Ytring

Tenk på eit tal

Kor mange variantar av norsk skal me ha her i landet? Kvar skal me plassera oss på denne tal-lina mellom null og fem millionar? Olaussen seier eitt, eg seier to. I det perspektivet stend me eigentleg nær kvarandre.

Lars Lundheim kjem med det fjerde innlegget i den løpande debatten.
Publisert Sist oppdatert

Intensjonen med mitt ad-absurdum-tilsvar til Jon Olaf Olaussen var ikkje å tilleggja min gode kollega synspunkt han ikkje har. Det var meir meint som ein kritikk av visse debattstilar, til dømes når ein, som hans kollega, avfeiar argumentasjonen rundt kultur, historie, identitet og mangfald som «nedrig, småleg og sjølvoppteken».

Les Jon Olaf Olaussens utløysande gjesteskribent-innlegg her: Framtida bankar på døra, men kven opnar?

Som fortent, fekk eg eit ad-absurdum-svar attende, med scenarioet «Kvar mainn sitt språk». Kor mange variantar av norsk skal me ha her i landet? Kvar skal me plassera oss på denne tal-lina mellom null og fem millionar? Olaussen seier eitt, eg seier to. I det perspektivet stend me eigentleg nær kvarandre.

Eg oppfattar på ingen måte Olaussen som nokon nynorsk-hatar. Eg får inntrykk av at han, i motsetnad til sin kollega med dei nedsetjande adjektiva, ser dei kulturelle verdiane i dei to språka våre. Men, som so mange andre spørsmål, kokar dette òg gjerne ned til økonomi. Kor mykje kan me kosta på oss av kulturelle gode? Mange meiner det er råflott å halda på to språk. Andre, som eg, seier at dette har me råd til. Det har òg vår lovgjevande forsamling hevda sidan 1885.

I sitt fyrste innlegg seier min kollega at ein ikkje treng vera spåmann for å seia at nynorsk ikkje vil få ei ny storheitstid. Eg er ikkje spåmann, og vil ikkje koma med bastante påstandar om framtida. Men ser me attover, ser me at nynorsk aldri har hatt noko storheitstid. Nynorsk har alltid vore eit minoritetsspråk, og alltid under massivt angrep frå representantar for majoriteten. Men lat oss spekulera. Lat oss tenkja oss ein framtidig situasjon der nynorsk fekk ei storheitstid, og der nynorsk vart majoritetsspråket i Noreg. Og lat oss då tenkja oss at enkelte la fram argument for å fjerna minoritetsvarianten fordi bokmål garantert «ikkje ville få ei ny storheitstid». Då, Olaussen, då skal eg lova at eg ville gå på barrikadane for å forsvara språket til Ibsen, Undset og Solstad.

Skal me stogga debatten her, Jon Olaf? Skal me semjast om å vera usamde i denne detaljen, og konsentrera oss om ein felles innsats for å odla det norske språket i ein situasjon der engelsken held på å kvela oss?