Arealkrangel på laboratorium:
- Kan sløse store summar

Studentorganisasjonen Revolve står i vegen for eit forskingsprosjekt på laboratoriumet dei held til i. No foreslår professor at studentane kan flytte til naborommet. 

Professor Oddbjørn Bruland meiner dette tomrommet kan romme opp til fleire studentorganisasjonar som liknar på Revolve.
Publisert Sist oppdatert

- Om fakulteta ikkje slår til her kan vi stå ovanfor at vi sløser store summar. Ein må tenke meir langsiktig på plasseringa til Revolve og potensielt andre studentorganisasjonar, seier professor Oddbjørn Bruland ved Institutt for bygg- og miljøteknikk.

Studentorganisasjonen Revolve held for tida til i Vassdraglaboratoriumet på Vassbygget. Samstundes har forskarane som eigentleg brukar området no behov for å sette opp ein konstruksjon der. 

Langs veggen til høgre er det planlagt at ein skal sette opp ei stor renne som ein kan bruke til å gjere avanserte forsøk til prosjekt som er støtta av Forskingsrådet. Den grå "boksen" er arealet Revolve har til disposisjon i dag.

Bruland fryktar at Revolve seinare må flyttast ut fullstendig etter dei gjer den naudsynte ombygginga og har difor utforska moglegheitene for å slå til på eit ledig areal i naborommet til Vassdraglaboratiumet.

Ønsker å flytte studentane

Bruland fortel at han ikkje ønsker å vere til bry for Revolve, som han kallar ein fantastisk studentorganisasjon med flinke studentar.

Denne illustrasjonen syner korleis samlokalisering i det ledige lokalet kunne sett ut for studentorganisasjonane.

- Sidan det var eit behov for plassen som Revolve disponerer no har ei fagruppe eg er del av ved IBM fått teikna opp eit forslag som går ut på å bruke MTP laboratoriet som er i naborommet, fortel Bruland.

 Forslaget gjer at ikkje berre Revolve kan få plass, men også ei rekke andre studentorganisasjonar

Prosjektskildringa for samlokaliseringa vart levert i juni 2022.

Hindringa no i følgje Bruland er at Revolve per dags dato ikkje betalar leige for området dei disponerer, men vil måtte det i naborommet som har stått tomt i lengre tid.

Fakulteta som bestem

Kva som er friareal for organisasjonar som til dømes Revolve er bestemt av fakulteta som eiger eit gitt område. Dette gjer at fakulteta må velge å satse på prosjektet om det skal bli til. Studentorganisasjonane har ikkje naudsynt råd til å betale leige på lik linje med til dømes Sintef som også er gjest på laboratoriumet. 

- Som prosjektskildringa viser er det mykje potensial for synergi mellom ulike studentorganisasjonar om dei kan få vere samla på ein plass. I tillegg er det utstyr på labben dei kunne fått låne. Slik eg ser det kan eit felles areal styrke alle organisasjonane som får plass der, seier Bruland.

Bedrifter som Vortex, Shift Hyperloop og Ascend er aktuelle kandidatar om samlokalisering skjer. 

Revolv sin verkstad

Slik Bruland ser det er det berre eit spørsmål om ein skal drive intern pengeflytting om studentorganisasjonane skal måtte betale i rommet som står tomt. 

Prosjektet som Bruland si gruppe skal halde på med er finansiert av Forskingsrådet.

- Eg er redd for å få ein vanskeleg jobb med å forklare kvar pengane frå forskingsrådet er blitt av om vi ikkje får plassen vi treng, poengtere professoren.

Bruland og to kollegaar tullar med at den 24 meter lange renna som ligg klart skal bli gjort om til spiker om ein skal få noko retur på investeringa med pengane frå Forskingsrådet.  

Har ikkje bestemt seg

Dekan Olav Bolland fotografert ved ein an anledning (2013).

Dekan på Fakultet for Ingeniørvitskap Olav Bolland seier forslaget om samlokalisering for studentorganisasjonane enda ikkje er bestemt og at ein ikkje har rukke å vurdere om det er noko ein skal satse på framover. 

- Sjølv om ein ikkje har kome fram til noko kring forslaget om samlokalisering for studentorganisasjonane så gir fakultetet støtte til Revolve i mange ulike former, og eg har personleg støtta dei ei rekke gonger, fortel dekanen.

Slik ståa er no har ikkje nokon av dei tre fakulteta forslaget kan gjelde for gått til verks med å få til forslaget, men Bolland forsikrar om at forslaget enda er på bordet.

- Økonomien vår er ikkje det den var for fem eller ti år sidan. Evna vår til å gjere utviklingsprosjekt som dette er difor mindre enn før, utdjupar han.

Bolland trekk fram at å byggje eit fellesareal for studentorganisasjonar vil vere enda dyrare enn den ombygginga Revolve no må gjere, men seier at han kan sjå seg sjølv vere positiv til forslaget om økonomien har rom for dette.

Universitetsavisa har nådd ut til Revolve, som ikkje vil kommentere saka. 

Følg UA på Facebook og Instagram.