Njord Challenge

Stakk av med sigeren i banebrytande internasjonal konkurranse: - Rein glede!

Mandag til torsdag denne veka har Njord Challenge pågått på Havet Arena i Trondheim. Konkurransen er den første av sitt slag.

Det tyrkiske laget, ITU Autobee, gjorde det best i dei ulike oppgåvene og vart kåra som vinnarar torsdag kveld.
Publisert Sist oppdatert
Fakta

Litt om Njord Challenge 2023

Laga som deltok var:

  • Arcturus (USA)
  • Técnico Solar Boat (Portugal)
  • Vortex (Noreg)
  • Autobee (Tyrkia)
  • StrathVoyager (Skottland)
  • Aritra (India)
  • Navier (Noreg)

Blant sponsorane finn vi Kongsberg Discovery, Maritime Robotics, Sjøfartsdirektoratet.

Denne veka har Njord Challenge gått føre seg. Sju lag deltok i konkurransen for sjølbygde autonome skip, og gjekk gjennom oppgåver som manøvrering, dokking og ei der ein skulle unngå kollisjon med eit anna skip.

Tyrkisk siger

Den sterke prestasjonen til Autobee frå Istanbul tenkniske universitet (ITU) leidde til at gjengen fekk gleda av å stå med ein stor sjekk i hendene seinare på kvelden, og kan reise tilbake til ITU som vinnarar.

Autobee gjorde det bra kvar dag og låg i tet rett bak det portugisiske laget på den siste dagen. Under den siste køyringa til det tyrkiske laget gjekk det også svært bra. 

Vinnarane vart omtalt som «underdogs» av fleire som var tilstade. Leiaren for laget deira, Fuat Peri, seier at det har vore heilt fantastisk å sjå det unge laget hans fryde seg over suksessen dei nådde.

- Fleire på laget har aldri vore utanfor Tyrkia eingong, det har vore ei rein glede å få kome hit og delta, seier Peri. 

Det er mykje avansert teknologi, men eit skip si radiostyring gjekk via ein Playstation-kontroll.

Peri seier at det har vore kjekt å ha eit godt internasjonalt samarbeid under konkurransen. 

- Med deltakarar frå ulike land som slit med ulike problem for tida, har det vore kjekt med eit internasjonalt samarbeid der vi gløymer alle problema som fins i verda, seier han. 

Han fortel at han og teamet er vand med å vere lenge oppe for å arbeide på skipet, og har gjort det i mange månadar. I Trondheim har derimot nokre av deltakarane vore ute på byen, og Peri fortel at når alkohol kjem inn i blandinga har han ikkje sjangs. 

- Eg er svært sliten. Eg trur det må vere noko med kulda som gjer at de nordmenn får til dette. Vi klarer ikkje å vere ute på byen til langt på natt og så stå opp mellom klokka seks og sju. 

Komplikasjonar for NTNU sitt eige bidrag

Vortex, som deltok i konkurransen som det einaste laget frå NTNU, var ikkje tilstade den siste dagen i konkurransen etter å ha hatt ei rekke problem i dagane før. 

Mannen bak Njord Challenge i år, Frithjof Bugge.

Morten Breivik, mentor i konkurransen og førsteamanuensis ved Institutt for teknisk kybernetikk, fortel at Vortex hadde problem med propellane på skipet sitt. Det harde veret onsdag hadde ført til vidare utfordringar for Vortex. 

Dei andre laga haldt fram med å finne løysingar på sine problem som dukka opp, og stod på. 

- Det har vore svært lange dagar med lite søvn, fortel Frithjof Bugge, leiaren for Njord Challenge. 

«Ship happens»

Både Bugge og Breivik fortel at dei i forkant trudde Arcturus frå Massachussetts institute of technology (MIT) kom til å dominere.

- Fagmiljøet der er leiande på verdsbasis, seier Breivik.

Breivik er svært stolt over gjengen i Njord Challenge, og er glad for å sjå at konkurransen ikkje var bestemt i forkant likevel. 

- Her kan kva som helst skje, og det har gjort det veldig kjekt å sjå at det ikkje var ein forhandsbestemt konkurranse. 

MIT Arcturus med skipet «ship happens», leidd av Audrey Chen.

Det amerikanske skipet, døypt «ship happens», var utvilsamt det største og tyngste, og krav at ein hadde kran til å løfte det opp frå vatnet. Mange av dei andre skipa vart køyrd til ei brygge og plukka opp av laget som stod bak. 

Leiaren for laget frå MIT, Audrey Chen, fortel at dei tykkjer det har vore svært kjekt å delta i konkurransen trass i at dei ikkje har leidd han an.

-  Vi har ikkje delteke i nokon internasjonal konkurranse i utlandet før, og det har vore veldig kult å ta turen. Vi har blitt teke med på Samfundet, og tykkjer det var svært kjekt å sjå Trondheim, fortel Chen entusiastisk.

Store overraskingar 

Under forsøka til MiT torsdag fekk dei problem, og dei hadde ikkje gjort det så bra dei andre dagane heller. 

- Då skipet vart heisa opp i etterkant av forsøka våre viste det seg at ein plastikkpose hadde festa seg i den eine propellen på skipet, seier Chen.

Den store overraskinga i konkurransen var korleis det portugisiske laget presterte. Laget frå Lisboa heiter Technico Solar Boat, og Frithjof Bugge fortel at dei har mest ekspertise på å lage energieffektive skip som til dømes er drivne av energi frå solcellepanel eller hydrogen. 

Morten Breivik ved Institutt for teknisk kybernetikk.

- Så vidt vi visste har dei ikkje laga autonome skip tidlegare, og dei har rett og slett imponert stort, seier Breivik. 

På onsdag formiddag låg portugisarane på første plass. 

- Dei har vald ei enkel løysing og køyrer sakte, det har vist seg å vore det beste. 

Utfordrande å få til konkurransen

Frithjof Bugge er svært nøgd med utfallet til konkurransen.

- Det som gjer Njord Challenge heilt unik er at det er den einaste konkurransen på feltet som er driven av studentar på frivillig basis i heile verda, seier han. 

Bugge fortel at det var ein slags høna-og-egget-situasjon for å få med lag, for ingen kunne love å stille utan sponsorar. Samstundes var det vanskeleg å få tak i sponsorar utan påmelde lag. 

Morten Breivik seier at i andre tilfelle er det bedrifter som konkurrer mot kvarandre, og han er svært imponert over at gjengen i Njord Challenge har fått studentar frå seks ulike land til å konkurrere. 

- Det er spanande at studentar får i gong dette. Det viser alt studentfrivilligheita i Trondheim klarer å få til, seier Breivik.

- Vi på instituttet er utruleg imponert over kva dei har fått til, legg han til.

Ole Andreas Alsos ved Institutt for design

Ole Andreas Alsos er førsteamanuensis ved Institutt for design, og tykkjer det er svært positivt å få samarbeide på tvers av fakultet.

Han har vore involvert i det som kallast automasjonstransparans i si rolle som mentor i Njord Challenge.

- Dette går ut på at publikum som ser på autonome skip skal kunne forstå kva fartøyet tenkjer og gjer. Intensjonen skal vere synleg for tilskodarane, forklarar han.