Ytring

Litt meir om eventyr og realisme i språkdebatten

Rekkehusnaboen min, Johan Berg Pettersen, har meldt seg på språkdebatten her i avisa. Vi kunne derfor tatt han vidare på plenen som vi deler heime, men eg vil ta nokre punkt her òg.

Sidan eg ikkje er økonom, kan eg tillate meg å seie at kommunikasjon er det minst interessante med språk, skriv Leiv Inge Aa
Publisert

Les Johan Berg Pettersens innlegg her.

  1. Mindre målform-/skriftspråkdiskusjon fører på ingen måte til meir minoritetsspråkdiskusjon. Her rår ingen vektprinsipp. Om det skulle vere eit vektprinsipp, er det at meir språkleg bevisstheit avlar meir språkleg bevisstheit. Bevisstheit om nynorsk avlar derfor bevisstheit om samisk.

  2. Språklova vart vedtatt for to år sidan og gjeld frå 2022. Der er nynorsk og bokmål fastsette som to offisielle norske skriftspråk. Det einaste samnorsktanken har til felles med Per og Pål 20 år etter at Stortinget avslutta samnorskprosjektet formelt i 2002 (etter at det hadde vore reelt daudt i over 40 år før det), er at han høyrer heime i eit eventyr. Då er det meir realistisk at nynorsken held fram med å tape domene, slik kunnskapsministeren òg legg opp til (neste punkt). Ein moderne «samnorsktanke» er derfor lik å hevde den sterkaste (bokmålet) sin rett i praksis. Det blir paradoksalt ut frå det Pettersen elles står for.

  3. Lovverket om lærebøker og læremiddel er fullstendig sovande, så her stiller nynorsk og samisk ganske likt likevel. I praksis får vi ingen nynorske lærebøker der det ikkje er opplæring i det. Opplæringslova dikterer òg at foreldra kan velje hovudmål til ungane sine ut 7. trinn. Også ein vits. Eg har prøvd, men det er fullstendig uråd. Bøkene manglar, og svært få underviser etter læreplanen med dei mengdene ungane skal ha av sidemål lenge før ungdomsskulen. No har Stortinget òg, etter påtrykk frå regjeringspartia, og med støtte frå dei blå-blå, fatta at digitale læremiddel ikkje skal femnast av opplæringslova, så her taper nynorskungar alle kampar.

  4. Eg skulle gjerne lært samisk i skulen sjølv, eg likar språk (men når eg ser den skrantande nynorskundervisinga rundt om, torer eg ikkje tenke på kor ein skulle få undervisingskrefter i dei samiske språka frå, som, slik Pettersen seier, trass alt er endå meir utsette). Men når hordar av nynorskhatarar rundt om i landet seier at dei ville bytt sidemålet med samisk eller meir engelsk eller mora si eller kva som helst, står det lite til truande. Her er tilliten min svært låg. Dei ville uansett funne noko nytt å hate. (Eg veit godt at naboen min ikkje er ein av språkhatarane, men argumentet om å rydde vekk sidemålet for eit anna språk er svært vanleg, og lite truverdig hjå fleirtalet.)

  5. Om mangelen på forståing for språksituasjonen i Noreg: Vel, dette er noko mange forskar på. Språksamfunnet Noreg, med alt det inneber av tala og skrivne språk, blir granska frå alle moglege kantar. Så kan ein alltids etterlyse meir om fleire språk i det offentlege ordskiftet. Det er eg einig i. Men mangel på forståing for språksituasjonen i Noreg er i alle fall ikkje tilfellet hjå dei språkvitarane som har uttala seg i debatten her i Universitetsavisa (Eide, Sunde og Ringstad). Den er derimot påfallande til stades i innlegget til Olaussen som starta denne debatten (men eg har tiltru til at han veit betre enn han spissformulerer). Han har sjølvsagt rett til å meine, som alle andre, men han meiner sterkt, og då er det rart at han toler motbøren frå Sunde og Ringstad så dårleg. Ingen språk- og klimaforskarar skal kome og fortelje korleis det står til med språk og klimaet.

  6. Ein viktig premiss for å forstå språksamfunnet er at språk ikkje berre er kommunikasjon og minste motstands veg. Språk er tenking, kultur, identitet, kamp, makt, noko kollektivt og individuelt og meir til. Dersom ein meiner at dei nesten like målformene er eit argument for å slå dei saman, er det mykje i den norske språkhistoria ein vel å hoppe bukk over.

  7. Sidan eg ikkje er økonom, kan eg tillate meg å seie at kommunikasjon er det minst interessante med språk. Når det gjeld å lage doble eksamenssett, kan eg likevel seie meg einig i at det ikkje er særleg givande isolert sett. Men i den store samanhengen er det viktig. For min del kosar eg meg òg med å skrive bokmål dei gongene eg gjer det. Det er godt arbeid for tanken, så slik sett kunne eg tenke meg å lage eksamenssetta på dansk og svensk òg. Eg gjer mykje anna administrasjonsarbeid som er mindre meiningsfullt enn det.