Ytring

Kva svarar NTNU om språklova?

- NTNU skal kunna skriva både rett og godt på bokmål og nynorsk. Dersom NTNU-leiinga innfører nokre skal-prinsipp for målbruken ved NTNU, er det lett, skriv Erlend Bakke.

Erlend Bakke
Erlend Bakke
Publisert Sist oppdatert

Eg kan ikkje sjå at prorektor Marit Reitan har svartreplikken min til henne i Universitetsavisa 31. mai, og dimed heller ikkje på dette spørsmålet: "Korleis tryggjer [...] NTNU-leiinga at NTNU faktisk oppfyller dei juridiske minstekrava i språklova i 2023 og i alle åra etter, helst med godt mål, det vil seia med meir enn det aller minst venta?"

Det handlar særleg om at NTNU er plikta til å bruka "minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument", slik språklova § 13 formulerer det. NTNU (og Trøndelag fylkeskommune au, forresten) er dessutan omfatta av språklova § 16: "Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her." Det inneber at NTNU (og Trøndelag fylkeskommune …) skal kunna skriva både rett og godt på bokmål og nynorsk; dei to jamstelte skriftmåla i det offentlege.

Som kompetent og ansvarleg kunnskapsinstitusjon borgar dimed NTNU, i kraft av å vera seg sjølv, for å ha vit, dugleik og språkteknologi til å oppfylla minstemålet for nynorsk i språklova, med god margin. Heilt utan vidare. Slik skal det vera i 2023 og kvart år seinare. Det er utruleg einfelt å få til.

Ja, dersom NTNU-leiinga innfører nokre skal-prinsipp for målbruken ved NTNU, er det lett. Nokre tips til skal-prinsipp: 1) All ny offentleg fysisk skilting ved NTNU skal vera på nynorsk. 2) Alt skriftleg tilfang for å rekruttera nye studentar skal annakvart år vera på nynorsk. 3) Rammetekstane (dei faste tekstane) på NTNU-nettsidene for studentar skal vera på nynorsk 4) Alle NTNU-fakulteta skal annakvart år skriva alle nye styrande dokument (styrepapir, årsmeldingar, tiltaksplanar og så bortetter) på nynorsk. 5) Rammetekstane på NTNUs Facebook-konto skal vera på nynorsk, og annankvar kommentar frå NTNU der skal vera på nynorsk.

Kva om det likevel ikkje vert slik; slik det må verta for at nynorsken skal vera godt synleg ved NTNU? Ikkje i 2023 eller 2024? Heller ikkje i 2025? Kjem prorektor Reitan – lat oss seia midt i juni 2025 – til å måtta opplysa at statsinstitusjonen NTNU framleis vantar vitet, dugleiken og språkteknologien som trengst for å kunna skriva på statens eige mål?