Mekling i statsoppgjeret held fram på overtid

Riksmeklaren har enno ikkje i hamn ein avtale i statsoppgjeret. Fristen gjekk ut ved midnatt.

Om Riksmeklaren ikkje klarer å forhandla fram ein avtale i statsoppgjeret, kan 639 UiO-tilsette leggja ned arbeidet i løpet av dagen.
Publisert Sist oppdatert

Dersom riksmeklar Mats Ruland ikkje klarer å få til ein avtale mellom partane i statsoppgjeret, vil mellom andre 639 UiO-tilsette gå til streik, skriv Uniforum. Også 2861 andre tilsette på universitet, høgskular, departement og andre statsinstitusjonar vil leggja ned arbeidet, om det ikkje blir ein endeleg avtale mellom staten og fagforeiningane til dei statstilsette. I universitets- og høgskulesektoren vil tilsette bli tatt ut i streik ved desse institusjonane: OsloMet, Høgskulen på Vestlandet NTNU i Trondheim, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Bergen.

Ved NTNU vil 169 medlemar av Forskerforbundet gå ut i streik om meklinga ikkje fører fram.

Forskerforum skriv at ved 5-tida tirsdag morgon var forhandlingane fortsatt i gang i alle dei tre meklingane. Tirsdag formiddag var det ikkje teikn til at partane var i nærleiken av eit utfall. Kommentarane frå riksmeklar Mats Ruland tyder på at det fortsatt er ein god stund før dei ser for seg at meklingane kan ta slutt.

– Det er jævlig vanskeleg. Det er ein vanskelegare no enn tidligare. Det er det vanskelegaste eg har gjort, seier Ruland og legg til at det kan gå mange timar før dei kjem fram til eit resultat, skriv FriFagbevegelse.

Også i kommuneoppgjeret kan det enda med streik, dersom det ikkje blir ein avtale hos Riksmeklaren i løpet av natta eller morgonen. I dette oppgjeret handlar det om lønna til over ein halv million arbeidstakarar i offentleg sektor. Dei er organiserte i LO, YS, Unio eller i Akademikarane.

På UiO vil både NTL, Parat og Unio ta ut medlemar i streik, medan Akademikarane ikkje tar ut UiO-tilsette i første fase.

Parat-leiar Ariel Sevendal stadfesta overfor Uniforum før helga at mange av deira medlemar på UiO vert tatt ut i ein mogleg streik.

– Me tar ut medlemane våre ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og ved Det medisinske fakultetet, med unntak av dei som jobbar med eksamen og ved dyrestallane. Me tar ut ca 90 medlemar, fordelte omtrent likt mellom MN-fakultetet og medisin, opplyste han i ein epost til Uniforum.

LO Stat på si side har gjort det klart at dei vil ta ut 504 av sine NTL-medlemar på UiO i tilfelle streik. Det utgjer om lag halvparten av alle medlemane LO Stat vil ta ut i første fase av ein streik. Leiar for NTL UiO Natalia Zubillaga opplyste til Uniforum i går at dei fordeler seg på blant anna SV, HF, JUS, EA (Eigedomsavdelinga) , LOS, LKIT (lokal IT) og tillitsvalde i NTL. Og tillitsvald Cecilie Wingerei Lilleheil i Forskerforbundet har opplyst til Uniforum at Unio vil ta ut 45 av sine medlemmar i LOS (Sentraladministrasjonen), tillitsvalde og tilsette på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

NRK var i kontakt med riksmeklar Mats Ruland rett før fristen var gått ut ved midnatt omtalte han tonen mellom forhandlingspartane som god.

For Unio stat er så mange medlemar tekne ut ved fem universitet og ein høyskole, skriv Forskerforum:

  • Universitetet i Oslo: 45
  • Oslomet: 78
  • Universitet i Bergen: 95
  • Høyskolen på Vestlandet: 72
  • NTNU: 169
  • Universitet i Stavanger: 58

Også LO stat har varsla at dei vil ta ut medlemar i streik ved UiO, UiS, NTNU og UiT. Kun LO-medlemar ved UiO vil være råka i det første streikeuttaket. Førar meklinga ikkje fram, må 504 medlemar derfra gå ut i streik.