Ytring

Prorektor Reitan har sjølvsagt rett til å ytra seg mot prodekan Olaussen

Erlend Bakke stiller spørsmål til kvifor Prorektor Marit Reitan vel å kritisere han, og ikkje prodekan Olaussen.

Språkdebbaten går enda føre seg. I denne ytringa svarar Erlend Bakke, Marit Reitan skreiv som følge av kritikken Bakke har retta mot prorektoren.
Publisert

Universitetsavisa skriv 10. juli i artikkelen «Krev at prorektor trekk tilbake utsegn i språkdebatt: Reitan seier ho ikkje kjem til å be om orsaking» at eg i intervjuet med avisa «kritiserer Marit Reitan for å ikkje ta Språklova [sic] tilstrekkeleg seriøst på vegne [sic] av NTNU.» Det har eg ikkje gjort, for det har eg ikkje grunnlag for å hevda.

Erlend Bakke

Det eg derimot har kritisert prorektor Reitan for, har opphav i utsegna mi frå 22. mai i Universitetsavisa om at brota på språklova og mållova ved NTNU har vore «systematiske, langvarige og omfattande». Reitan hevda i innlegget sitt 24. mai det er «insinuerande» mot NTNU, endå utsegna mi er lett å dokumentera. Den 26. april i år opplyste dessutan avisa Khrono at Språkrådet au nemner desse lovbrota ved NTNU og elles i universitets- og høgskulesektoren som «systematiske».

Likevel var det viktig for prorektor Reitan å døma utsegna mi om «systematiske» lovbrot ved NTNU som insinuerande. Derimot var det ikkje viktig for henne den same dagen i mai å ytra seg mot at prodekan Jon Olaf Olaussen i eit innlegg 12. mai låtteleggjorde reglane for målbruk ved NTNU, og dimed dei språklege retningslinene ved NTNU, som gjeld frå 1. januar 2023. Det er framleis ikkje viktig for henne. Det går fram av utsegnene hennar i intervjuet publisert i Universitetsavisa 10. juli.

Kvifor var det viktig for Reitan å kritisera meg for å seia noko som stemmer? Kvifor er det viktig for Reitan å ikkje kritisera Olaussen; ein leiar ved NTNU som har eit overordna ansvar for at han sjølv og fakultetet han leier, oppfyller dei målbruksreglane han gjer så grundig narr av?

Reitan seier til Universitetsavisa 10. juli dette: «Alle som har sett seg inn i prinsipp om ytringsfridom generelt og akademisk ytringsfridom spesielt ville rekna det som ein skandale om prorektor skulle refsa ein prodekan for å nytta seg av den grunnlovfesta ytringsfridommen sin.» Dersom lesaren set inn «Erlend Bakke» i staden for «ein prodekan» i den setninga, ser ein kor tom ho er, i denne samanhengen.

Eg har jo ikkje bede Reitan om å refsa Olaussen for at han nyttar seg av ytringsfridomen sin, slik ho ser ut til å tru. Eg har kritisert Reitan for at ho ikkje tek til motmæle mot Olaussen, for at ho ikkje ytrar seg mot synspunkta hans, for at ho er tyst om dei.

Med dette reknar eg ordskiftet med NTNU om språklova som nyleg opna.