Asheim: Har tillit til UiOs handtering av Kina-senter

Statsråd Henrik Asheim har stor tru på at UiO veit kva det gjer når det inngår samarbeid om å etablera eit senter med Fudan University frå Kina.

Studenter ved Fudan-universitetet i Shanghai på vei til forelesning: UiO har oppretta eit såkalla Fudan-europeisk senter for kinastudier. Henrik Asheim forsvarer tiltaket.
Publisert

Det kjem fram i eit svar til Roy Steffensen (FrP), leiar for Utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget.

Det var den 18. mai UiO og Fudan University i fellesskap sparka i gang Fudan-europeisk senter for kinastudier (FECCS) på Det humanistiske fakultetet på UiO. Etableringa fekk kritikk frå blant andre Kina-ekspert og forskar emeritus Harald Bøckman. I NRK gjekk han hardt ut og meinte senteret ville bli ein reiskap for kinesiske interesser, skriv Uniforum.

Bad statsråden svara om Kina-senter på UiO

Ti dagar etter opninga tok stortingsrepresentant Roy Steffensen (FrP), som også leier Utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget, opp saka i eit skriftleg spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Der viser han til etableringa av det felles senteret på UiO. Og så spør han statsråd Henrik Asheim om det innanfor dette kinesisk-norske samarbeidet er full fridom til å ta opp Kina-kritiske tema, og om den akademiske fridomen og prinsippa i Universitets- og høgskulelova gjeld fullt ut på det senteret.

Svaret frå Henrik Asheim kom to veker seinare, den 9. juni. Der uttrykkjer han full tillit til at både institusjonane, forskarane og studentane vil ta vare på desse verdiane også i møte med kinesiske partnarar.

– Eg har stor tru på at institusjonane våre– og enkeltforskarar og studentar – er opptatt av å ivareta dei verdiane og prinsippa me set høgt i Noreg på ein god måte også i møtet med kinesiske partnarar, understrekar Henrik Asheim.

Reknar med at UiO har gjort grundige vurderingar

Han går også konkret inn på avtalen UiO har med det Shanghai-baserte Fudan University.

- Universitetet i Oslo (UiO) har lang og brei erfaring med Kina-samarbeid, og kan visa til fagmiljø med solid kompetanse om kinesiske forhold. Avtalen som er inngått om Fudan European Center for China Studies (FECCS) skjer på bakgrunn av eit langvarig samarbeid med Fudan-universitetet i Shanghai, trekkjer han fram.

Og han reknar også med at UiO har gjort undersøkingar før det blei bestemt å leggja eit slikt senter til Det humanistiske fakultetet på UiO.

– Eg legg derfor til grunn at UiO har føretatt grundige vurderingar og kunnskapsbaserte avvegingar av både de moglegheiter og dilemma eit slikt samarbeid inneber, inkludert utfordringar knytte til akademisk fridom, seier Henrik Asheim i svaret til Roy Steffensen.

Har skrive under avtalar om akademisk fridom

Han viser også til at Noreg har skrive under fleire avtalar om akademisk fridom som til dømes The Bonn Declaration on Freedom of Scientific Research. Samtidig peikar han på at i Noreg står institusjonane fritt til sjølve å velja kven dei vil samarbeida med.

- I samsvar med etablerte prinsipp om akademisk fridom og institusjonelt sjølvstende er det opp til norske universitet og høgskular sjølve å velja kven dei ynskjer å inngå samarbeid med, og om kva tema. Dersom me skal få til eit langsiktig samarbeid av høg kvalitet på prioriterte område er det avgjerande at det tar utgangspunkt i institusjonane sine eigne planar og strategiar for internasjonalisering og kvalitetsutvikling, svarar Henrik Asheim.

Forskings- og høgare utdanningsministeren trekkjer også fram endringar i Panorama-strategien som også understrekar kor viktig det er med kjerneverdiar i eit samarbeid med desse partnarane.

- Ynskjer open debatt velkomen

- I Panorama-strategien (2021-2027) har regjeringa introdusert "ansvarlighet" som eit grunnleggjande prinsipp for akademisk samarbeid, på linje med etablerte prinsipp som kvalitet, relevans, gjensidigheit og langsiktigheit. Dette viser blant anna til korleis etablerte verdiar og normer for samarbeid og nasjonale interesser i brei forstand kan takast vare på på ein god måte. Som forskings- og høgare utdanningsminister ynskjer eg derfor ein open debatt om desse tema velkommen, både på universiteta og i det offentlege for øvrig, understrekar han.

Har oppretta møteplass med Kina

Henrik Asheim meiner også at styresmaktene kan bidra til auka kunnskap og medvit om slike spørsmål ved å leggja til rette for deling av kunnskap og informasjon om forhold som påverkar samarbeidet med Kina. – Derfor oppretta Kunnskapsdepartementet i fjor eit eige Rundebord for akademisk samarbeid med Kina. Dette er ein fast møteplass retta mot strategisk leiing ved dei høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane våre. I tillegg har me bede Forskingsrådet og Diku om å etablera tilsvarande møteplassar for dei som jobber meir praktisk med å leggja til rette for konkret samarbeid ved institusjonane, fortel han.

Og det er også eit formål med desse tiltaka.

– Målet med desse initiativa er å bidra til auka Kina-kompetanse i sektoren og gjera norske kunnskapsmiljø best mogleg rusta til å møta offensive kinesiske partnarar, går det fram av svaret frå statsråd Henrik Asheim (H) til stortingsrepresentant Roy Steffensen (FrP).

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.