsHagen.

To av studentane bankar ned ein stolpe der informasjonsplakaten på biletet på sida blir stifta fast.

Graae håpar å få hjelp frå studentar ved Institutt for design. Desse håpar ho at kan lage informasjonsplakatar og møblar for å gjere det meir attraktivt å setje i gong aktivitetar i parken.

Høgskoleparken som sosial møteplass av fleire grunnar

Graae og Vandegehuchte er tydelege på at her skal det vere rom for alle, ikkje berre nokre få biologar, men personar frå ulike institutt og naboar, kven som måtte vere interesserte.

- Med Det grøne gløs håpar vi å kunne vise fram det vi driv med til Trondheim. Det er ei moglegheit til å ikkje vere ein lukka del av byen på haugen, fortel Vandegehuchte.

Biologane vandrar mellom prosjekta i Høgskuleparken.

Vandegehuchte og Graae fortel med engasjement om ei rekke idear dei har for Høgskoleparken.

Dei to ser føre seg å få til ting friviljug med hjelp av å skape sosiale hendingar slik at den som måtte ville kan ta turen og hjelpe. Dei to biologane ler litt av sitt eige høge ambisjonsnivå.

I denne skråningen på biletet under som no har mest vill vekst har ein eit prosjekt der ein skal slå dominerande vekstar for å skape rom for at eit større mangfald kan leve der.

Denne skråningen har meir til seg enn det ein ser ved første augekast.

Bak høgresida av treet der plakaten er festa skal dei grave ut ein dam som dei også kan forsøke å skape eit spanande mangfald i. Vandegehuchte håpar å lage brygge i dammen slik at ein kan gå bort og sjå kva som fins der.