Ytring

NTNU skal vel fylgja språklova i 2023?

I staden for at prorektor Reitan gjev prodekan Olaussen ei offentleg skrape for å undergrava dei nye språkpolitiske retningslinene, lurar Reitan på om eg insinuerer noko når eg peikar på lovbrota som NTNU er ansvarleg for.

Dersom Olaussen er symptomatisk for dei NTNU-leiarane han er éin av, veit me hovudårsaka til dei årleg massive brota på mållova og språklova i den offentlege kommunikasjonen frå NTNU, skriv Erlend Bakke.
Publisert

Prorektor Marit Reitan ved NTNU hevdar i Universitetsavisa 24. mai at eg i same avisa 22. mai insinuerer at NTNU saboterer norsk lov medvite, altså at NTNU bryt mållova og språklova med vilje. Reitan skriv at eg «spekulerer i om dette [lovbrotet, min merknad] skuldast at leiinga eigentleg ikkje liker nynorsk.» Det var ikkje det eg gjorde.

Fyrst og fremst heldt eg i røynda fram dette om NTNU: I mange, mange år har NTNU skrive så lite på nynorsk at tidlegare og noverande NTNU-leiarar per definisjon er ansvarlege for systematiske, langvarige og omfattande brot på reglane for offentleg kommunikasjon. Det har høyrt til NTNU-systemet å skriva på bokmål og ikkje på nynorsk. Det er eit faktum.

Det er au eit faktum at Jan Olaf Olaussen – som er professor i samfunnsøkonomi og prodekan for forsking ved Fakultet for økonomi ved NTNU – skriv i Universitetsavisa 12. mai at «krav om prosentar nynorsk og bokmål, det høyrer fortida til.» Den utsegna og mykje anna tankegods som tida har gått frå, set Olaussen fram som prodekan; ein leiar med ansvar for offentleg kommunikasjon ved NTNU.

Poenget mitt var dimed dette: Dersom Olaussen er symptomatisk for dei NTNU-leiarane han er éin av, veit me hovudårsaka til dei årleg massive brota på mållova og språklova i den offentlege kommunikasjonen frå NTNU. Reitan kan ikkje kalla det ein insinuasjon, for Olaussen er jo leiar på nivået under rektoratet. Kvifor er Olaussen då så karvoren at han gjer offentleg narr av dei juridiske reglane om offentleg skriftmålbruk; dei som NTNU nettopp har forplikta seg sterkare til å fylgja? NTNU fekk jo 1. januar 2023 «Språkpolitiske retningslinjer for NTNU», som mellom mykje anna innførde dette prinsippet: «Bruken av dei offisielle skriftspråka skal vere i samsvar med lovverket. Dette inneber særlege tiltak for å styrke kompetansen i og bruken av nynorsk.»

I staden for at prorektor Reitan gjev prodekan Olaussen ei offentleg skrape for å undergrava dei nye språkpolitiske retningslinene, lurar Reitan på om eg insinuerer noko når eg peikar på lovbrota som NTNU er ansvarleg for. Sjølvsagt er det viktig for Reitan å sjå framåt. Det skjønar eg. Difor er det lovande lell at NTNU har innført reglar som skal styrkja bruken av nynorsk. Det er lovande at Reitan seier at NTNU no skal bruka bokmål og nynorsk i tråd med føresegnene i språklova.

Me veit godt at NTNU er den øvste og fremste kunnskapsinstitusjonen i Trøndelag. Då skal det ikkje vera tvil om at NTNU har kompetansen til å skriva på bokmål og nynorsk; dei to jamstelte skriftmåla i den norske staten. Reitan og alle andre skal heilt utan vidare venta at dei norskspråklege som er ansvarlege for å skriva offentlege tekstar ved NTNU, kan skriva godt på bokmål og nynorsk. Kva skal me elles setja føre av lenge og vel utdanna folk på eit statleg universitet? At dei ikkje kan skriva på statens eigne skriftmål?

Spørsmålet er såleis: Korleis tryggjer Reitan og NTNU-leiinga at NTNU faktisk oppfyller dei juridiske minstekrava i språklova i 2023 og i alle åra etter, helst med godt mål, det vil seia med meir enn det aller minst venta?